15. februar 2014

Biografilesesirkel: Livet med Elizabeth av Richard Herrmann

Cappellen Damm 2012
(papirutgåva kom ut på Cappellen i 1986)
Speletid: 4 t 55 min
Opplesar: Richard Herrmann
Kjelde:
Kjøpt lydfil

Runde 5 i Moshonista sin biolesesirkel har kongelege som tema. Dagens norske kongefamilie er kjedeleg lesestoff, tykkjer eg: Den overhyggelege kongen, den overflinke dronninga, det politisk korrekte kronprinsparet, og så Märtha då - som berre er irriterande og latterleg med englefjaset sitt. Ingen av desse er interessante nok for meg - så eg fann meg ei bok som handlar om ei heilt anna tid, eit heilt anna land og ein heilt annan type kongeleg person.

Eg vil tilbake til Tudor-tida i England og dronning Elizabeth den fyrste. Dette er ei historisk tid som eg tykkjer er svært interessant, og det skuldast - nettopp - Richard Herrmann. Eg er så gammal at eg hugsar "stemma frå London" i NRK, den gongen det berre fantest ein radio- og fjernsynskanal her i landet. Herrmann var NRK-korrespondent i London frå 1964 til -77, og i den tida ga han lyttarar og sjåarar utallige reportasjar og kåseri om britane sitt daglegliv og historie. Richard Herrmann hadde ei særprega stemme og ei oppriktig forteljarglede - med ein personleg, humoristisk og undrande stil.

Herrmann ga ut mange bøker. Tre av dei handla om engelske dronningar; Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria. Eg har lest alle, men det er mange år sidan. Det er òg lenge sidan Richard Herrmann kåserte om dronning Elizabeth på radio, men eg gjenkjente faktisk fleire av detaljane no då eg lytta til denne boka. Repriselesinga/-lyttinga denne gongen har rett og slett vore ein fryd, - og eg kan anbefala alle, både rojalistar og republikanarar - og alle anglofile -  å høyra på denne unike stemma; sjekk t.d. nrk.no. Herrmann døydde i 2010, 90 år gammal.

Elizabeth I altså. Fødd i 1533, dronning i 1558, død i 1603. Ei av to dronningar som har fått ein tidsalder oppkalla etter seg (den andre er Victoria), - England var eit land som utvikla seg enormt i løpet av hennar regjeringstid og vert gjerne kalla "the golden age". Den siste og kanskje viktigaste regenten i Tudor-slekta. Jomfrudronninga. Far: Henrik den 8., han med alle konene. Mor: Anne Boleyn, kone nummer 2, halshogd då Elizabeth var to-tre år gammal. Ein kan undrast på kva slags oppvekst eit slikt barn kan ha hatt. Ho var slett ikkje eit ønska barn; Henrik VIII ville ha ein mannleg arving. (Han skilde seg fleire gonger, førde to koner til skafottet og braut med paven i Roma fordi han ville ha ein son)

Men dronning vart ho - etter kvart og mot alle odds; den einaste sonen Henrik VIII fekk (Edvard VI) var svakleg og døydde som heilt ung og halvsystera til Elizabeth, den katolske Mary I (Bloody Mary, "Maria den blodige") døydde i 1558 - også av sjukdom faktisk. Verken dronning Elizabeth eller nokon andre av Henrik VIII sine born fekk arvingar - så då Elizabeth I døydde i 1603 var det slutt på Tudor-huset si regjeringstid. Deretter følgde Stuart'ane - men det er ei anna historie - og ei anna bok.

Richard Herrmann fortel om andre interessante samtidige med Elizabeth 1 som Francis Drake og William Shakespeare, han syner glimt frå dei innerste kongelege gemakkane, fortel om elskarar og friarar, kompliserte slektskapsforhold, religionsstrid, oppdagingsferder, den spanske armada, intrigar og rivaliseringar. Her er kuriosa, anekdotar og forteljingar iblanda bakgrunnsfakta og sakleg informasjon. Her får ein den eine historia etter den andre, den eine kongelege personen etter den andre, den eine krigen og henrettinga etter den andre - og alt dette vert framført på ein glitrande og framifrå måte av forfattaren sjølv.

Med andre ord: Topp underhaldning!

Andre bloggarar sine kongelege leseopplevingar kan lesast om du klikkar deg inn hos Moshonista.

12 kommentarer:

  1. For en flott omtale av boken. Jeg har også gode minner om Richard Herrmann og "Mine gleders by" er en favorittbok som jeg tror jeg må dra frem igjen i dag. Tror jeg har lest de andre du nevner og, men der er akk så lenge siden. Takk for fin påminner og ha en riktig fin lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. "Mine gleders by" er fin - det same er "Da ballen ble rund" og alle bøkene med krimforteljingar frå fortida. Det skal bli litt repriselesing/-lytting i tida som kjem!

      Slett
  2. Jeg har også interesse av Dronning Elisabeth og Tudortiden. Det var mye dramatikk der. Har sett flere filmer.. og lest en bok (som jeg ikke tror ville falle i smak hos deg.. hehe. Den handler om regresjon skrevet av en britisk hypnoterapeut- hvor en av pasientene opplevde å ha levd som dronning Elisabeth i et tidligere liv-- Men den er veldig interressant faktisk, og forfatter Steve Burgess skrive grundig om sesjonen og sjekket fakta i etterkant..) Selv leser jeg om Kleopatra, blir kanskje ferdig i morgen. Ha ee fin helg.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dagens kongelege "skandalar" blir tamme i forhold tidlegare tiders dramatikk.
      Den boka du nemner; du har heilt rett, den er eg nok skeptisk til..!
      Kleopatra er fascinerande då.

      Slett
    2. Ja, Ari Behn og Marha og Mette-Marit kan ikke måle seg med disse akkurat.. Og Harry prøver så godt han kan, men er vel mest klønete.. Ante meg nok at du er skeptisk til den boka jeg siktet til ja.., ;)

      Slett
  3. Åååå, for ein fin omtale! Og eg MÅ ta meg turen i mor sine bokhyller og låne bok! Eg som var skuffa då eg fan ut det var kongeleg tema i biografisirkelen, kjenner at eg kan godt ta ein runde til no (kanskje eg kan lese kongeleg i staden for sportsutøvarar? Nemnde ikke Ingalill noko om å vere den snillaste lesesirkelen??)
    Ha ein glad dag, Berit :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk!
      Eg trur heilt sikkert at Ingalill er ein snill person, så om du spør pent?

      Slett
  4. Pia: Skuffet over kongelige? Du og du og du?
    Tips til kongelige sportere - seilerkongen olav og polocharles
    , dessverre de eneste jeg kom på.

    Etter å ha lest 2stk omtaler om Hermann og Elizabeth er jeg overbevist om at dette er for meg. Har aldri interessert meg for emnet før Wolf Hall, og regner med at det blir mer Elizabeth i oppfølgeren som fokuserer rundt AnneB, men kan jo være greit med litt mer håndfast og mindre fiktiv matriale også.
    Fantastiske omtaler i denne runden!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vedk. kongelege idrettsutøvarar: Kong Harald er verdensmester i segling, britiske prinsesse Anne deltok i noko hestegreier i OL ein gong og den noverande fyrsten i Monaco - den gongen prins Albert -var OL-deltakar i ein eller annan marginal idrett.

      Eg er elles glad for at det ikkje berre er meg som er så begeistra for Richard Herrmann. Og Elizabeth.

      Slett
  5. Har ikke Idrettskongen en bok på mammut nå da? Forøvrig mye sportslig der, mest fotabll, men også ski..

    SvarSlett
  6. En glimrende omtale!
    Og takket være Ingalill og biosirkelen - og din kommentar, fant jeg den fine bloggen din :-) Her er det masse spennende å lese!

    SvarSlett