16. mai 2014

Bokomtale: Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 21 t 40 min
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Kjelde: Kjøpt sjølv

Den unge forfattaren Joël Dicker (f. 1985) fekk uventa stor suksess i fleire land med denne romanen. Boka kom ut på norsk (Pax forlag) tidlegare i år, og på deira nettsider kan du lesa dei fyrste 35 sidene (av totalt 619 - dette er ei tjukkas-bok og på alle måtar ei stor forteljing).

Boka er god, svært spesiell - men litt for omstendeleg og repeterande etter min smak. Likevel - Dicker skriv på ein drivande og "lesevenleg" måte og han byr på mange overraskingar undervegs. Det er ei krimforteljing - men er også ein metaroman som inneheld mykje om skriving og skriveprosessar - og har spark til den kyniske forlagsbransjen.

Handlinga er lagt til ein amerikansk småby. Sentralt i forteljinga er to forfattarar; den unge Marcus Goldman, som er eg-person og forteljarstemme - og den tidlegare læraren og mentoren hans; den aldrande Harry Quebert. Rockestjerne-forfattar Marcus får skrivesperre og store vanskar med å innfri sine eigne og andre sine forventningar om å følgja opp suksessen med debutboka si. Difor tek han kontakt att med den gamle mentoren sin for å komma vidare med skrivinga. Men opphaldet hos Harry utviklar seg til noko heilt anna.

33 år tidlegare hadde Harry Quebert eit forhold til ei 15 år gammal jente, Nola. Ho forsvann under mystiske omstendigheiter i 1975. Ei kvinne som var eit viktig vitne til forsvinninga vart funnen drept. Tilbake i notid - i 2008 - vert levningane til Nola funne i hagen til Harry. Saman med liket ligg originalmanuset av "Det ondes opprinnelse" - boka som førte til at Harry vart rik og berømt. Marcus kan ikkje tru at venen hans har gjort noko gale, og han bestemmer seg for å etterforska saka på eiga hand - for å reinvaska Harry og dessutan for skriva ei bok om det heile. Men nokon prøver å skremme Marcus frå å grava for mykje i fortida. Fleire personar ønskjer, av ulike årsaker, å halda ting gøymt og gløymt. Marcus Goldman - og dermed lesaren - oppdagar fleire mulege løysingar på mysteriet om den forsvunne Nola. Jakta på sanninga er forvirrande og omfattande. Kan ein stola på Harry når han fortel historia si til Marcus? Og kva med Goldman - han er jo forfattar - er det han skriv i boka sant? Kva er sanning, kva er "verkeleg" og kva er fantasi?

Sannheten om Harry Quebert-saken er ein labyrint av ein roman. Det dukkar stadig opp nye tankerekker og teoriar og me får presentert skiftande motiv. Boka er vanskeleg å leggja frå seg fordi det stadig er nye vriar og vendingar. Perspektivet skiftar mellom fleire personar, spesielt mellom dei to forfattarane Marcus og Harry, i fortid og notid. Gradvis og undervegs får lesaren fleire opplysningar om hendingar frå sommaren 1975, då Harry var ein ung suksessfull forfattar med skrivesperre; frå den tida då Nola og Harry hadde hemmelege stemnemøte og planla ei framtid saman. Me får kjennskap til andre personar som såg på dette forholdet som stygt, galt og feil. Det syner seg også at Nola, trass sin unge alder, hadde fleire ting som ho skjulte for omgjevnadene sine.

Dette er ei bok som omhandlar skikkeleg store tema som; kjærleik og venskap, einsemd, sorg og lengsel, løgn og bedrag - og liv og død. Skildringa av den sære (men typisk amerikanske?) småbyen er god, men fleire av innbyggjarane der framstår meir som latterlege karikaturar og parodiar enn "ekte menneske". Skildringa av Den Store Kjærleiken mellom den 15 år gamle jenta og den 34 år gamle forfattaren er heller ikkje særleg truverdig, tykkjer eg - men medan eg las valde eg å sjå bort frå at dette forholdet egentleg irriterte meg (og opprørte meg).

Boka er som sagt skriven på ein spesiell og spennande måte, ho innheld store kjensler og mange forteljingar og digresjonar, samt historia om korleis to bøker vart til. Eg likte både det sentimentale og det ironiske i boka, og har sans for at nye forfattarar, som Dicker, prøver å skapa noko heilt nytt og annleis. Forfattaren viser stor forteljarglede - og dette har gjort boka veldig omfattande. Historia kunne godt ha vore "slanka" med eit par hundre sider utan at underhaldningsverdien hadde tapt seg.

Lydbokversjonen er fin, men passar best for erfarne lydboklyttarar - boka har eit innhald og ein komposisjon som krev konsentrasjon og merksemd heile vegen. Helge Winther-Larsen har ei ypparleg opplesarstemme; han er dessutan passe teatralsk for denne type bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar