24. april 2014

Bokomtale: Gapestokk av Monika Yndestad

Vigmostad & Bjørke 2014
398 sider

Lånt på biblioteket

Monika Yndestad debuterte med den gode krimromanen Jentene fra balletten i 2012. Eg hadde difor store forventningar til denne andre boka om BA-journalisten Alice Bratt. For meg vart det ein nedtur; Gapestokk er bra, men på langt nær så fengande og intens som den fyrste.

Historia tek utgangspunkt i ei bussulukke som Alice var med i då ho var ung. Ein alkoholpåverka traktorførar køyrde rett inn i bussen ho og klassen hennar sat i - og begge dei to næraste venninnene til Alice omkom. Som vaksen journalist skriv Alice ei sak i BA om akkurat denne ulukka. Saka får stor merksemd, ho er med i ein Trygg Trafikk-kampanje og får den høgthengande presseprisen Gullparaplyen.

Alt ser fint og fantastisk ut - men berre nokre timar etter prisutdelinga raknar alt: Alice vert funnen rusa i ein bil som har køyrt av vegen. Ho vaknar opp på glattcelle, - ho skjønnar ikkje noko og hugsar ingenting. Alle - dei fleste kollegaene, politiet, naboane og til og med kjæresten Jone - vender ho ryggen. Alice befinn seg i eit redselsfullt mareritt, - i gapestokken - og rømmer frå det heile. Lesaren veit frå fyrste stund av at Alice er uskuldig, at det er ein ond person som på ein eller annan måte har fått i ho eit rusmiddel. Og gjerningspersonen stoppar ikkje med dette: Snart skjer noko grufullt med ei anna gammal klasseveninne av Alice..

Forfattaren har jobba i 14 år som krimreporter i BA og kjenner såleis godt miljøet ho skildrar. I boka er det då også to av journalistane der som startar å grava i drapssaka og i Alice si sak.

Gapestokk er ei velskriven og grei krimbok; godt komponert og med stigande spenningskurve, - men etter mi meining manglar ho nerven som prega den fyrste boka. Løysinga er noko søkt, tykkjer eg - men forfattaren klarar å nøsta i hop dei aller fleste lause trådane til slutt.

2 kommentarer:

  1. Jeg likte denne boka også, men den var ikke like intens som førsteboka, det er sant. Skal prøve å skrive en anmeldelse i kveld..

    SvarSlett
  2. God omtale, og har begynt å teste ut krimlitteraturen litt jeg også. I påsken leste jeg for eksempel litt av Jo Nesbø. Jentene fra balletten har jeg vurdert å lese tidligere!
    - Siri

    SvarSlett