15. mars 2014

Bokomtale: Djevelanger av Frode Granhus

Lydbokforlaget 2014
Opplesar: Nils Johnson
Speletid: 9 t
Kjelde: Lytte-eksemplar


Djevelanger bør få plass i påskesekken til krimlesarar i år! Den tredje boka om Rino Carlsen i Bodø-politiet har ein spennande natur som effektivt bakteppe - og er ein godt samanskrudd krimforteljing.

Eg vart veldig begeistra for den forrige boka, Stormen, som eg las i fjor. For kort tid sidan las eg også bok nummer ein, Malstrømmen - og den vart eg litt skuffa over. For meg vart det for mange og for "utydelege" karakterar å halda styr på i den boka - dessutan var handlinga for usannsynleg og oppkunstruert etter min smak.

Mykje av det usannsynlege er også til stades i Djevelanger - men historia har nerve og er komponert på ein veldig bra måte. Ho er spennande, har gode natur- og miljøskildringar, godt driv - og ein dramatisk og uventa vri på slutten. Språkleg sett er boka betre enn dei føregåande, men når det gjeld dialogane har forfattaren enno mykje å henta. Dei er ofte dårlege og kunstige, tykkjer eg. Hovudpersonen Rino Carlsen er ein utradisjonell og dyktig etterforskartype, men han oppfører seg ofte som ein umoden gutunge. Eg har ikkje heilt fått "tak på" denne typen enno. Ikkje fekk eg heilt sansen for den nye partneren hans, Guro Hammer, heller. Og Rino sine forsøk på å få i gang ein flørt med Guro, er heilt håplause. Men det er vel kanskje også meininga..?

6 år gamle Ida vert borte medan ho er ute og leikar eit stykke frå heimen. Alt tyder på at ho er kidnappa, og Rino vert sett på saka saman med den nytilsette Guro. Det vert henta fram to uløyste barneforsvinningar frå fleire år tilbake i det same distriktet. Kan det vera ein samanheng? Foreldra til Ida oppfører seg merkeleg; mora er fortvila og forknytt, faren - ein manipulerande emissær - er like roleg og fortel at han har "sett" at Ida vil komma tilbake om tre dagar. Kan det vera faren som står bak det heile? Har han konstruert eit "bevis" på sine eigne "synske" evner?

Djevelanger er ein pageturner; spenninga vert gradvis oppbygd gjennom korte kapittel, mange "trådar" og skiftande perspektiv. Sjølve hovudhistoria er neglebit-spennande, - det vert gjerne ekstra intenst når det handlar om eventuelle ugjerningar mot barn. Tematikken er ubehageleg og ekkel og har - dessverre - parallelle trekk med historiar frå den verkelege verda.

Eg har lytta til lydbokversjonen og likte godt Nils Johnson si opplesing. Det nordnorske tonefallet hans understrekar liksom det "eksotiske" og nordnorske i historia.
Tusen takk til Lydforlaget som sende meg lytteeksemplar.

Andre bloggmeiningar om Djevelanger: Anita, Tine, Anette, "den andre" Berit

2 kommentarer:

  1. Jeg kunne vel ikke vært mer enig ;o)
    Nils Johnson er en perfekt oppleser for historier lagt til den nordlige delen av landet vårt. Han leste jo "De usynlige" av Roy Jacobsen også, og det var en flott lytteopplevelse!
    Jeg kikka forresten litt på sendingene fra krimfestivalen, og der var det en av forfatterne som sa at når man leser krim, skal man ikke henge seg for mye opp i om alt er troverdig, for når alt kommer til alt, er virkeligheten det mest utrolige av alt! Veldig godt sagt, egentlig, men vanskeligere å leve etter jo mer man leser..?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har skaffa meg lydbokversjonen av De usynlige og reknar med at det vert bra å høyra på den.
      Og det stemmer nok, det som vart sagt; ingenting er så rystande og utruleg som det som skjer i den verkelege verda..
      Eg er ikkje så opptatt av at alt skal vera så realistisk som muleg i ein krimroman. Hovudpoenget er å få lesaren til å "tru" på det som skjer og dei personane som fortel MEDAN han/ho les.

      Slett