24. juni 2013

Bokomtale: Den mørke porten av Lars Mæhle

Samlaget 2013
357 sider
Meldareksemplar fått frå forlaget


Sidan eg vel er over gjennomsnittet interessert i ny norsk krim, samt svært oppteken av at nynorsk skal kunna brukast i alle samanhengar, er det ein fryd å få høve til å lesa god nynorsk krim. Den mørke porten er nemleg ein velskriven sidevendar.

Lars Mæhle har tidlegare gitt ut fleire barne- og ungdomsbøker, men eg har ikkje lese noko av forfattaren før. Den mørke porten er debutboka hans som vaksenforfattar, - ein debut som er særs vellukka; boka er både lettlest og velskriven. Språket er godt med fine skildringar og nynorsken hans er moderne og personleg.

Boka handlar om sorg og skam, mystikk og gåter, hevn og drap. Hovudperson er psykologen Ina Grieg, og gjennom yrket hennar får lesarane ein litt annan innfallsvinkel enn det som er vanleg i ein kriminalroman.

Grieg vert engasjert som psykolog i eit etterforskingsteam etter at det har skjedd noko som ser ut som eit ritualdrap i ei kyrkje. Fem år tidlegare vart elskaren til Grieg teken av dage på same måte, også i ei kyrkje, og på nøyaktig same dato. Etterforskarane slit med å finna motiv og gjerningsperson, men finn fram til at det har skjedd enno fleire mystiske dødsfall på denne datoen tidlegare. Kva har drapsoffera felles? Kven er den mystiske Generalen som ser ut til å vera fellesnemnar i alle drapssakene?

Karakteren Ina Grieg er ein truverdig person som ein lett kan kjenna seg att i. Ho har sine svake og sterke sider og vert framstilt som både mjuk og hard. Ho slit med å vera tilstades "på heimebane" med familien sin samstundes som ho ønskjer å gjera ein god jobb "på bortebane".

Hendingane i boka går stort føre seg i Oslo, men med avstikkarar til Porsanger, København og Lanzarote. I motsetnad til andre nynorskkrim-forfattarar som Kolbjørn Hauge, Rune Timberlid og Kroken & Kolden - som hentar handlingar i bøkene sine frå typiske bygdemiljø - skriv Lars Mæhle om handlingar som går føre seg i meir urbane strøk.

Forfattaren hoppar mellom hendingar i notid og fortid, slik at motiva og bakgrunnen for brotsverka gradvis vert avdekka. Plottet er finurleg, - ja, så finurleg og spesielt at det vert litt lite truverdig. For ein røynd krimlesar er det heller ikkje så vanskeleg å skjønna kven den skuldige må vera, men likevel er det ganske spennande lesing. Ikkje superspennande, men såpass spennande at ein lesa vidare heile tida.

Den mørke porten er fyrste bok i ein planlagd serie frå Lars Mæhle si side. Eg ser fram til neste bok!
Takk til Samlaget for meldareksemplaret.

4 kommentarer:

  1. Hm.. Lars Mæhle skal jeg skrive meg bak øret. Så hvis jeg finner ut at jeg vil lese ny-norsk krim, så må det bli ham. Takk for fin omtale!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggeleg :) Når det gjeld nynorsk krim kan eg varmt anbefala Rune Timberlid og hans Operasjon Siskin. Knallbra! 129 kroner innbunden utgåve i nettbutikken til Samlaget akkurat no: http://www.samlaget.no/nn-no/skjonnlitteratur/krim/operasjon-siskin-2-utg/innbunden.aspx

      Slett
  2. Denne har jeg bitt merke i tidligere, og ble ikke mindre nysjerrig av din fine omtale.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja, denne kan eg anbefala. Litt annleis enn andre krimbøker - og veldig lettlest.

      Slett