14. november 2017

Omtale: Beretningen om Jon Bentsson av Vera Henriksen

Aschehoug 2004
843 sider
Papirbok lånt privat

Beretningen om Jon Bentsson er ein dobbeltroman; Klangen av en lutt frå 2001 og Ildens sang som kom ut fyrste gong i 2002. Forteljinga er framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonsson (Trollsteinen, Pilegrimsferd, BlåbreenStaupet og Skjærsildsom eg med stor glede gjenlas tidlegare i år.

Henriksen tek føre seg den same tematikken i begge desse store bokverka. Det handlar kort sagt om sosiale og religiøse motsetningar i tida etter reformasjonen og dei konsekvensane det hadde for samfunnet og for enkeltmenneske.

Men medan eg storkosa meg gjennom den fyrste bokserien, vart dette ei heilt anna leseoppleving. Misforstå meg ikkje - det er Vera Henriksen det er snakk om her, så boka er sjølvsagt ikkje dårleg - men ho er tidvis veldig tung og treg. Eg skal prøva å gjera greie for kvifor eg ga Beretningen om Bent Jonsson (heretter kalla Bent-bøkene) terningkast 6 og Beretningen om Jon Bentsson (heretter kalla Jon-bøkene) "berre" terningkast 4.

Opplevinga av at Jon-bøkene er tungt lesestoff skuldast fyrst og fremst at dei historiske detaljane er så overveldande. For Vera Henriksen var det svært viktig at fakta rundt historiske hendingar, personar og stader var så korrekte som muleg. Det er jo egentleg positivt, men tidvis i desse bøkene har dei historiske opplysningane og kjeldematerialet fått for stor plass. Det har rett og slett gått på bekostning av sjølve historia. I Bent-bøkene balanserte forfattaren fint mellom det menneskelege, det dramatiske og det historiske. I Jon-bøkene er det etter mi meining for mykje faktainformasjon. For å sei det litt fleipete: Hadde Vera Henriksen så uendeleg med bakgrunnsstoff frå Bent-bøkene at ho prøvde å skvisa inn mest muleg av dette inn i Jon-bøkene?

Eg har brukt to månader på lesinga av denne siste boka, noko som er uvanleg lenge. Av dei vel 840 sidene er omlag 100 sider forklaringar, kjeldehenvisingar og andre opplysningar frå forfattaren. Det er altså enno meir informasjon å henta for den som måtte ha interesse for det..

Handlinga er lagt til byrjinga av 1600-talet; ei uroleg tid der den katolske kyrkja kjempa hardt mot protestantismen. Ei gruppe som var sterkt engasjert i motreformasjonen var jesuittane. Hovudperson i Klangen av en lutt og Ildens sang er jesuitten Jon. Han er dessutan luttspelar, teolog og spion.

Faren Bent er blitt ein gammal mann når Jon vender tilbake til Lom etter 25 år. Han har sett og opplevd mykje rundt omkring i Europa. Han er på flukt og fryktar at han er forfølgd av mektige og farlege motstandarar, men får etter kvart slått seg til ro. Jon fortel om det han har opplevd på vandringane sine til far sin og syster si - og det er nettopp Jon sine opplevingar som tek mest plass i boka. Jon skjulte spionasjeoppdraga sine ved å ta musikaroppdrag rundt omkring i fleire fyrste- og kongehus. Slik fekk han eit omfattande kontaktnett - men ikkje alle var til å stola på.

Parallelt får ein vita kva som skjer i lokalsamfunnet og i familien, forholdet mellom far og son og etter ei tid; forholdet mellom Jon og den unge enka Hilde. Dette med giftarmål vert problematisk i og med at Jon egentleg er bunden til ordensløfter om lydigheit og sølibati. Som jesuitt og katolsk prest kan han ikkje inngå ekteskap, men heime på Lom må han halda den katolske delen av livet sitt hemmeleg. Kva vert konsekvensane for han sjølv og ein eventuell familie med tanke på det omflakkande og utfordrande livet han har levd? Kjem Jon til å bryta med dei prinsippa som han alltid har stått for og trudd på? Kan han starta på nytt og leva eit enkelt og vanleg liv? Slik han ser det har han alt gjort seg skuldig i fleire dødssynder - og han har sett grusomme hendingar som heksebrenning og tortur, noko som har gjort han til ein tvilar.

Slik kan innhaldet i Jon-bøkene samanfattast, men det handlar om mykje mykje meir. Skildringane av 1600-talets Europa og menneska som levde den gongen er interessant å lesa om, men som sagt over; det er veldig detaljert, omfattande og overveldande. Persongalleriet er så rikt at det kjennest uoverkommeleg, enkelte personar (som hovudpersonen sjølv) er fiktive, men veldig mange er historiske.

Det eg tykte var spesielt fint med Bent-bøkene var det tidlause og det allmenngyldige i forteljinga. Desse aspekta er mindre til stades i Jon-bøkene. Mine tidlegare svært positive leseopplevingar med Vera Henriksen sine historiske romanar gjorde at forventningane mine var skyhøge i høve Jon-bøkene. Vurderinga mi avspeglar at desse forventningane ikkje vart innfridde fullt ut.

Eg likar forteljarmåten og komposisjonen og er glad for at eg omsider fekk lest forteljinga om Jon - og at eg fekk vita korleis det gjekk med Bent og dei andre i familien.

Avslutninga er litt spesiell sidan forfattaren "blandar seg inn" i romanen og presenterer to alternativ for lesaren. Det eine alternativet er at Jon slår seg til ro i Lom for all framtid. Det andre alternativet er at Jon etter ei opprivande hending reiser tilbake til det katolske Sør-Europa for å ta eit oppgjer med fortida. Dette alternativet er dramatisk - og djupt tragisk.

9. november 2017

Favorittforfattarar: L

Foto: Cappelen Damm

Lars Kepler

Svensk forfattarpar, pseudonym for Alexandra Coelho Ahndoril (f.1966) og Alexander Ahndoril (f. 1967)

Kvar for seg hadde ekteparet Ahndoril skrive fleire romanar og teaterstykke før dei slo seg saman og ga ut Hypnotisøren, ein særdeles mørk, brutal og adrenalinspennande krimthriller. Den fyrste boka om Joona Linna var omdiskutert, men like fullt ein enorm suksess. Paret har skrive ytterlegare fem bøker i serien samt ein frittståande thriller som Lars Kepler.

Eg har hatt store leseopplevingar med alle bøkene i Joona Linna-serien; Hypnotisøren, Paganinikontrakten, Ildvitnet, Sandmannen, Stalker og Kaninjegeren, - så Lars Kepler er ein (dvs. to) av mine desiderte favorittar.

nettsida si fortel forfattarane om bakgrunnen til namnet Lars Kepler. Lars er ein hyllest til Stieg Larsson og Kepler kjem frå den tyske vitenskapsmannen Johannes Kepler.


Foto: Gyldendal

Levi Henriksen

Norsk forfattar f. 1964.

Romandebuterte i 2004 med Snø vil falle over snø som har falt. Den boka fekk gode kritikkar, mange lesarar og vart tildelt bokhandlerprisen. Her vert me introdusert for den fiktive bygda Skogli for fyrste gong. På forfattaren si nettside er det høve til å bla i boka.

Ein finn visse særtrekk i Henriksen sine bøker; den sorgmuntre melankolien, den lune humoren, dei spesielle karakterane og den slentrande stilen. Eg tykkjer denne stilen er både sjarmerande og befriande. Henriksen er god på å få fram kontrastar; han skildrar det finurlege og det naive, det tragiske og det latterlege. Julenovellene til Levi Henriksen er spesielt leseverdige, tykkjer eg.

Henriksen er aktuell denne hausten med den biografiske romanen Her hos de levende. Her viser han ei mørkare side av seg sjølv enn det han har synt før.

Levi Henriksen er også kjend som musikar og låtskrivar. Bandet hans Babylon Badlands er kalla opp etter ein av Henriksen sine romanar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre forfattarar på bokstaven L som eg likar er Liza Marklund, Leif GW Persson, Lars Mæhle og Lene Kaaberbøl.

Favorittforfattarar etter alfabetet

7. november 2017

Kort om: Seks historier av Matt Wesolowski

Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:16
Lytteeksemplar

Seks historier er ein heller tradisjonell whodonnit-krim - i ein moderne innpakning. Boka er lagt opp som ein podcast og er ganske sikkert inspirert av det populære "true crime"-showet Serial.

15 år gamle Tom Jeffries forsvinn medan han deltek på ei utflukt saman med ei gruppe ungdommar i 1996. Fyrst året etter vert liket av guten funne i eit myrlendt og naturskjønt villmarksområde i Nord-England. Tjue år etter dette igjen prøver ein journalist å bruka podcasten sin for å grava i saka. Gjennom seks intervju med seks ulike personar prøver han å finna ut kva som verkeleg skjedde den gongen guten døydde.

Var det ei ulykke? Vart han drept? Tok han sitt eige liv?

Det handlar mykje om korleis dynamikken i ungdomsgruppa endrar seg når gruppa får eit nytt medlem. Den nye deltakaren - Tom Jeffries - viser seg å vera ein skikkeleg drittsekk. Det er truleg fleire som kan ha hatt motiv for å rydda han or vegen.

Måten historia er fortalt på er interessant og forfriskande original, men eg tykkjer sjølve krimgåta er kjedeleg. Det går uendeleg sakte sidan den same historia, med berre bittesmå variantar, vert fortalt fleire gonger. I tillegg gjentek hovudforteljaren og podcastjournalisten det meste mellom intervjua av dei seks. Det kan vera greit med oppklaringar undervegs, men her finst unødvendige overforklaringar og gjentakingar.

Forsvinningssaka/dødsfallet vert også knytta opp mot gamle segner og eventyr om spøkelsar, uhyre og monster. Desse innslaga skal sikkert gjera historia skummel og spennande, men for meg vart det motsatt; å blanda inn slike "overnaturlege" element i forteljinga er berre irriterande og dumt. Den desidert mest engasjerande delen var siste "episode" og det som der blir avslørt. Her kjem ei vending som snur mykje av det som inntil då var blitt fortalt fullstendig på hovudet. Eg likte dette grepet - men i og med at eg var kommen så langt i lyttinga vart det for seint.

Ei bok som kjeda meg nesten heile tida fortener ingen toppkarakter. Avslutninga var likevel såpass stilig at det "reddar" eit terningkast 3.

For å avspegla at dette liksom er ein podkast, er det brukt fleire ulike opplesarar av lydboka. Slik får ein verkeleg fram mangfaldet av perspektiv og forteljarstemmer. Halvveges lydbok og halvveges radioteater på ein måte - og det fungerer ganske greit.

Eg registrerer at Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet gir Seks historier terningkast 4. Artikkelen er bak betalingsmur så eg har ikkje lest grunngjevinga hans; men overskrifta lyder "Den kommende filmen blir nok bedre enn boka" - og det kan eg vera enig i. Med den rette regissøren, dei rette skodespelarane og dei rette effektane kan nok dette bli ein OK film.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verdenBentebingElise-CathrinMy Criminal MindTine sin blogg - som alle likar boka betre enn meg..

2. november 2017

Bokomtale: Glasshjerte av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2017
416 sider

Papirbok lånt privat

Glasshjerte er ein psykokrimthriller som er spennande på fleire plan. Alt frå fyrste side skjønnar ein at dette kjem til å bli ei nervepirrande lesestund. Boka byr på det som kan kallast indre psykologisk spenning og i tillegg; ytre konkret spenning.

Det er ikkje utan grunn at Damhaug er blitt tildelt Rivertonprisen - to gonger. Han er ein stilsikker forfattar som flettar dei enkelte forteljarstemmene elegant saman slik at lesaren får akkurat passe med informasjon til einkvar tid. På det viset vert spenninga og intensiteten halden oppe - og det gjer boka til ein sidevendar.

Når det er sagt: Eg tykkjer likevel ikkje at Glasshjerte er like god som fjorårets En femte årstid eller dei tidlegare Ildmannen og Se meg Medusa. Etter mi meining har alle desse bøkene enno meir nerve, driv og snert - og framfor alt; betre avslutningar. Så har du ikkje lest dei enno; løp og lån! - og få gode og stemningsfulle leseopplevingar.

Tilbake til Glasshjerte - der me altså møter fleire forteljarar. Den mest sentrale er 19-åringen Mikkel som hamnar oppi eit mareritt når kusina hans Amina vert funnen voldtatt og drept - og han sjølv vert mistenkt for å ha noko med saka å gjera. Lesaren skjønnar at dette umuleg kan stemma, men Mikkel har sine grunnar til å ikkje fortelja alt han veit og har sett. Han møter opptil fleire dilemma når han vil beskytta dei han bryr seg om. Det gjeld både mora, faren, den psykisk utviklingshemma broren Robin og den nye kjæresten Inga.

Me får óg følgja saka frå Inga sitt perspektiv der ho driv med ei alternativ og velmeinande etterforsking i reine Frøken Detektiv-stil. Mikkel sin forsvarar, ein advokat med dødsangst og helseangst, er ein annan interessant karakter. Det same er eks-advokaten Rivers som vert hyra inn som ein slags konsulent i saka. Denne Rivers har sona åtte år i fengsel for eit drap han ikkje kan hugsa å ha begått. (Og akkurat her steilar eg litt - fordi eg har lest fleire bøker i det siste der dette med hukommelsetap er eit sentralt poeng..)

Av bikarakterar kan nemnast drapsofferet sin muslimske familie, eit mystisk nabopar, Mikkel sine kunstnarforeldre og særleg; den mystiske jenta Boel som Mikkel har - eller har hatt - eit heilt spesielt forhold til. Det er i det heile mange personar og hendingar å halda styr på i denne boka, men Damhaug har ei stødig hand over dei fleste og det meste.

I psykologisk thriller-sjangeren er miljøskildringane spesielt viktige. Handlinga i Glasshjerte er lagt til månaden november - og dermed alt det denne månaden byr på av mørke, kulde og tåke. Legg så til eit mystisk vatn, ein dyster kyrkjegard og ein skummel skog - og du skjønnar at kulissane er ganske så "perfekte". Damhaug dreg ikkje dette altfor langt - han berre antydar og skildrar ganske vagt, - og så vert det lagt til lesaren sin fantasi å gjera det uhyggeleg.

Etter kvart skal også fleire av personane me har møtt syna seg frå ei heller uhyggeleg side. Personskildingane er svært gode og karakterane framstår difor som ekte og truverdige. Det same gjeld dialogane; dei er naturlege og truverdige og bidreg til å gjera personane enno meir levande. Eg er òg imponert over måten Damhaug framstiller Mikkel sin tilbakeståande bror og korleis han får formidla kjenslene hans. Robin manglar nemleg eit forståeleg språk - han berre gjentek det som vert sagt rundt han og til han. Når det etter kvart blir klart at Robin må ha vore vitne til at Amina vart drept, vert det utfordrande for etterforskarar og familie å tyda kva Robin veit.

Glasshjerte er ein gjennomarbeida og velskriven roman av høg kvalitet. Eg tykkjer forteljinga dett litt saman avslutningsvis, men meiner óg at dette ikkje har altfor stor betydning for leseopplevinga samla sett.
Boka handlar om det som blir sagt og alt det som ikkje blir sagt, om misforståingar og mistydingar, om lojalitet og illojalitet, om tiltru og mistru. Det handlar om unge menneske som strevar med å finna sin plass i samfunnet og framfor alt handlar det om å ikkje sjå kva som er i ferd med å skje - ikkje eingong når teikna er ganske tydelege.
Glasshjerte er perfekt lesestoff til dei mørke novemberkveldane som no ligg framfor oss.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Boksnakk

31. oktober 2017

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Roy Jacobsen - Rigels øyne - Norsk roman - eBokBib
Bruce Springsteen - Born to run - Sjølvbiografi - Storytel

Lest i oktober:
Rune Timberlid - Blodhemn - Norsk krim - Papirbok, meldareksemplar
Tore Renberg - Skada gods - Norsk roman - Lytteeksemplar
Torkil Damhaug - Glasshjerte - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Noah Hawley - De som faller - Amerikansk krim - Lånt lydbok biblioteket

Påbyrja i september, fullførast i november:
Vera Henriksen - Beretningen om Jon Bentsson: Klangen av en lutt/ Ildens sang - Historisk roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ann Cleeves - Blått lyn - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Matt Wesolowski - Seks historier - Britisk krim - Lytteeksemplar



  • 2 papir, 3 lyd, 1 ebok 
  • 3 lånt, 1 abonnement, 2 fått 
  • 3 krim, 2 romanar, 1 biografi 
  • 4 norske, 2 amerikanske 
  • 0 kvinner, 6 menn 
  • "Nye" forfattarar: Springsteen, Hawley 

I tillegg til dei seks fullførte bøkene har eg lest omlag halvparten av Vera Henriksen sin dobbeltroman i oktober. Beretningen om Jon Bentson er overraskande tung og treg. Det er skuffande, for eg hadde så høge forventningar til den.

Månadens høgdepunkt vart Skada gods og Tore Renberg si entusiastiske opplesing av si eiga bok.

29. oktober 2017

Kort om: De som faller av Noah Hawley

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13:31
Kjelde: Lånt på biblioteket

I vår kom det ut to bøker som handlar om flystyrt: Den eine Etter styrten las eg for ei tid tilbake og den andre De som faller no nyleg. For ein person som ikkje er altfor glad i å fly er det ikkje så morosamt å lesa om fly som ramlar ned - så eg ville ikkje lesa bøkene rett etter kvarandre.
Likevel - eg likte begge. Dei er heilt ulike i form og innhald, men begge er innan spenningssjangeren og begge har altså ei flyulykke som utgangspunkt for handlinga.

I Etter styrten overlever (kanskje) ein person, i De som faller er det to personar som bergar livet. Sistnemnde bok har tittelen Before the fall på originalspråket - og den tittelen passar betre til innhaldet. Mykje av det som vert fortalt foregår nettopp før fallet/flystyrten.

Det nemnde flyet er ein privatjet tilhøyrande ein svært rik familie. Ein tåkete kveld skal familien på fire fly heim frå Martha's Vineyard til New York. Vertskapet har invitert med seg kunstnaren Scott og eit vennepar til å bli med på turen. Ombord er også tre besetningsmedlemer og ein livvakt. Etter 18 minuttars flyging skjer det fatale: Flyet styrtar i havet. Berre Scott og ein fire år gammal gut kjem frå ulykka i live. Scott må symja 16 kilometer - med hjernerystelse, skulder ut av ledd og med fireåringen på ryggen, i storm, i mørket. Utruleg? Jepp. Og såpass heltemodig at Scott, mot sin vilje, blir ein mediasensasjon.

Handlinga i boka vekslar så mellom Scott sine opplevingar i etterkant av ulykka (og redninga) samt det som var opptakten til hendinga. Me får kvar og ein av dei som oppheldt seg i flyet sine livshistoriar, korleis dei møttest og kva dei sa og gjorde på den korte tida flyturen varte. Alt dette er forsåvidt interessant, men når ein får så mange perspektiv vert det litt rotete og gjentakande - og det går ut over framdrifta av forteljinga. At hovudpersonen har hukommelsetap er på sett og vis eit velkjent og utbrukt forteljargrep.

Det sentrale spørsmålet i boka er korleis flyulykka kunne skje; om det var teknisk feil, menneskeleg svikt, sabotasje eller andre ting. Etter kvart lanserer enkelte media konspiratoriske teoriar om at Scott, som overlevande, må ha hatt ein finger med i spelet. Sidan han ikkje hugsar noko om det som skjedde er det vanskeleg for han å argumentera imot. Svaret på gåta vert å finna når den svarte boksen og taleregistratoren vert funnen.

Ifølge marknadsføringa er De som faller ein intens thriller. Tja til det. Eg tykkjer ikkje det er så himla intenst - men eg kan vera enig i at det er ei velkomponert og fascinerande historie.
Eg forsto egentleg ganske tidleg korleis det heile måtte henga saman. Sjølve avslutninga og løysinga på mysteriet er omlag som forventa og har ei "naturleg" forklaring.

Opplesar av lydboka Espen Klouman Høiner er eit nytt namn for meg. Han er veldig flink.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Min bok- og maleblogg, Tine sin blogg

25. oktober 2017

Bokomtale: Skada gods av Tore Renberg

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 14:57
Opplesar: Tore Renberg


Handlinga i den tredje boka i Teksas-serien er lagt til førjulsdagane 2012. Det startar med ei tilsynelatande gledeleg hending sidan leiaren av Hillevågsgjengen Jan Inge "giftar seg". Det skal komma til å bli ei heilt spesiell feiring - og bryllaupsnatta vert berre til ein viss grad slik som Jan Inge hadde tenkt seg på førehand. Faktisk vert sjølve stammen i gjengen splitta denne natta; Rudi vert bokstaveleg frosen ut og Chessi bestemmer seg for å forlata dei alle. Ho flyttar ut - med ambisjonar om å klara seg sjølv. Korleis skal det gå - ho som er gravid med tvillingar og som aldri har opplevd eit normalt familieliv nokon gong?
Både dei eldre og dei unge i Hillevågsgjengen går i det heile store utfordringar i møte før julefreden kan senka seg over desse som i fleire tydingar befinn seg i utkanten av verdens rikaste by.

Dette er opptakten til ei ellevill, grotesk, vakker og spennande historie - og stort meir vil eg ikkje røpa av sjølve handlinga. Men tru meg: Det er morosamt og fælt, fascinerande og energisk, frekt og frodig, trist og sjarmerande, viltert og engasjerande. Forfattaren spelar på heile kjensleregisteret til lesaren - og eg har verkeleg kosa meg gjennom nesten femten timar med lytting. Eg har både grøssa og humra - og jammen var det like før det vart felt ei tåre óg. Sjølv om mykje virkar håplaust og hjelpelaust, skimtar ein også glimt av framtidstru og optimisme.

Forutan hovudpersonane som me har blitt kjende med i Vi ses i morgen og Angrep fra alle kanter, vert me presentert for fleire nye karakterar. Renberg handsamar alle med omsorg og forståing - og med snert og ironi. Han framstiller dei som fargerike og sårbare. Kontrastane mellom medlemene av Hillevågsgjengen og samfunnet rundt dei er klår og tydeleg - spesielt sidan "folk flest" er opptatt av adventstid og juleforventningar.

"Ikkje gløm kjærligheden, for det e den så e sjefen", seier Rudi. Og dette er eit sentralt bodskap i boka: Å ta vare på kvarandre, på venskapet og kjærleiken. Men dette er sjølvsagt vanskeleg når alt buttar imot. Når grunnlaget for eit normalt liv aldri har eksistert og når alle planar for framtida vert lagt i grus - kva då? Jo - då snur ein seg rundt og skiftar fokus. Boka handlar om vald, misbruk og sosial inkompetanse og om lengsel etter det som gjerne vert kalla "eit vanleg liv". Men det handlar altså framfor alt om kjærleik og omtanke mellom menneske som står kvarandre nær.

Perspektiva skiftar stadig gjennom boka, og det gjer også språket. Renberg skildrar t.d. Rudi og Jani sine ulike personlegdomar gjennom måten dei snakkar på. Rudi med si babling, banning og bruk av tabuord - og Jan Inge med sin bruk av nyoppdaga framandord og liksomintellektuelle uttrykk. I eit glimt av sjølvforståing seier han at han og systera er "skada gods". For Chessi sin del handlar det nok også om "mindre håndbagasje", men for dei begge gjeld det at bagasjen/godset er blitt påført skader i ung alder og gjennom lang tid.

Eg er blitt veldig glad i Jani, Rudi, Cecilie, Rikki, Ben og dei andre me er blitt kjende med gjennom desse tre bøkene. Trass i at mykje av det dei står for og gjer "normalt sett" er umoralsk, forkasteleg og ulovleg. Forfattaren utfordrar lesaren til å tenkja over kva som er rett/galt, moralsk/umoralsk og normalt/unormalt.

Skada gods inneheld rikeleg med musikk-, film- og litteraturreferansar. Eg trur ikkje alt dette er like tilgjengeleg for lesarar flest, men det er med på å krydra leseopplevinga. Renberg er ein eminent forfattar som framfor alt syner ei enorm forteljarglede. At forteljinga er ispedd ein stor porsjon samfunnskritikk oppi all galskapen gjer det heile meir meiningsfullt.

Skada gods er ingen kriminalroman, men her finst element som ein kjenner frå denne sjangeren. Forteljinga har stort sett bra framdrift og byr på opptil fleire vendingar og overraskingar. Stemninga er jamnt over noko mørkare enn i dei føregåande bøkene.
Som sagt over likte eg boka veldig godt, og det låg lenge an til toppkarakter og terningkast 6 her. Men sidan det er eit par ting i avslutninga som skurrar for meg - t.d. at forfattaren sjølv blandar seg inn i historia - landar eg på ein 5'ar.

Eg rår til - så sterkt eg kan - å lesa Skada gods som lydbok. Tore Renberg er ein heilt fantastisk opplesar av sine eigne bøker.

Andre bloggmeiningar: ebokhylla

PS:
Då eg byrja på denne omtalen i går kom eg i skade for å klikka på publiseringsknappen før eg var klar. Eg oppdaga det ganske kjapt og fekk gjort om bloggposten til eit utkast igjen, men eg ser at eg har etterlate meg "spor" på andre bloggar. Beklagar dette.

20. oktober 2017

Bokomtale: Blodhemn av Rune Timberlid

Selja forlag 2017
341 sider
Meldareksemplar

Helten i Rune Timberlid sine kriminalromanar er politimannen Rolf Randen; ein sindig, sympatisk og smart etterforskar med eit litt uryddig privatliv. No er bok nummer åtte i serien ute.

Sidan sist har Randen flytta frå Sogn til Sunnfjord; han har busett seg i Eikefjord saman med ny sambuar; Karianne Grinde, journalist i Firdaposten. Som i dei føregåande bøkene handlar det om kontrastar og kontrastfylte stemningar; idylliske og fredelege fjordbygder der det ulmar under overflata - av uhygge, motsetningar og hat.

Bakgrunnen for handlinga i Blodhemn er den planlagde og omstridde gruvedrifta i Engebøfjellet ved Førdefjorden. Dette er ei sak der ulike interesser står steilt mot kvarandre; omsynet til miljø og natur på den eine sida og omsynet til næringsliv og arbeidsplassar på den andre. Det handlar dessutan om to (fiktive) familiar som har vore i bitter strid i årevis og som har motstridande interesser i gruvesaka.

Handlinga er lagt eit stykke fram i tid; det er hausten 2019 og gruva i Vevring er klar for produksjon og offisiell opning - trass i motstand frå lokalbefolkninga og omfattande demonstrasjonar frå miljøaktivistar. Den storslagne opninga vert dramatisk då det vert funne eit lik i røyret som fører gruveavfall ned til botnen av fjorden. Den døde er ein sentral person i produksjonsselskapet og det er ikkje noko naturleg dødsfall eller ulykke. Rolf Randen og politiet i Florø får dermed ei innfløkt sak å arbeida med. Det er nemleg ikkje alle som fortel alt dei veit - og det er fleire som kan ha motiv for ugjerninga.

Omlag samstundes vert det funne enno eit lik. Dette er mykje eldre og vert difor ikkje prioritert sidan politiet er opptekne med etterforsking av gruvedrapet. Men lokalavisa Firdaposten skriv naturleg nok om begge likfunna - og Karianne Grinde er nysgjerrig og startar si eiga gransking. Dei to sakene heng naturlegvis saman - slik er det jo i kriminalromanar - og det skal komma til å bli ei svært omfattande, komplisert og tildels farleg etterforsking.

Det handlar m.a. om familiekonflikter og mørke hemmelegheiter, sjukehusstrid og bygdebystrid, sjalusi og misunning, samt miljø- og narkotikakriminalitet. Rolf og Karianne nøstar opp i dei ulike sakene og nærmar seg ei løysing og ei oppklaring - frå kvar sin kant. Svara på drapsgåtene er å finna i Førde, Florø, Svanøy og Vevring - og nokre spor peikar også mot utlandet.

Blodhemn kan karakteriserast som kvardagsleg bygdekrim - men er likevel ingen enkel kosekrim. Boka inneheld både aktuelle og kontroversielle tema. Karakterane er stort sett "vanlege menneske" som deg og meg - og nettopp difor gjer det inntrykk at enkelte av desse personane kan stå bak så grove brotsverk som det her er snakk om.

Stilmessig har Timberlid mykje til felles med krimforfattarkollega Jørn Lier Horst: Det er traust og stødig, ordentleg og grundig - men dette er noko som gjerne går ut over spenning og framdrift.
Språket er også rimeleg stødig, men eg stussar litt over bruken av spørjeordet korfor - og ikkje kvifor. Det siste er i mine øyre meir korrekt nynorsk. Men ordet er brukt konsekvent gjennom heile boka, så ein kan ikkje sei at det er "feil" heller, i og med at korfor er eit "lovleg" nynorsk-ord.

Det finst ein del gjentakingar og overforklaringar i boka - og det er noko som trekker ned heilskapsinntrykket for meg. Boka kunne dessutan hatt godt av ein ekstra runde med korrekturlesing. Elles er Blodhemn rett og slett ei grei krimbok og OK tidtrøyte.

Rune Timberlid er no tilbake i Selja forlag etter å ha gitt ut fleire titlar på SamlagetBlodhemn kan godt lesast åleine, for det vert berre i liten grad synt til hendingar i tidlegare bøker. For spesielt interesserte kan nemnast at kronologien er slik: Red Mercury, Priseld, Dødball, Deadline, Operasjon Siskin, Sanct Svithuns gåte og Satans mor.

15. oktober 2017

Biolesesirkel: Born to run av Bruce Springsteen

Tema for oktoberrunden av biografisirkelen er mett. Eg likar godt å delta i denne utfordringa, og sjekka difor både Storytel og bibliotekhyller for biografiar om kokkar og "spiseforstyrra" folk - eller andre som kunne assosierast med ordet mett. Eg fann ingenting. Bortsett frå biografien om Ingrid Espelid Hovig og Ingeborg Senneset si bok Anorektisk som begge kunne vore aktuelle, men dei hadde eg inga interesse av.
Kva skulle eg gjera? Eg var i gang med Bruce Springsteen sin sjølvbiografi, - kunne den passa? Kan den seiast å vera skriven av ein mann "mett på suksess"? Vel - ingenting tyder på at Springsteen har nådd noko metningspunkt. I ein alder av 68 held han stadig koken. Men ein kan sei at han er såpass mett at han har funne plass og tid til å skriva si eiga historie om sitt eige liv. Han skreiv jo også i si tid ein låt med tittelen 'Hungry Hart'... Med desse (tynne) grunngjevingane fann eg ut at Born to run kan kvalifiserast og kategoriserast som litt mett.


Cappelen Damm 2016
Lydbok Storytel
Opplesar: Håvard Bakke

Born to run er, som så mange andre sjølvbiografiar, svært omfangsrik; papirboka er på 526 sider. Den norske versjonen på Storytel er tredelt; bok 1 har speletid 7t 50 min., andre del er på 6:21 og tredje og siste bok varer i 5t 20 min. Eg trur det er smart å dela opp lyttinga slik at ein ikkje blir "overmett" ;-)
Håvard Bakke si stemme passar svært godt til boka, men på Storytel kan du også finna boka på originalspråket lest av forfattaren sjølv. Hadde eg vore god nok i engelsk hadde eg naturlegvis valgt det alternativet.

Springsteen har brukt lang tid på boka, heile sju år. Det har ført til at boka er gjennomarbeida og grundig, men i tillegg; unødvendig detaljert.

At Bruce Springsteen kan skriva, veit me frå før. Han har skrive låtar og gode sangtekstar som 'Born to run',  'The River', 'Born in the U.S.A.', 'My Hometown', 'I'm on fire', 'Human Touch', 'Streets of Philadelphia', 'Radio Nowhere' - for å ta nokre av dei mest kjende.

Forfattaren Springsteen er dyktig; sjølvbiografien er både velskriven, ryddig og interessant - og han er overraskande open og personleg. På same måte som han gir alt på konsertane sine, gir han alt i denne boka.

Eg ser det som vanskeleg/umuleg å gi noko handlingsreferat; det kan fort bli altfor oppramsande sidan boka er så innhaldsrik. Når det gjeld karrieren hans viser eg til Wikipedia-artikkelen (som truleg er blitt ekstra lang grunna opplysningar som stammar frå denne sjølvbiografien).

Musikken går som ein raud tråd gjennom livet til The Boss og i denne boka. Ein kan lesa om korleis 'Born in the U.S.A.' vart ein av tidenes mest misforståtte sangar og om korleis systera sitt liv vart til sangen 'The River'. Springsteen fortel om kva og kven som har inspirert han og behovet han har hatt for å endra/fornya det musikalske uttrykket sitt. Store musikalske opplevingar saman med The E Street band og som soloartist vert skildra med glød og engasjement. Fleire av låtane hans gjenspeglar røttene og oppveksten i Freehold, New Jersey. I stikkordform handla barndommen om: enkle kår, irsk og italiensk herkomst, arbeidarklassemiljø, katolsk oppdragelse og ein heim der det vart dansa og spelt musikk - men der det også ofte var dårleg stemning.

Familien har likevel betydd svært mykje for Springsteen gjennom heile livet. Det same har vener og kompisar - og i biosirkelsamanheng er det interessant å lesa om venskapet med Steven van Zandt og Patti Smith. Og så er det alle damene! Etter det ein forstår var det mange forhold, kjærestar og one night stands. Med Bruce Springsteen sin karisma og popularitet var det ikkje vanskeleg å skaffa seg kvinneleg selskap, men han trakk seg vekk når det byrja å bli alvor og snakk om varige forhold. Han var nok heller ikkje klar for ekteskapet då han gifta seg fyrste gong i 1984. Den einaste skandalen han har forårsaka/gjennomlevd var då det vart kjent at han hadde eit forhold til bandmedlem og noverande kone Patti Scialfa medan han var gift med si fyrste kone. Omsider fann han ekte kjærleik - og ro: No har Springsteen og Scialfa vore gifte i 26 år og dei har tre vaksne barn.

Bruce Springsteen såg fleire av venene sine på 1960- og 70-talet gå til grunne av narkotikamisbruk og hadde ein far som oppførte seg skremmande når han drakk alkohol. Han valde difor å vera - om ikkje heilt edru - så i alle fall måtehalden. I boka er han open om sine tunge stunder og fortel at han har gått til samtaleterapi i årevis. Det skal fansen vera glad for. Utan hjelp hadde nok ikkje denne mannen blitt noko superstjerne.

Eg tykte som nemnd over at biografien er interessant, men at det tidvis blir litt for pompøst og svulstig, i tillegg til at det er vel deltaljert - og dermed langtekkeleg. Frå før hadde eg eit inntrykk av at Bruce Springsteen er ein usedvanleg sympatisk person og artist - og dette inntrykket er blitt forsterka gjennom lesinga av denne boka.
Eg set stor pris på det Springsteen syner av integritet, vitalitet og musikalitet. Eg har aldri vore nokon blodfan, men eg har likt musikken hans og har t.d. LP-plata 'The River' frå 1980 liggjande ein plass..

Karrieren hans har vore langvarig og suksessrik og det finst uendeleg med konsertopptak og videoklipp på Youtube. Eg har plukka ut eit klipp som syner kor fin type Springsteen er. Dette er frå ein konsert i London i 2013 der mora og den yngste systera hans får vera med på scenen:


12. oktober 2017

Favorittforfattarar: K

Det går seint med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarar; no er eg komen fram til bokstaven K. Den fyrste favoritten her var eg aldri i tvil om, men eg måtte tenkja meg om før eg valde nummer to. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å skriva om Karin Fossum, men eg er blitt litt trøytt og lei av Konrad Sejer så eg valde henne vekk.

Foto: https://ken-follett.com/

Ken Follett

Britisk forfattar f. 1949

Fødd i Wales og ifølge pålitelege kjelder; no busett i England med kone og hundar. Han er ein verdenskjent og bestseljande publikumsfavoritt.

Follett er ein meister når det gjeld omfangsrike underhaldningsromanar og er denne hausten aktuell med Den evige ilden (A Coloumn of Fire). Her held han fram i det universet som vart skapt med Stormenes tid (The Pillars of the Earth, 1989) og I all evighet (World Without End, 2007)

Slo gjennom med thrilleren Nålen (Eye of the Needle) i 1978. Etter den er det blitt ein heil rekke bøker; fyrst og fremst spenningsromanar og historiske romanar. Trilogien om det 20. hundreåret - som består av tre gigantiske bøker - må óg nemnast: Her får ein både historieundervisning og timevis med god underhaldning.


Foto: Wikipedia

Kim Leine

Dansk-norsk forfattar f. 1961

Utdanna sjukepleiar, fødd i Noreg, bur i Danmark og har budd på Grønland. Han skriv bøkene sine på dansk og set dei sjølv om til norsk.

Eg har ikkje lest så mange bøker av denne forfattaren, men dei få eg har lest har vore fantastiske leseopplevingar. Den vesle sjølvbiografiske romanen Kalak var som eit knyttneveslag rett i magen. Skildringane av dei vanskelege tilhøva på Grønland er rystande. Det same er (dei sjølvopplevde) historiane om overgrep, incest og rusmisbruk.

Vart i 2013 tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for den historiske romanen Profetene i Evighetsfjorden - som er ei lærerik, storslagen og gripande forteljing.
Kim Leine har også gitt ut ei barnebok.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har altså ikkje gitt plass til Knut Hamsun her blant Favorittforfattarane. Ikkje til Karl Ove Knausgård heller. Eg har aldri lest noko som helst av dei to - og det har eg faktisk heller ingen planar om. Karen Blixen derimot, eit anna stort forfattarnamn eg ikkje har lest noko av - ho har vore på leseplanen min ei tid.

Eg nemnde Karin Fossum innleiingsvis, og andre K'ar eg likar er Kerstin Ekman, Karin Alvtegen, Kurt Aust, Knut Faldbakken og Kjell Ola Dahl.

Andre forfattarnamn på K som kan vera verdt å nemna: Dei kritikarroste (og etter mi meining oppskrytte) Ketil Bjørnstad og Kjartan Fløgstad, lyrikarane Karin Boye og Kolbein Falkeid, dameromanforfattarane Kate Morton og Katherine Webb, krimforfattarane Kim Småge, Knut Lindh og Kjetil Try, humor- og satireforfattar Knut Nærum - og Morgan Kane-skapar Kjell Hallbing.