11. januar 2014

Samleinnlegg: Norske krimdebutantar

Eg har vore utslått av influensa og sjukmeld ei veke. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko; eg har fått lest ein heil del innimellom hostinga, harkinga, sovinga og sløvinga.
Her er mine tankar om tre norske krimbøker som eg nett har "slukt". Alle forfattarane er debutantar innan krimsjangeren - og etter mi meining er dei alle meir enn "lovande".

Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk
Vigmostad & Bjørke 2013
533 sider

Dette er ein svært velskriven kriminalroman. Forfattaren Samuel Bjørk, som er eit pseudonym, spelar på akkurat dei rette strengene slik at lesaren vert fanga inn i historia frå fyrste stund; faktisk frå før du opnar boka. Sjå berre på det stilige/grøssande framsidebiletet og den besynderlege tittelen.

Somme anmeldarar har sagt at boka er spekulativ. Det vil eg ikkje sei meg enig i, - men eg meiner boka er særdeles utspekulert. Med det meiner eg at ein sit att, når ein har lest ut boka, med ei kjensle av at dette har eg lest før. Me kjenner att oppbygginga og komposisjonen, og dei leiande karakterane i boka som virkar merkeleg gjenkjennelege. I tillegg kjenner ein att kjensla av den uuthaldelege spenningen og ikkje minst; lettelsen over at dette "berre er ei bok". Og det er ikkje noko gale i eller feil med at ein kjenner att enkelte ting frå tidlegare. For truleg har forfattaren, kven no han/ho/dei er, henta inspirasjon frå andre gode og vellukka krimbøker. Og det funkar.

Her har me den einsame, sta og dyktige hovudetterforskaren og den sære, psykisk ustabile og dyktige kompanjongen, samt datanerden henta inn frå gata. Me får møta ei sær og skummel religiøs sekt med ein karismatisk og skrudd leiar og ein hjernevaska unggut. Og ikkje minst møter me eit søskenpar utsette for omsorgssvikt som gjer ei sjokkerande oppdaging i skogen.

Forfattaren legg opp til ei nifs og uhyggeleg stemning, noko han lukkast ganske bra med. Hurtige sceneskift, mange forteljarstemmer og cliffhangers gjer at boka har driv og spenning.
Terningkast 5.

En helt tilfeldig forbrytelse av Arne Garvang
Gyldendal 2013
383 sider


Arne Garvang, sjølvaste Pelle Parafin, krimdebuterte med denne boka i fjor. En helt tilfeldig forbrytelse er ei nokså urealistisk og usannsynleg historie, men det er ei underhaldande bok som eg likte godt.

To jenter på 8 og 13 vert tilfeldigvis kidnappa når redar-pappa'en deira forlet dei ei lita stund åleine i Jaguaren. To yrkeskriminelle må plutseleg endra planane når dei oppdagar at bilen dei stal inneheld to barn. Det enkle biltjuveriet veks til ei kidnapping som ikkje på nokon måte var planlagt på førehand. Jaguaren og dei to jentene vert gøymde inne i ein stor trailer. Dramaet er i gang. Perspektivet skifter vekselvis mellom dei to kidnappa jentene, foreldra og dei to tjuvane/kidnapparane/smuglarane. Og politiet, kvar er dei? Jo, dei er tilstades, men er ganske så hjelpelause i denne boka.

Boka har ein del språklege blemmer og logiske bristar - som er lette å oversjå. Det viktigaste er her sjølve historia; jakta på jentene og kidnapparane. Avslutninga er intens og nokså heseblesande. Terningkast 4.

Jentene fra balletten av Monika N. Yndestad
Vigmostad & Bjørke 2012
315 sider


Ei kjempespennande og skremmande realistisk bok - som eg las ut på ein dag. Det handlar om flinke tenåringsjenter som endrar åtferd, om fråverande og hjelpelause foreldre - og om ein lensmannsbetjent frå Helvete.

Eg blir opprørt når eg les bøker med denne tematikken. Om maktpersonar som begår overgrep. Om korleis enkeltpersonar og familiar går til grunne på grunn av slike hendingar. Forfattaren går tett på både offer og gjerningsperson - ubehageleg og rystande, men gripande og forståeleg.

Omgrepet jentene fra balletten vart brukt innan barnevernet i Bergen på 80-talet og viser til dei ressurssterke jentene som plutseleg dukka opp i rusmiljøet i byen - ofte på grunn av overgrep.

Forfattaren smører vel tjukt på, for å halda dramaet vedlike og spenninga stigande. Det er greitt nok i dette tilfellet, tykkjer eg. Boka er lettlest og inneheld ei tankevekkjande og sterk historie.
Terningkast 5.

8 kommentarer:

  1. Tenkte på det her om dagen; snart et år siden jeg var syk. Krysser fingrene for at jeg slipper unna. Den siste boka kan jeg tenke meg å lese. Kan ikke huske å ha lest om den tidligere. Bruker å kjenne igjen omslaget. Første gang jeg legger merke til sideantallet på den første; selv om jeg har lest mye om den tidligere; at det overstiger 500 sider. Ordet spekulativt: enkelt å slenge ut av seg. Likte at du var uenig.

    SvarSlett
    Svar
    1. "Spekulativ" er ein enkel og negativ karakteristikk. I dette tilfellet kan det vera lett å vera enig; det handlar jo om barn som offer. Eg vil likevel heller nytta ordet utspekulert.
      Det er fleire år sidan eg har vore sjuk, eg har eit godt immunforsvar og slepp som regel unna virusar og bakteriar. Men denne gongen måtte eg gi meg over. Ser fram til å ta til att på jobb på måndag.
      Jentene fra balletten er ei sterk bok med mykje realisme og aktualitet. Dessverre.

      Slett
  2. Jeg har lest den første og den siste. Nå i vinter kommer jo Monica med sin andre bok, og det gleder jeg meg til :) Ha en fin helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har sett at det kjem ei ny bok frå henne. Den skal lesast, heilt klart. Ho har lagt lista ganske høgt sidan denne fyrste var så bra.

      Slett
  3. Av disse har jeg lest "Det henger en engel alene i skogen" og den fallt så godt i smak at jeg rett og slett måtte nominere den til Bokbloggerprisen ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg vurderte sterkt å nominera boka eg òg.

      Slett
  4. Jeg har også lest den første og den siste og likte begge godt. Men Samuel Bjørk e rnok ikke en debutant. Hen har skrevet andre bøker , tror jeg.. mener også at forlaget har sagt det.
    Men ikke under pseudonymet Samuel Bjørk. Jeg reagerte på skrivestilen da jeg leste boka og tenkte at han/hen/hun ikke kunne være debutant, så jeg sjekket det opp, og fikk det bekrefeftet et sted at hen/han/hun sannsynligvis har skrevet bøker tidligere.

    Jentene fra balleten leste jeg under Øygardensaken og da ble den skremmende aktuell.

    Garvangs bok tror jeg at jeg har i kassene mine et sted..

    God helg.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. God helg, Anita :)

      Enig i det med Bjørk; vedkommande har heilt sikkert skrive fleire bøker tidlegare. Kanskje han/ho/dei ikkje vil stå fram som ein "simpel" kriminalforfattar?

      Og ja - eg hadde "Vågåsaka" i tankane då eg las boka..

      Slett