4. september 2013

Underfundig, nostalgisk og stemningsfullt frå Nesser

Eg har lest Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla av Håkan Nesser. Boka kom ut i 2002 og eg har lånt ho på biblioteket. Tittelen på boka er bokstaveleg og ironisk meint. For det skjer absolutt ingenting i Kumla. Ikkje før sommaren 1967, som handlinga i boka er lagt til. Ei fengslande og fornøyeleg bok, full av humor og ironi. Og eit øksemord.

I Kumla, langt frå Swinging London, bur og lever 17 år gamle Mauritz Målnberg, hovudperson og forteljar. Mauritz lengtar ut i verda, han røyker pipe og vil gjerne vera hippie. Han og venene er svært opptekne av poesi og musikk.
"... vi likte å slenge verbale spissfindigheter til hverandre, og vi brukte som oftest etternavnene våre når vi snakket til eller om hverandre. Unntatt Otto, hvis far var polakk og het Szczecic."
Nesser skildrar både miljø og karakterar med varme, ømheit og humor. Me møter bestekompisen Elonsson, far til Mauritz som er journalist, mora hans som aldri fullfører ein einaste setning, mor til Signhild; den frodige og fargerike Ester Bolego, og leigebuaren "poeten" Olsson og hunden hans O Sole Mio. Samt tante Ida, som har ein mystisk og magisk tommel.

Mauritz er avstandsforelska i den deilige nabojenta Signhild, han drøymer om henne natt og dag. Så ein dag har det skjedd eit mord i nabohuset; Kalle Kekkonen, far til Signhild er drept med øks, - nokon har faktisk hogge av han hovudet! Midt oppe i all dramatikken med politietterforsking, avisskriveri og folkesnakk, vert det eit par av Mauritz og Signhild.
"Da vi hadde krysset jernbanesporet og kom inn i skogen, stanset jeg og kysset henne. Jeg hadde bare kysset en jente en eneste gang tidligere, det var en i klassen Lucia-våkenatten sist desember. Hun het Elma, var fra Röfors og hadde akkurat vært ute og spydd."
Håkan Nesser gir eit sorgmuntert og sjarmerande tidsbilete av korleis det var å vera ungdom og å verta vaksen i ein liten svensk by på 1960-talet. Lesaren får òg ei ganske så spennande krimhistorie med ein overraskande slutt.

1 kommentar: