7. mars 2014

Bokomtale: Buddhas barn av Torbjørn Færøvik

Buddhas barn
Cappelen 2007
Speletid 14:59

Opplesar: Trond Brænne

Torbjørn Færøvik fortel i denne boka om ei fascinerande ferd gjennom Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma. Reisa går gjennom skiftande landskap og kulturar, møte med mange forskjellige menneske og samfunn - og ikkje minst: ulike historiske hendingar.

Buddhas barn er inga vanleg turist- og reiseskildring. Færøvik ser meir og vidare enn dei fleste andre og set ting i samanheng: Han fortel om korleis tilhøva i desse landa er i dag og flettar i tillegg inn både nær og fjern historie. Dette gjer han på ein elegant og pedagogisk måte. Færøvik fortel om religion, kultur og natur. Om kolonitid, Vietnamkrig og Røde Khmer. Om jungel, templar og munkar. Om opium, regnskog og elefantar.

Boka vitnar om at forfattaren har omfattande historiske kunnskapar og at han har gjort sine refleksjonar. Lesaren/lyttaren får mykje politisk og kulturhistorisk informasjon, men språket i boka er enkelt og ganske uhøgtideleg. Eg oppfattar boka som svært lærerik og interessant - samstundes som ho er underhaldande. Reisa gjennom dei fire landa vert skildra på ein god måte. Eg tykkjer det er spesielt fint at forfattaren har snakka med så mange ulike menneske og fått dei til å fortelja om sine tankar og opplevingar.

Ein dokumentar som dette egna seg bra som lydbok og stemma til Trond Brænne var behageleg å lytta til. Å ha internett, atlas og andre oppslagsverk tilgjengeleg medan ein les er eit must.

2 kommentarer:

  1. Herlig! Denne boka har jeg enda ulest i hylla mi, og nå har jeg nettopp lånt den bort. Jeg vet den skal frem når jeg begynner å snuse mer på Asia.:) God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Sikkert ekstra interessant for deg som reiser så mykje, Anita.
      Ha ei fin helg du og :-)

      Slett