6. februar 2014

To kjappe

For kort tid sidan lytta eg til to korte romanar; Mors gaver av Cecilie Enger og Vareopptelling av Erlend Loe. Begge er norske, begge vart utgitt i 2013, eg likte begge ganske godt og i begge tilfella er det er forfattaren sjølv som er opplesar av lydbøkene. Elles har dei lite og ingenting felles.

Mors gaver

er ei varm og nær forteljing om ei mor, ein familie, om oppvekst og om tida som går. Eg hadde ikkje så store forventningar til boka; eg trudde (frykta) på førehand at ho skulle vera for sentimental, - men eg oppfatta ho faktisk ikkje slik. Cecilie Enger held seg (akkurat) innanfor "grensa" slik at det ikkje vert klissete. Sidan eg er omlag like gammal som forfattaren, kjenner eg att mange av tinga, tidsbileta, haldningane og stemningane. Enger fortel si eiga familiehistorie, og serverer samstundes mange glimt frå kulturhistoria vår dei siste 50 åra.

Mors gaver er fylt av ettertanke og refleksjonar som forfattaren har gjort i samband med rydding av mora sitt hus. Skildringa av korleis den sterke, systematiske og arbeidssame mora gradvis vert endra til eit forvirra, frustrert og engsteleg menneske er svært gripande - og gjenkjenneleg for mange. Boka appellerer nok mest til kvinner, men eg vil gjerne anbefala boka til alle som har eller har hatt ei mor.

Kjelde: Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget


Vareopptelling

Erlend Loe tek i denne boka eit slags oppgjer med bokanmeldarar, - og han har (difor?) fått ganske så lunkne kritikkar for denne romanen. Boka handlar om den aldrande halvkjende lyrikaren Nina Faber som kjem ut med ny diktsamling etter fleire års skrivetørke. Anmeldingane er dårlege; ho vert beint ut slakta - og når bokhandelen kansellerer avtalen der ho skal halde opplesing (fordi dei liksom skal ha vareoppteljing) vert det for mykje for stakkars Nina...

Vareopptelling er ei sjarmerande bok med ei noko absurd handling og ein hovudperson i ubalanse, ho har ein humoristisk tone og eit enkelt og naivt språk. Eg tykte boka var morosam; ikkje på den gapskrattande måten, men på ein humrande måte. Erlend Loe er ein kul fyr og ein forfattar som har beina på jorda. Eg likte godt portrettet av han i Bokprogrammet på NRK. Det kan sjåast her.

Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

3 kommentarer:

  1. Mors gaver likte jeg veldig godt,men Vareopptelling har jeg ikke fått med meg. Erlend Loe er jo morsom da, så da er det bra at boken hans også hadde fin humrefaktor :)

    SvarSlett
  2. Vareopptelling likte jeg også godt. HUmrebok er nok mer treffende enn gapskrattbok, ja. Mors gaver tror jeg at jeg står over.

    SvarSlett
  3. Mors gaver er utrolig fin...mimrebok også.

    SvarSlett