2. februar 2014

Bokomtale: Pythias anvisninger av Jerker Eriksson og Håkan Sundquist

Front forlag 2013
503 sider


Årets fyrste seksar!


Den siste boka i trilogien Victoria Bergmans svakhet er ei bok eg har gru-gleda meg til å lesa. Bøkene i serien er for folk med gode nerver og stabile magar, - dei er spennande, krevjande, nervepirrande, fråstøytande, overraskande - og veldig godt komponerte - med fleire historiar som vever seg saman i notid og fortid. Fleire har samanlikna denne trilogien med Millennium-trilogien, og eg kan stadfesta at for meg har leseopplevinga vore nesten like stor som for Stieg Larsson sine bøker - men dei er likevel heilt annleis. Her er ikkje så mykje action, her ligg spenninga og framdrifta i det psykologiske, det mystiske, det overraskande og det ukjente.

I Pythias anvisninger vert trådane frå Kråkejenta og Hungerilden henta fram att - og fleire av desse får nye og overraskande vriar og løysingar. Lesaren vert driven frå skanse til skanse med stadig nye opplysningar og vinklingar.

 - To kvinner vert funne døde i ein utbrent bil, det ser ut som om dei har tatt sjølvmord i lag etter at dei har "tilstått" fleire drap. Men det er fleire moment som er uklare og ting stemmer ikkje heilt.
 - Politiinspektør Jeanette Kihlberg strevar også med eit par andre spesielle og vanskelege saker: Fleire unge gutar har vorte funne drepte, lemlesta og balsamerte, og det er nesten uråd å få dei identifiserte.
 - Dessutan har ein funne fleire myrda veletablerte menn, - etterforsking tyder på at dei alle var pedofile og at dei tidlegare har gjort seg skuldige i svært grove overgrep. Fleire personar - mellom anna den forsvunne Victoria Bergman - har hevnmotiv.
 - Psykoterapeuten Sofia Zetterlund hjelper Jeanette med gjerningsmannprofilane, og dei to kvinnene innleiar etter kvart eit kjærleiksforhold. Det Jeanette ikkje veit, er at Sofia er ein sjuk person; ho har ein splitta personlegdom. I fortida si har Sofia opplevd så sterke og grusomme overgrep at ho, for å halda ut og verna seg sjølv, har fleire personar inni seg. Den eine av dei kallar seg Kråkejenta, ein annan Victoria Bergman.
 - Og på ein ukjend stad renn tida snart ut for den innestengde og fastbundne Ulrika Wendin..

Jeanette Kihlberg er ein annleis protagonist, der me får følgja tankane og utfordringane hennar i arbeids- og kjærleikslivet. Det at lesaren heile tida skjønnar og veit meir enn Jeanette, gjer lesinga ekstra nervepirrande. I krimbokverda er gjerne hovudpersonen ekstra oppvakt og merksam - i Victoria Bergmans svakhet har Jeanette ofte skylappar på. Den mest spennande personen i serien er likevel Sofia/Victoria. Kva er fantasi og kva er verkeleg av det som vert fortalt? Sofia held på med sjølvterapi - kan ho verkeleg lukkast i å bli frisk? Kva kjem då i tilfelle til å skje med Sofia og Victoria - og med forholdet til Jeanette? Har ho verkeleg gjort alt det som ho trur ho har gjort? Eller er det ein annan? Kva med barnet ho ein gong fekk - med sin eigen far - og vart tvinga til å gje frå seg?

Alle bøkene i serien har nerve; dei er tre utruleg bra bøker; fantasirike, adrenalinspennande og originale, og ein vert litt utmatta etterpå. Det er på mange måtar krevjande og utfordrande lesing, og passar absolutt best for erfarne krimlesarar. For meg har dette vore den beste og sterkaste leseopplevinga eg har hatt på lenge. No, som eg har lest ut den siste boka, har eg faktisk berre lyst til å lesa alle tre bøkene på nytt; alt ein ikkje heilt forsto i dei to fyrste bøkene har no fått forklaring og falle på plass. Men det vert sjølvsagt ikkje aktuelt; bøkene hadde jo ikkje vore så spennande om ein hadde lest med fasiten i handa. Det er dei uventa vendingane og skildringane av dei psykologiske irrgangane som gjer serien så bra. Det handlar om såpass interessante og rystande tema som dei mørkaste sidene i menneskesinnet og om konsekvensar av gjentekne overgrep og systematisk omsorgssvikt i barndommen. Eit anna gjennomgåande tema i trilogien er skarp og bitande kritikk av styresmaktene generelt og helsevesenet og psykiatrien spesielt.

Pythias anvisninger har mange korte kapittel, alle avsluttar med cliffhangers som driv handlinga raskt framover. Spenninga og ubehaget stig etter kvart som ein les. Dei mange parallelle historiane, perspektiva og tilbakeblikka gjer også at lesetempoet stig - sjølv om ein kanskje ønskjer å lesa litt sakte for å få med seg alle fiffige detaljar. Forfattarane nyttar presensform i alle notidsforteljingane - dette er virkningsfullt og fører til at lesaren vert meir tilstades i handlinga. Som vanleg avsluttar Eriksson og Sundquist med følgjande: Takk til: Ikke en jævel.

Bøkene i serien har blitt karakteriserte som bestialske og spekulative. Ja, kanskje, - men Eriksson og Sundquist fortel ikkje altfor detaljert om dei fæle hendingane som finn stad. Forfattarane gjer det på ein annan måte; dei spelar på fantasien til lesaren -  så lesaren sjølv lagar sine eigne grufulle bilete.
Er så handlinga truverdig? Nei, neppe. Men igjen: Forfattarane får lesaren til å tru på hendingane akkurat medan han/ho les. Det er det viktigaste, og det er dyktig gjort i dette tilfellet.

Eg har gitt terningkast seks; det betyr at eg har vore svært, svært nøgd med boka - og med trilogien. Fremst i denne boka er ein oversikt over hovudpersonane i selrien. Det var veldig nyttig for meg, det har gått fleire månader sidan eg las bok nr. 2, Hungerilden, - og det er mange karakterar å halda styr på. Pythias anvisninger kan ikkje lesast åleine; det er heilt naudsynt å lesa alle tre bøkene i rekkefølge.
Så altså: Les! Les Kråkejenta, Hungerilden og Pythias anvisninger. Du vil få ei intens, skremmande og ekstremt spennande leseoppleving! 

4 kommentarer:

  1. Jøss, sekser..-- fra deg. Jeg har fortsatt de to første i denne trilogien ståedne på vent i hylla mi, men nå tror jeg de må frem fra trengselen/glemselen gitt..:) Skal bare lese ferdig litt Jussikrim først, samt et par nye krimbøker av året..(pluss alt det andre som ikke er krim da)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er svært delte meiningar om denne trilogien. For meg vart det som du skjønnar fullklaff - ettersom eg likar grøssande psykologisk krim.

      Slett
  2. Fascinerende omtale. Først tenkte jeg at dette vil jeg lese, for jeg har stabil mage, men så leste jeg litt lenger ned, og ble betenkt. Jeg pleier irritere meg over etterforskere som er "trege" så når du sier at Jeanette ikke ser det du ser, så tenker jeg hm...
    Når du senere sier at du ikke vet hva som er fantasi og virkelighet, da detter jeg av. Blir allikevel svært så nysgjerrig på en trilogi som du gir en 6`er. Takk for advarselen om å lese alle bøkene, ellers hadde jeg gjerne hoppet på den siste :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er ikkje lettlest og lettbeint tradisjonell krim som ein les for å slappa av. Kan på ein måte samanliknast med Joona Linna-serien (Lars Kepler) - om du har lest dei bøkene.

      Slett