25. september 2013

Topp 100 - og topp 5

Bjørg i Mellom linjene vil ha hjelp frå medbokbloggarar og andre til å utarbeide ei liste over bokbloggarane sine favorittbøker. "Deltakarane" kan foreslå inntil fem titlar - frist 1. oktober - og med desse forslaga som utgangspunkt skal så Bjørg laga ei liste over bokbloggarane sine 100 beste bøker.

Sidan eg òg er utruleg glad i lister, måtte eg sjølvsagt bli med på dette. Men det synte seg at det var vanskeleg å plukka ut kun fem bøker/seriar, - det er mange omsyn å ta. For favorittbøkene mine har blitt - nettopp, favorittar - ut frå mange ulike grunnar. Somme fordi dei har vore superspennande og rystande, andre fordi eg har tykt dei har vore vakre og poetiske og atter andre fordi dei har hatt tema som har passa til meg og akkurat den livssituasjonen eg har vore i på "lesetidspunktet." Somme gode bøker gløymer ein så snart ein har avslutta lesinga medan andre lever inni oss lenge, lenge. Eg set sjølvsagt mest pris på dei som vert verande hos meg ei stund.

Eg valde, etter ei lita stund i tankeboksen, desse fem bøkene/seriane:
  • Tokyo - Mo Hayder
    Eg har ei mørk side, eg innrømmer det. Eg likar veldig godt bøker som er groteske og sterke, og samstundes velskrivne. Til dømes Ondskapens hjerte av Chelsea Cain og Kråkejenta av Sundquist og Eriksson. Eg valde Tokyo som representant for psykologisk thiller-sjangeren.
  • Vindens skygge - Carlos Ruiz Zafon
    Eg hadde ei heilt fantastisk leseoppleving for eit par år sidan då eg lytta til lydbokversjonen av denne boka. Her er spenning, humor, mystikk, eventyr og drama. 
  • Papillon - Henri Charrière
    Denne las eg då eg gjekk på vidaregåande, for omlag hundre år sidan - og eg har tenkt å lesa ho på nytt ein gong. Boka kom ut i 1969 og er ein spenningseventyrroman basert på verkelege hendingar. Ho gjorde djupt inntrykk på meg den gongen.
  • Millenniumserien - Stieg Larsson
    Eg rett og slett elskar svensk krim, og har lese massevis av svenske krimseriar. Van Veeteren, Martin Beck og Kurt Wallander. Joona Linna, Rebecka Martinsson og Annika Bengtzon. Eg er utruleg begeistra for alle desse svenske krimheltane - men det er nok Lisbeth Salander & Mikael Blomqvist eg set høgst. Veldig veldig synd at det berre vart tre bøker frå Stieg Larsson. Trilogien hans var grensesprengande på så mange måtar.
  • Barbarottikvintetten - Håkan Nesser
    Som sagt: Eg elskar svensk krim, og eg er stor fan av Håkan Nesser sine kriminalromanar. Med strek under romanar. Ingen andre krimforfattarar byr på så store overraskingar. Han er morosam, melankolsk, ironisk og språkleg elegant. Du får alt frå Nesser. Dei fem bøkene om Barbarotti er glitrande.
Desse fem bøkene/seriane måtte berre vera med på lista - og då har eg valt vekk ein heil del andre bøker som eg likar godt og som har "forma" meg og lesesmaken min og elles stimulert leselysta mi.

Bøker som eg set pris på og som ikkje vart med på Topp 5 - men som absolutt høyrer heime på Topp 100 er t.d.
  • Sigrid-trilogien til Vera Henriksen og Olav Audunssøn-tetralogien (som eg likar betre enn Kristin Lavransdatter-bøkene) til Sigrid UndsetEg er glad i historiske romanar.
  • Varg Veum-serien til Gunnar Staalesen og Harry Hole-serien til Jo Nesbø, samt Martin Beck-serien til Sjöwall & Wahlöö. Slukebøker som eg har lest absolutt alt av og følgd i mangfoldige år. Har også lyst til å nemna Arne Dahl sin serie om A-gruppen som etter mi meining er for lite kjent. Og Van Veeteren-serien til den før nemnde Nesser.
  • Drageløperen og Tusen strålende soler av Khaled Hosseini. Eg venta lenge før eg gadd å lesa desse bøkene som eg hadde høyrt så mykje bra om. Dei skuffa ikkje.
  • Kompani Orheim (og resten av Jarle Klepp-serien, forresten) av Tore Renberg. Glimrande oppvekstroman.
  • 1Q84 av Haruki Murakami. Surrealistisk, spennande og vakkert. I skrivande stund les eg 'Kafka på stranden' av same forfattar - det virkar som om denne også bør vera med på ei liste over dei 100 beste.
  • Krimklassikarar som Sort messe av John Dickson Carr, Hunden fra Baskerville av Arthur Conan Doyle, De dødes tjern av Bernhard Borge og Jernvognen av Stein Riverton. Alle desse burde vera "pensum" for krimlesarar. 
  • Minnesota-trilogien av Vidar Sundstøl og Fredric Drum-serien av Gert Nygårdshaug. To forfattarar som har utfordra og fornya krimsjangeren.
  • Eg set strek her. Denne utvida lista kunne blitt uendeleg lang....
-----------------

Eg gler meg til å sjå den endelege lista over Topp 100. Den kjem til å bli bra og mangfaldig, tenkjer eg. Folk er ulike, bokbloggarar og bokelskarar er minst like ulike - og lesesmaken er forskjellig.

2 kommentarer:

  1. Enig med deg - alltid spennande med lister. Eg har og "nominert" bøker og ventar spent på resultatet. Fint at du har "opna" for namn/nettadresse igjen slik ar eg kan legge att eit spor av og til ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, lister er knas! Beklagar at eg delvis har "stengt" for kommentering ei tid. Var ikkje heilt klar over korleis det virka. Fekk nemleg ein del spam i kommentarfeltet og var visst altfor streng..

      Slett