26. januar 2014

Bokomtale: Stemmen av Jørgen Jæger

Juritzen forlag 2012
511 sider
Gratis ebok (Norli)

Bok nummer seks om lensmann Ole Vik i Fjellberghavn startar forrykande og høgdramatisk. Ei biljakt fører til at lensmannen vert hardt skada og forsvinn inn i koma - og der blir han verande gjennom stort sett heile boka. Kollegaen hans, Cecilie Hopen, vert kidnappa ved det same høvet og funnen att medvitslaus i Drammen; i lasterommet på ein bil saman med to lik - dei to mennene som bortførte henne.
Hovudrolla i Stemmen vert dermed overlate til Cecilie, og ho spelar også ei vesentleg rolle når det gjeld oppklaringa av mysteriet.

Eg har lest alle bøkene i Ole Vik-serien og ser på dei meir som kosekrim enn som politikrim. Dramatikken og spenningen er der til ein viss grad, - samstundes handlar det mykje om kvardagane og privatlivet til dei enkelte karakterane - for mykje etter min smak. Personskildringane er ganske vage og flate - og dei stereotype personane finn ein også i Stemmen. Me møter att den valdelege og tvers gjennom usympatiske politimannen Kristian Kvamme og får bli kjend med den overhyggelege og overkjekke etterforskaren ved Drammen politikammer, Bernhard Ro og sjefen hans, den dobbeltarbeidande og trippelbekymra Marte Mellingen.

Det er skurken - drapsmannen - som vert kalla Stemmen - fordi Cecilie faktisk har høyrt den karakteristiske stemma hans. Etter kvart vert det også klart at vedkommande haltar og at han har ein spesiell oppdragsgjevar. Drammen vert med eitt ein uhyggeleg by og det vert skikkeleg skummelt for hovudvitnet Cecilie som gradvis hugsar meir av kidnappinga og drapa.

Eg har brukt lang tid på boka. Ho er med andre ord ikkje spennande nok. Dei øvrige hendingane i boka står ikkje i stil med den actionfylte opninga.

Eg likar at Jæger har flytta mesteparten av handlinga til ein verkeleg by - Drammen - frå dei oppdikta plassane Fjellberghavn og Borg - det gir det heile eit meir autentisk preg. Eg tykkjer bøkene i serien vert stadig betre, men er fortsatt ikkje superimponert. Her er for mange klisjear, for mange uvesentlege detaljar og ting som eg har lest før, på ein måte, - men språket er effektivt og har bra flyt.


Konklusjon: Stemmen er grei. Lettlest, uproblematisk og grei krim. Karakter 4 minus.

4 kommentarer:

  1. Jeg synes det er så dumt at det blir mindre og mindre Ole Vik i bøkene. Jeg syntes også det ble litt mye da han skrev inn to personer i boken sin, som en slags premie(?) Jeg husker ikke helt hvordan den konkurransen var. Men for meg ble det veldig påfallende i denne boken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg las ein plass at ein verkeleg person skulle skrivast inn i - og myrdast - i ein av bøkene (trur det var Karma). Sært, men bra reklame; slikt skapar jo ein viss interesse.

      Slett
  2. Denne boka har jeg i hylla mi, på vent.. Har tilgode å lese Jæger enda.Men han står på lista mi.. Blir litt småskeptisk etter å ha lest dette, og lurer på når jeg skal la den komme frem i lesekøa..

    SvarSlett
    Svar
    1. Serien er heilt grei, la deg ikkje skremme av at eg er kritisk. Eg er jo kresen når det gjeld krim, spesielt når det gjeld etablerte forfattarar.

      Slett