21. april 2014

Lest og ulest påsken 2014

For meg pleier det vanlegvis å vera fjell-, ski- og hyttepåske. Kvikklunsj-, snø- og turpåske. Av ulike årsaker vart det ikkje slik i år. Heile påsken har eg vore heime, og det har vore ganske så greit det også. Eg har pusla i hus og hage, slappa av på verandaen og starta opp sykkelsesongen. Berre innimellom har eg lengta til snøen og hytta - og til stabelen med uleste krimbøker som har overvintra der.

Men akkurat bøker har eg rikeleg med tilgang til heime òg. Eg har lest to krimbøker i påsken; Gapestokk av Monika Yndestad og Før du døde av søstrene Camilla Grebe og Åsa Träff. Eg vart ikkje kjempebegeistra for nokon av dei, men begge var greie nok: Lettleste og lettgløymde. Omtale kjem seinare, i alle fall når det gjeld den fyrstnemnde boka.
I skrivande stund er eg halvveges i Allahs tårer av Rikard Spets. Dette er ikkje krim, men ein macho actionthriller som verkeleg osar av testosteron - og eg likar det! På nattbordet ligg novellesamlinga Påskekrim 2014. Den har eg ikkje lest ferdig.

Som språk- og dialektinteressert har eg kosa meg med Grautmål av Arve Uglum og Øystein Vangsnes. Boka er ei hyllest til - og ei forklaring på - mange dialektord frå Sogn og Fjordane. Underhaldande og opplysande. Det same kan seiast om boka Krimquiz av Fredrik Wandrup og Tom Stalsberg. I påsken passar det jo godt med quiz'ar i ulike variantar.

Men eg har lest litt "seriøst" stoff også. Ei bok som verkeleg gjorde inntrykk på meg var Frihetens øyeblikk. Dette er den fyrste boka i Jens Bjørneboe sitt hovudverk, Bestialitetens historie. Dette er bøker som må lesast på ein heilt annan måte enn når ein sluker ei krimbok. Eg valde, som eg ofte gjer, lydbokversjonen av Frihetens øyeblikk, og den er fabelaktig opplest av Nils Ole Oftebro. Anbefalast! Omtale kjem nok, men ikkje før eg har fått lest alle tre bøkene.

No i kveld, på den aller siste påskedagen, har eg avslutta lyttinga til En by som Alice av Nevil Shute. Dette er ei langsam og omstendeleg, men ganske fin bok. Ho er ein klassikar som vel bør lesast av ein bokelskar, men eg tykkjer ho ber preg av at ho vart skriven på 50-talet. Boka byggjer på verkelege hendingar og er såleis interessant og gripande, men mange av haldningane er håplaust gammaldagse og gammalmodige.

Her er nokre glimt frå sykkelturen eg var på i går, påskedag. Ein fantastisk og strålande dag med (unormalt) flott vêr! Bileta syner Luster frå si beste side og eg tok dei med mobiltelefonen min.

 Sola speglar seg i Lustrafjorden.

 Fjellet Molden er lett gjenkjenneleg.

 I midten, heilt innerst i fjorden, ligg Skjolden.

Nes kyrkje til venstre her.

5 kommentarer:

  1. Jeg har hatt den typiske påskeferien jeg pleier å ha med langrenn, kvikklunsj og slalom ;) Quiz blir det også alltid en del av ;) Ser du har lest mange fine bøker i ferien :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tradisjonspåske med ski, kvikklunsj og quiz (og lesing) er flott! :-)

      Slett
  2. Nydelige bilder Berit! Heldige du som leser Bjørneboe. Han er/var min ungdomshelt. Jeg leste Frihetens øyeblikk som 18-åring, og deretter resten av trilogien og forfatterskapet, og leste trilogien på nytt da jeg valgte dette som norsk særemne, på videregående.
    Det gjorde sterkt inntrykk den gangen.
    I påska har jeg lest om annen bestialitet, i thrilleren Mapuche av Caryl Feyer. Sterk bok, hardcore. Jeg leste også Før jeg døde, som jeg synes var helt middels.. egentlig litt for langdryg for meg, men de 100 siste sidene hadde noe for seg, og berget boka . Gapestokk startet jeg på i går, og leste 100 sider da. Synes den virker bra så langt. Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Eg er jo heldig som bur midt i "Norway in a nutshell"-landskapet. Og no på denne tida, når det er fint ver, er det jo ekstra fint :-)
      Eg veit at det er mange på vår alder (me er omlag like gamle, har eg forstått) som har Bjørneboe som "helt". Sjølv kom eg aldri så langt at eg starta på forfattarskapet hans. Før no. Det einaste eg har lest tidlegare er utdrag frå Jonas samt ein del av dikta hans. Bjørneboe hadde ei særeigen stemme og ein trist lagnad, og ein del av det han skreiv er aktuelt den dag i dag, vil eg tru.

      Slett
    2. Ja, der er vakkert, ingen tvil om annet.:) Ang Bjørneboe- bedre sent enn aldri. Han var viktig for meg, og er like gyldig i dag mener jeg.:) Han ble vel ike mindre deprimert av å grave i alt det mørke, grusomme- men det var vel han å gjøre det.. Og sannsynligvis klarte han ikke å la det være heller.

      Slett