22. februar 2014

Bokomtale: Fasadefall av Liza Marklund


Vigmostad & Bjørke 2013

404 sider
Oversetjar: Dorthe Emilie Erichsen
Kjelde: Lånt privat

Den svenske tittelen på bok nr. 10 i serien om Annika Bengtzon er Lyckliga gatan - og er ironisk meint. I den rike forstaden Solsidan er levestandarden høg og fasadane perfekte; pene heimar med blankpolerte møblar, flott interiør og "hemmafru". I dette miljøet bur den vellukka riksdagspolitikaren Ingemar Lerberg saman med sin Nora og deira barn (tankane går til Ibsen og Et dukkehjem..) - heilt til politiet ein dag finn Lerberg medvitslaus og blodig på soverommet sitt.

Mannen har vore utsett for grusom tortur, Nora er vekke. Har ho flykta? Er ho kidnappa? Myrda? Kan ho stå bak mishandlinga?

Journalist Annika Bengtzon i Kvällspressen har fortsatt eit noko turbulent privatliv, men ho er meir i balanse og mindre slitsam å lesa om enn tidlegare i denne bokserien. Saman med ein ung praktikant vert ho raskt sett på saka med den mishandla politikaren. Yrkesmessig har også Annika falle til ro og ho innser og innfinn seg med at jobben som journalist har endra seg: Ordet deadline finst ikkje lenger. Våre dagars nettaviser publiserer nyhende døgnet rundt og krev at ein er online heile tida.
Annika sin sjef og redaktør Anders Schyman får smaka "eigen medisin" når det vert avslørt at han muligens kan ha juksa seg til Den Store Journalistprisen. Schyman vil reinvaska seg - og ber Annika om hjelp. Schyman vart i si tid tildelt prisen for ein TV-dokumentar som omhandla ei forsvinningssak som likna svært på saka om den forsvunne Nora. Kan det finnast spor her?

Parallellt med Annika sine journalistiske granskingar får lesaren følgja politiet si etterforsking gjennom politikvinna Nina Hoffmann (som me møtte i Livstid) og som er heilt fersk i Rikskrim. Dei skiftande perspektiva er elegante og gjer boka til ei "tett" forteljing med høg sidevendarfaktor. Boka er ikkje akkurat superspennande, men har ein ganske overraskande og snedig avslutning.

Eg likar godt Liza Marklund sin serie om journalisten Annika Bengtzon - eg tykkjer bøkene er underhaldande og aktuelle - og har lest dei fleste. For kronologifantastar kan det vera greitt å vita at rekkefølga bøkene vart utgitt på, ikkje stemmer med handlingane i bøkene. For eksempel er Sprengeren den fyrste boka som vart utgitt, medan handlinga i Studio sex (utgitt som nummer to) føregår fleire år før Sprengeren.

Bok nummer ni - som har norsk tittel
'Borderline'. Marklund er sjølv modell
på bokomslaga sine.
Det går heilt fint å lesa Fasadefall om ein ikkje har lest dei tidlegare bøkene i serien, men sidan Annika sitt privatliv tek ein såpass stor plass i bøkene, vil eg rå til å lesa dei i "rett" kronologisk rekkefølge slik: (år utgitt i parentes).
  1. Studio sex (1999)
  2. Paradiset (2000)
  3. Prime time (2002)
  4. Sprengeren (1998)
  5. Den røde vargen (2003)
  6. Nobels testamente (2006)
  7. Livstid (2007)
  8. En plass i solen (2008)
  9. Borderline (2011)
  10. Fasadefall (2013)
    Marklund har uttalt at Fasadefall er den nest siste boka i serien om Annika Bengtzon. Eg er veldig spent på korleis forfattaren kjem til å avslutta det heile.

      1 kommentar:

      1. Flott omtale! Står på vent på denne, men jeg ser at det er flere med meg som begynner å bli litt mettet. Kanskje hun er litt lei selv siden hun ikke oppnår så veldig gode omtaler på denne boken :)

        SvarSlett