12. februar 2014

Spinkel mammut

Opptil 80% rabatt! 1100 titlar! 
Det høyrest fint og forlokkande ut, men etter å ha granska katalogen er eg ikkje så veldig imponert over årets mammutsal, verken over utval eller prisar. Alt var betre før, i alle fall når det gjeld mammutsal. Eg hugsar godt for mange år sidan då det var verkeleg gode prisar på bøkene som vart lagt ut for sal. "Magien" ved mammutsalet finst ikkje lenger. No i dag har kjedene og nettbutikkane tilbod heile året, ofte til prisar som ligg langt under annonsert mammutpris. Det er heller ikkje dumt å ha litt is i magen og venta litt; mange bokhandlar set ned prisane etter litt tid; då vert det gjerne halv pris av mammutprisen.

Eg er ikkje nøgd med utvalet heller. Innan krim og spenning - som er den sjangeren eg kjenner best og les mest, er det rett nok 70-80 titlar, men av bøkene som no er lagt ut på sal har eg lest ein heil del, - og av dei resterande var det påfallande mange uinteressante titlar. Enno verre er det i roman-kategorien. Dei - for meg - mest interessante bøkene har eg alt lånt og lest.

Kva så med lydbøker? Niks. Elendig. Skrøpeleg. Skuffande. Rett og slett dårleg. 15 titlar, eg har lest/høyrt 5 av dei før. Dei resterande 10 kan eg ikkje tenkja meg.
Det som redda innhaldet i katalogen for meg vart humorkatagorien. Nytt av året er at ebøker er med i kampanjen - og her er ein del bra titlar lagt ut for mammutsal.

Ønskelista mi vart heller spinkel. Dette vart resultatet etter at eg har gått gjennom katalogen - og då har eg vurdert både pris og ønske:
  • 1 stk. biografi om Kjetil Rekdal. Han er, pussig nok, både irriterande og sjarmerande på ein gong. Kanskje eg skal lesa om "I" i neste biosirkel-runde?
  • 1 stk. krim av Merete Junker. Har lest to av henne tidlegare - dei var OK.
  • 1 stk. Bookerprisvinnar. Har litt lyst til å lesa Historien om Pi. 99 kroner er overkommeleg.
  • 1 stk. Falch. Eg veit at denne er bra, for eg har kikka i Ingen fridde i Jølster tidlegare. 99 kroner for denne også, og det er egentleg dyrt for ei så tynn bok. Men Sigmund Falch er hysterisk morosam!
  • 1 stk. Eide. Oppdrag Mottro hadde eg rett og slett gløymt, denne har eg verkeleg lyst på. Linda Eide er flott, og ho er både morosam og seriøs på ein gong.
  • 1 stk. vanskeleg andrebok. Eg elskar dikta til Jon Hjørnevik.

Sjølvsagt er det ein heil del velskrivne og velkjende bøker mellom dei titlane som er lagt ut for mammutsal òg. "Problemet" mitt er at eg har lest så mange av dei før.
Her er eit utval av bøker eg har lest og likt av årets mammutsalbøker:
  • Journal 64 av Jussi Adler-Olsen
  • En norsk spion av Aslak Nore
  • 1Q84 bok 3 av Haruki Murakami
  • Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon
  • Brødrene frå Iron House av John Hart
  • Natten drømmer om dagen av Ingvar Ambjørnsen
  • Dødens disippel av Hjort og Rosenfeldt
  • Misterioso av Arne Dahl
  • Fedrenes løgner av Tom Egeland
  • Nostradamus' testamente av Tom Egeland
  • Ildmannen av Torkil Damhaug
  • Himmel over London av Håkan Nesser
  • Stolpesnø av Marit Reiersgård
  • Av jord er du kommet av Chris Tvedt
  • Der hvor roser aldri dør av Gunnar Staalesen
  • Honningfellen av Unni Lindell
  • Jentene fra balletten av Monika Yndesdal
  • Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson
  • Jeg er Zlatan av David Lagercrantz
  • Jeg er Prableen av Prableen Kaur
  • Flaskepost fra P av Jussi Adler-Olsen (kun ebok)
  • Drømmenes land av Vidar Sundstøl (kun ebok)
  • Drageløperen av Khaled Hosseini (kun ebok)
  • Brobyggerne av Jan Guillou (kun ebok) 
  • Ved elven av John Hart (kun ebok)
For min del vert det ikkje "løp og kjøp!" kommande måndag. Men - ein kikkerunde i mine lokale bokhandlarar skal det bli.
Andre som har blogga om Mammutsalet: 
(den andre)Berit, BeatheKarinleserBokbloggeirBokelskerinnen, Artemisia, Elikken, Anita

3 kommentarer:

  1. Heilt einig med deg - det meste var betre før når det gjeld mammutsal. Eg er også veldig skuffa over prisane - kr. 179,- for ein roman er ikkje megasal i mine auge! Eg har funne eit par-tre bøker eg vil vurdere men utover det er det lite interessant...

    SvarSlett
  2. Jeg har også lest mange av dette årets bøker, og det var en de bra sånn sett, synes jeg. Mange biografier som fristet…var der også. Takk for linkng. Linker til deg også.:)

    SvarSlett
  3. Ja, hurra for Linda Eide! Boka hennes er kremgod, nesten like bra som dama selv :)

    SvarSlett