22. mai 2013

Bokomtale: Kirsebærsnø av Ingelin Røssland

Samlaget 2012
201 sider
Lånt på biblioteket

Beathe i beathesbokhylle skriv i omtalen sin at dette er ei perle av ei bok.
Det har ho heilt rett i.

Eg hadde lagt merke til at Kirsebærsnø vart omtalt på ymse bloggar og nettstader, men ikkje sett på boka som spesielt fristande for min eigen del. Likevel vart boka med meg heim då eg var ein snartur på biblioteket her ein dag. Seint i går kveld tok eg ho fram og bladde litt, og før eg visste ordet av det hadde eg lest halve boka! Siste halvdel er nettopp ferdiglest.

Dette er ei kvardagshistorie frå Hardanger. Kan hende er historia enkel og banal, men ho er velsigna ujålete og gir fyrst og fremst eit ærleg inntrykk. Difor er boka rett og slett god. Røssland brukar eit levande og enkelt språk, og boka inneheld mange fine og ekte dialogar. For meg er det òg eit pluss at ho er skriven på nynorsk.

Hovudperson er Cathrine som har vore gift med Tom Ove i mange år, - og i ekteskapet har ho nok ofra seg og "mista litt av seg sjølv". Men så dukkar det opp ein mann som verkeleg ser henne, - den nyinnflytta svenske dyrlegen Alex. Cathrine slit med at omgjevnadene tek ho for gitt, og no - omsider -  får ho den merksemda ho så sårt saknar, frå ein mann ho vert veldig betatt av.
"Alex går nærmare henne, farlig nær. Ho ser opp på han, inn i dei blå auga, og der inne ser ho seg sjølv falla. Falla for måten han ser på henne på, fordi det er som om han verkeleg ser henne.."
I tillegg til samlivsvanskar, slit Cathrine med konfliktfylte forhold til mor si og dotter si. Samstundes har ho eit varmt og godt forhold til bestemora si.
"Besta tar handa til Cathrine og klemmer den, det er framleis kraft i den gamle kroppen. Så lukkar ho auga igjen. Cathrine legg andre handa si varsamt over handa til besta. Stryk med fingertuppane over den hovne handbaken med raudleitt, spent hud. Cathrine stryk og stryk, det er så mykje ho vil ha sagt. Det er ingen som forstår henne sånn som besta gjer.."
For meg var boka ei svært positiv overrasking. Kirsebærsnø er ei lettlest, passe lang, truverdig og tankevekkjande bok. Me er mange som kan kjenna oss att i historia som vert fortald. Ingelin Røssland skriv om det moderne livet på bygda, på godt og vondt. Og slagordet "det enkle er ofte det beste" kan også gjelda for bøker.

Meir om Kirsebærsnø og andre fine tekstar finn du på Ingelin Røssland sin blogg.

2 kommentarer:

  1. Takk for fint lesetips. Kanskje dette kan bli min neste nynorsk bok... ;)

    SvarSlett
  2. En perle av en bok, ja det får en si! Jeg ser på bokelskere at den står på leselisten min og om historien er enkel og banal som du kaller det er ingen hindring for meg så lenge forfatteren unngår for mange klisjeer. Og jeg har som mål å lese mer nynorsk, så da kan denne komme etter Song for Eirabu :)

    SvarSlett