16. mars 2014

Bokomtale: Helvetesilden av Karin Fossum

Cappelen Damm 2014
256 sider

Kjelde: Lånt privat

Egentleg
las eg i to andre bøker då eg fekk Helvetesilden i hendene her ein kveld. Eg skulle berre nett kikka litt i boka, - og plutseleg hadde eg lest fleire titals sider. Dei påbyrja bøkene vart lagt til side og kvelden etter var boka utlest.

Dette er altså ei bok som tek tak i lesaren frå fyrste stund. For meg vart det ei slukebok, sjølv om ho kanskje heller fortener at ein les ho sakte - for å få med seg alle detaljar og nyansar.

Eg var kritisk til den forrige boka til Karin Fossum; Carmen Zita og døden, - fyrst og fremst fordi spenningen var så fråverande - og fordi hovudpersonen Konrad Sejer var blitt så kjedeleg og grå. I Helvetesilden føler eg at Sejer er tilbake på sporet. Han er klok, roleg og sindig - og full av forståing - for både offer, pårørande og gjerningsperson.

Boka opnar brutalt. I opningsscenen er Sejer blitt utkalla til åstaden for eit sjokkerande dobbeltdrap. I ei overoppheta campingvogn ligg ei kvinne og den vesle sonen hennar. Begge er knivdrept, og den einaste ledetråden er eit fotspor, sett frå ein stor sko midt i alt blodet på drapsstaden.
"Sejer gikk inn. Adrenalinet gjorde ham tørr i munnen. Han skrittet over barnekroppen, passet på og ikke trå i blodet, fikk øye på en kniv som lå på gulvet foran benken. En kniv med treskaft og nagler, og et langt, smalt blad, en slik man brukte til å filetere med, kjøtt eller fisk. På det blanke bladet, render av blod, det hadde rent i strie strømmer og det luktet rått. På benken, en håndveske med en lommebok, den var rød med mange rom. En ryggsekk og en halvspist pizza, litt klær i en hylle. I lommeboka, tusen kroner i kontanter."
I to parallelle historiar får lesaren møta to åleinemødre og sønene deira, deira kvardagar og utfordringar. Mass bur saman med sonen Eddie; han er 21, sterkt overvektig og har ein uklar diagnose. Mora er overbeskyttande og sonen er både underdanig og dominerande på same tid. Begge er uføre og sterkt knytte til kvarandre. Bonnie arbeider som heimehjelp og er åleinemor for vesle Simon. Ho slit med ein krevjande jobb, dårleg økonomi og at sonen mistrivst i barnehagen. Spenninga i boka ligg i korleis og kvifor det er ein samanheng mellom desse to kvardagsforteljingane.

Karin Fossum er dyktig når det gjeld ubehagelege psykologiske skildringar og ho tek gjerne opp aktuelle samfunnsspørsmål og etiske dilemma i bøkene sine. I den forrige boka sette ho søkjelys på sorteringssamfunnet, i denne nye boka er det usunne morsbindingar og fråverande fedre som er tema.

Eg har lest alle dei 11 føregåande bøkene i serien om Konrad Sejer, - eg har likt dei fleste - men slett ikkje alle. Helvetesilden er likevel Fossum på sitt aller beste og eg anbefalar boka sterkt.

- - - - - - - - - - -


Sidan det i skrivande stund er søndag - og sidan det er sitert frå boka - legg eg denne omtalen inn som eit bidrag til boktema Smakebit på søndag.

Bloggen Flukten fra virkeligheten byr på mange fleire smakebitar. Her får ein høve til å oppdaga nye bøker og bli kjend med mange ulike bokbloggar!

9 kommentarer:

  1. Så bra at du likte denne. Ser den har fått litt variert av anmeldelser. Tenker jeg skal lese denne når den kommer meg i hu, som hos deg.. en dag. Liker jo godt Fossum.Har så mange krim og andre nye bøker på vent ehr, som jeg bør prioritere å få lest først. Ha en fin uke.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sidan du har likt dei tidlegare bøkene hennar, kjem du nok til å lika denne også. Boka er liksom "fossumsk" i stil og språk.

      Slett
    2. Jepp, lest ferdig i kveld- likte den vondt godt.

      Slett
    3. "Vondt godt" - bra uttrykk.

      Slett
  2. Så detta är alltså ännu en Sejer-bok, som kommer efter Carmen? Wow! Vad snabb Fossum var nu då :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fossum er ein produktiv forfattar. Fint for oss som likar bøkene hennar.

      Slett
  3. Aha.. dette har jeg ikke fått med meg. Så kjekt at vi er enige om at gode gamle Fossum er tilbake. Takk for fine ord om den lille navneendringen, har hatt den i hodet en stund, men trengte et spark bak fra Mari for å gjøre endringen :) Ha en fin mandag!

    SvarSlett
  4. Noterer meg denne bak øret (som om man noen gang får anledning til å se hva som står der???) og kommer nok til å lese denne! Tipper de får den på biblioteket om ikke så altfor lenge ;o)
    Ha en fin kveld, Berit!

    SvarSlett
  5. Helt enig med deg! Dette er en av de beste Fossum-bøkene jeg har lest.

    SvarSlett