29. juli 2013

Bokomtale: Nattergalens død av Lene Kaaberbøl og Agnethe Friis

Lydbokforlaget 2013
Oversetjar: Elisabeth Bjørnsen
Opplesar: Kirsti Grundvik

Speletid: 10:21

Den nevrotiske og velmeinande Røde Kors-sjukepleiaren Nina Borg, som me kjenner frå Gutten i kofferten og Et stille umerkelig drap, er tilbake. Denne gongen, i Nattergalens død, er ho ikkje fullt så "slitsam" som tidlegare.
Det er den ukrainske asylsøkjaren Natasha og hennar dotter Rina som er hovudpersonane i denne boka. Natasha flyktar frå politiet og ei farleg fortid når ho skal til avhøyr på Politigården i København. Ho er fengsla for drapsforsøk på Michael, den svært valdelege danske kjæresten sin, - og rett etter rømminga vert Michael funnen - torturert og drepen. Politiet mistenkjer at Natasha står bak - men lesaren får vita at dette ikkje er tilfelle.
Kva har hendt? Kvifor er Natasha så desperat? Kvifor er ukrainsk politi så interessert i saka? Kvifor er dansk etterretning innblanda? Nina Borg vert involvert og engasjert sidan Rina er plassert på Røde Kors-senteret der Nina arbeider.

Samstundes med handlinga i notid, får me også glimt frå 1930-talet og ein liten ukrainsk landsby, sett gjennom 8 år gamle Olga sine auge. (At ein åtteåring umuleg kan ha slike vaksne uttrykk og tankar, får ein heller "gløyma") Det syner seg - sjølvsagt, dette er eit velkjent forteljargrep - at hendingane i fortida heng saman med dagens hendingar.

Forfattarduoen Kaaberbøl og Friis held eit nokså høgt tempo i denne handlingsmetta krimromanen. Etter mi meining er dette den beste boka i serien. Det er ei særs dramatisk forteljing; om mishandling, mord og maktmisbruk - og med trådar tilbake til Stalintida. Nina Borg slit som vanleg med familie, relasjonar, jobb, moral og umoral, - men i denne boka får me bli litt meir kjend med bakgrunnen hennar og ho er ikkje fullt så stressa og oppkava som i dei to føregåande bøkene. Heldigvis.

Boka fungerer bra i lydbokversjon, men opplesaren les litt (irriterande) omstendeleg og seint - det vert dermed litt krevjande å halda konsentrasjonen oppe heile tida.
Karakter: 4 pluss. Eg ser fram til bok nummer 4 om Nina Borg.

Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar