11. mars 2014

Bokomtale: Gravrøys av Johan Theorin

Gyldendal 2014
464 sider

Oversetjar: Kari Bolstad
Originaltittel: Rörgast
Kjelde: Lånt privat


Johan Theorin har fullført "Ölandkvartetten" med stil! Den siste boka Gravrøys er eit verdig punktum for ein svært velskriven og lesverdig serie. Bøkene er frittståande og treng ikkje nødvendigvis lesast kronologisk. Eg anbefalar bøkene sterkt, for det fyrste fordi dei er spennande og dramatiske, men også fordi Theorin skildrar landskap og menneske på ein så god måte; med innsikt, innleving og varme. Dei fire årstidene er effektfulle "rammer" for handlinga i bøkene; i den fyrste, Skumringstimen, er det haust, i Nattefokk er det vinter og handlinga i Blodleie er lagt til våren.

Gravrøys er handlinga lagt til sommaren 1999; turistane og feriefolket har innteke hytter, hotell, feriehus og campingplassar på Öland. Mellom dei som skal opphalda seg på øya i sommarferien, er 12-åringen Jonas - han er ein av hovudpersonane og den eine forteljarstemma i boka.

"Hovudrolla" i serien og den som bind saman dei ulike forteljingane i Gravrøys - i fortid og notid - er det gamle Gerlof som har. Kroppen hans er skrøpeleg, men i sitt 85. år er Gerlof enno klår i hovudet og kjapp i tankegangen. Han skjønnar instinktivt at Jonas er einsam og har det litt vanskeleg, og tek seg av den unge feriegjesten. Jonas høyrer til den velståande storfamilien Kloss, og Gerlof minnest si eiga ungdomstid og opplevinga han hadde for nesten 70 år sidan då han jobba som kyrkjegardsgravar. Under gravferda til Edvard Kloss, ein slektning av Jonas, høyrde fleire personar, mellom dei den unge Gerlof, bankelydar frå kista. Kista vart opna og sjekka - men mannen var død. Tilbake i "notid", sommaren 1999, grunnar Gerlof framleis på dette. Samstundes vender ein person med sterke og bitre hevntankar tilbake til Öland - nærare bestemt til familien Kloss.

Theorin har lagt vekk mesteparten av dei overnaturlege elementa som han av og til har "krydra" bøkene sine med. Heldigvis. Eg vil helst ha ein rasjonell forklaring på historiar/mysteriar og er ikkje spesielt begeistra for spøkelsar og gjenferd. Spøkelsane skremmer meg ikkje, dei berre irriterer meg..

Gerlof er ein slags mannleg ölandsk versjon av Miss Marple; observant, analytisk og klok. Han er ein "krimhelt" utanom det vanlege, og Theorin sine romanar skil seg då også ut frå vanleg tradisjonell nordisk krim. Forteljarstilen er langsam - men også drivande. Med skiftande perspektiv og hurtige sceneskift vert spenninga bygd opp mot eit dramatisk avsluttande klimaks.

Eg vurderer Gravrøys til terningkast fem pluss!

9 kommentarer:

  1. Godt (be)skrevet! Akkurat nok - og akkurat nok fristende :-)
    Selv syns jeg Skumringstimen og blodleie ble i tregeste laget, mens jeg elsket Nattefokk. Jo flere spøkelser, jo bedre :-D
    Så får vi se hvor lenge jeg klarer å.holde meg unna denne...

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ei utfordring å skriva passe mykje/lite om handlinga i ei bok. Eg hadde notert meg mykje meir av handlinga i denne boka, men i ein kort omtale kan ein ikkje ta med alt. Poenget mitt er (når det er ei bok eg likar) å gi ein kort introduksjon slik at folk kan bli frista til å lesa resten sjølve.

      Slett
  2. Har lenge hatt lyst å lese Theorin, men starta med Bølgerrytteren og andre fortelleinger og det stoppet opp etter halve boka- for mye gravin gpå kirkegårder og knokler-- Er bøkene like dan?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vanskeleg å svara på, sidan eg ikkje har lest Bølgerytteren. Gamle knoklar kan jo vera stemningsskapande - men det kan verta for mykje av slike "skrekkverkemiddel".
      Det er fleire år (og uendeleg med bøker) sidan eg las Nattefokk og Skumringstimen - eg hugsar berre at eg likte dei godt og at eg vart litt betatt av karakteren Gerlof.

      Slett
    2. Ok, da får jeg bare prøve selv.. Har vel Nattefokk på lydbok, og Blodleie på svenk lyd (den prøvde jeg meg på,, men det ble det ikke noe greie på ) :)

      Slett
  3. Jeg har lest alle tre foregående ( i rekkefølge) og skal lese denne også. Selv om jeg påstår at jeg ikke har tro på spøkelser og gjenferd, skremte Nattefokk meg skikkelig. Fra side 1. Tolker meg selv at jeg er litt i tvil om at de finnes. Vel; tilbake til din omtale som jeg skal huske. Når du likte romanen, så har jeg stor tror at jeg kan glede meg til den. Men jeg skal ikke skylde på deg om det blir en liten nedtur som det ble med Blodleie. Uansett, det du skriver om bøkene hans er jeg enig i. Jeg synes han skaper så klare bilder av f eks naturen handlingen foregår i at det er nesten som om jeg ser en film. Naturen f eks.

    SvarSlett
    Svar
    1. Blodleie vart ein nedtur for meg òg. Er enig i at skildringane hans av natur og miljø er filmatiske. Eg har verkeleg lyst til å reisa til Öland ein gong!

      Slett
  4. Korte omtaler er ofte det beste :) Glad du likte boken, det gjorde jeg også. Jeg er heller ikke redd for spøkelser, men jeg savnet faktisk litt av den skumle atmosfæren som dette ga i de første bøkene. Hos meg ble det full score, kanskje mest fordi jeg endelig leste en krim som ga meg litt hjertebank :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Spooky stemning og uforklarlege hendingar er element som løftar spenningskurva og pirrar leselysta. Men - eg vil helst ha ei "naturleg" forklaring på slike ting.
      Eg ser fram til neste bok frå Theorin - spennande å sjå kva han har tenkt å by på i framtida!

      Slett