8. februar 2014

Bokhyllelesing: Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug

Bokbloggar Bjørg (Mellom linjene) har invitert til leseprosjektet Bokhyllelesing, der ho utfordrar bokbloggarar til å lesa bøker frå hyllene sine - innan ulike tema. Fyrste utfordring har tema ei skandinavisk bok frå 1900-talet, og kan såleis romma eit svært breidt utval av bøker. Eg har absolutt sans for at folk les frå sine eige hyller og ikkje berre hiv seg over det som er nytt og spennande heile tida. Dette er ei markering av at bøker ikkje er ferskvare; at bøker ikkje har noko datostempling.

Sjølv har eg ikkje så mange uleste bøker i hyllene mine, og absolutt ingen som kunne passa innan det nemnde temaet. Eg har i alle år fyrst og fremst vore ein lånar, ikkje ein kjøpar, så boksamlinga mi er faktisk ganske skrøpelege greier; stort sett berre nokre bøker frå eit bokklubb-medlemskap på 80-talet og ein del pocketbøker - mest krim. Så eg tenkte at denne utfordringa berre fekk gå sin gang utan mi deltaking, men etter kvart fann eg ut at eg kunne delta med ei bok eg hadde tenkt å lesa likevel, nemleg Prost Gotvins geometri, utgitt fyrste gong i 1998. Poenget med utfordringa er å setja fokus på litt eldre bøker, så denne burde passa greitt inn. Anita (Artemisias verden) har meldt på den same boka, og det skal bli spennande å sjå kva ho meiner; om ho har hatt ei tilsvarande leseoppleving som den eg har hatt.

**********************

Cappellen Damm 2010
(papirutgåva kom ut på Cappellen i 1998)
Speletid: 14t 14 min
Opplesar: Anders Ribu

Fantasirikdom, kunnskap og sprudlande forteljarglede. Dette er ord som kan beskriva romanen Prost Gotvins geometri og dessutan mange andre (for meg) kjende og kjære bøker frå Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap.

Den blyge presten Gotvin Soleng kjem frå Vanndal, ei oppdikta lita fjellbygd i Østerdalen. Han er ein søkande og nysgjerrig person som ein dag bestemmer seg for å reisa til Santiago de Compostela i Spania for å sjå nærare på nokre katolske mirakel. Gotvins fyrste utanlandstur vert ei reise utanom det vanlege. På togturen møter den jomfruelege presten ei heilt spesiell kvinne - og for fyrste gong forelskar han seg, djupt og inderleg. Men denne kvinna, Lucienne, gir han ei gåte: Han får ein teikning av fire geometriske figurar av henne. Dersom han klarar å løysa gåta, vil ho treffa han igjen.

Gotvin startar så på ei heilt anna reise; ei reise mellom tru og tvil, - mellom synd og skam på den eine sida og lyst og begjær på den andre. Gotvin si gudstru vert sett på prøve, og han utfordrar kristendommen, utfordrar Gud. Han oppdagar erotikken - det vert slutt på sølibatet, - men held fram med å venda seg til Gud i bøn. Samstundes kjem han på sporet av store naturvitenskapelege mysteriar, kvantemekanikk og "det gyldne snitt" og "det gyldne triangel" og vert som besatt av Kristian Birkeland (mannen på 200-lappen) og Macody Lund. Alt dette vert blanda saman med mange underlege og eventyrlege situasjonar - og ei svært vakker kjærleikshistorie.

Boka er heilt spesiell. Eg datt av lasset fleire gonger; spesielt når det gjalt Gotvin sine religiøse og filosofiske tankar. Men så plutseleg har forfattaren fått meg på sporet igjen, med forteljingar om harrfiske, gastronomiske måltid, gode vinar, danske mellomalderborgar og paleo-arkeologi. Samt tema som omhandlar ein falsk valdtektsanklage, ein alzheimer-ramma gamling, ein nyutgravd dinosaur og litt gresk mytologi. Alt dette klarar Nygårdshaug til å henga saman i ei forteljing, og det er rett og slett imponerande. At eg innimellom mista litt av konsentrasjonen, ser eg ikkje på som noko poeng. Eg hoppa ganske glatt over avsnitta med ulike matematiske utgreiingar, - matematikk har eg alltid sett på som eit uinteressant og unødvendig fag. Og det er heilt normalt at eg "dett vekk" når det handlar om kristendom og funderingar om det guddommelege sidan eg er ein ikkje-religiøs person.

Prost Gotvins geometri er ei tankevekkjande bok som til tider er både morosam og rørande. Sentralt i boka er religionskritikk og konflikten mellom naturvitenskap og religion. Gotvin får eit psykisk samanbrot når han finn ut at han ikkje lenger kan stola på Gud, at grunnlaget for kristendommen mest truleg er feil og løgn. Boka er svært underhaldande, men krev at lesaren er , open og interessert. Geografisk reiser me mykje: til Spania, Danmark, Tyskland og Egypt. Eg brukte internettet aktivt medan eg las boka. Mange stader, ord og begrep var i utgangspunktet framande for meg; men med Google og Wikipedia og diverse søkefunksjonar som hjelpemiddel har eg lest meg opp i "så ymse".

Språkleg og stilistisk er Nygårdshaug, som alltid, heilt suveren. Innhaldsmessig er det altså tidvis forvirrande, tidvis artig, tidvis veldig spennande og nesten heile tida interessant. Alt i alt ei stor leseoppleving - eller rettare sagt lytteoppleving i mitt tilfelle. Anders Ribu er forøvrig heilt perfekt som opplesar av Nygårdshaug sine bøker. Men av og til, når opplesaren ikkje har pusta på lenge, forstår ein at forfattaren har vore heller sparsam med teiknsetjinga i boka...

Forfattaren sin leik med personnamn må nemnast, det er eit av "varemerka" hans. Nygårdshaug sin fantasi og humor kjem til uttrykk ved t.d. namna på menigheitsrådet sine medlemer i Vanndal; dei heiter Bråten, Markbråten og Stormarkbråten. Gotvin sin ven og fortrulege er dyrlegen i bygda, Baron (uttalast med trykk på fyrste staving) Åkerjord, den stakkars forvirra faren lyder namnet Kastor... og brødrene heiter Ludens og Violon... for å nemna nokre få av bipersonane.

Eg ser fram til å lesa Fortellernes marked - med tid og stunder. Der møter me att fleire av karakterane og mange av dei same problemstillingane og tankane som me vart kjende med i denne boka.

Les oversikten: 1. runde i bokhylleutfordringa - Mellom linjene.

7 kommentarer:

  1. Tenk, jeg har lest nesten alle bøkene, uten å få helt grepet på dem. Har havnet på 4`ere på de fleste. Derfor er det spennende å lese sånne gode omtaler :)

    SvarSlett
  2. Eg kjenner igjen mykje av det du skriv her, frå då eg las Fortellernes marked. Eg var ikkje kjempebegeistra, for eg synest ofte skjønnlitterære bøker som har som så klar agenda å diskutere eit tema, slik desse bøkene har, ofte faller litt mellom to stolar. Eg trur at Nygårdshaug kunne skrive ei veldig god sakprosabok om relgion og vitenskap, men i alle fall når det gjeld Fortellernes marked, var det litt som om "prosjektet" overdøyva sjølve romanen, om du skjønner. Og eg synest det er ein tendens, når ein forfattar har ein veldig klar agenda.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser den. Men eg tykkjer det er greitt at ein forfattar har meiningar. Det kan ofte bli noko tannlaust om ein forfattar ikkje tek stilling til dei tema som det vert skrive om. Nygårdshaug er omdiskutert og han legg ikkje skjul på at han har ein agenda - om det no handlar om religionskritikk eller miljøvern. Når det gjeld Prost Gotvin, er det heile "pakka inn i" ei sjarmerande historie som eg ikkje har problem med å lika.

      Slett
    2. Så lenge det fungerer er det jo greit. Eg synest bare alt for ofte at det ikkje fungerer. Sjølv har eg lese Mengele zoo og der synest eg det politiske fungerer veldig godt. Men i Fortellernes marked synest eg ikkje det gjer det.

      Slett
    3. Mengele Zoo er jo både vakker og grusom.
      Eg har tenkt å lesa Fortellernes marked seinare. Eg vil ikkje ha "overdose" Nygårdshaug :-)

      Slett
  3. Virker som en bra bok så denne skal jeg notere meg! Jeg leste "Honningkrukken" for en stund siden og like den godt :)

    SvarSlett
  4. Tror nok jeg skal få lånt denne som lydbok og ta resten der.. ser at du også falt litt av. Jeg har litt problemer med flyten og drivet i denne boka. så derfor måtte jeg bare legge den fra meg og lese noe annet.. Kanskje ikke rette boka å lese på senga rett og slett..

    SvarSlett