5. mai 2014

Heilbom

Eg har slite meg gjennom ei halv tynn bok - og orkar ikkje å lesa ho ferdig. Agnes Ravatn har fått kjempegode kritikkar og fleire femmarar og seksarar av anmeldarar for romanen Fugletribunalet. Boka er også på kortlista til Bokbloggerprisen 2013. Det kan eg rett og slett ikkje forstå. Eg fann boka (OK, halve boka) uuthaldeleg kjedeleg og full av pinleg føleri og uinteressante og lite truverdige karakterar.

Eg-personen Allis er ei ung kvinne som har rømt frå noko (eller nokon?) i fortida si og byrjar som hushjelp/gartnar for ein einsleg mann; Sigurd. Han har ei kone som er på reise og har eit arbeidsrom som alltid er låst. Allis framstår som forvirra og irriterande underdanig medan Sigurd er usympatisk, sær og oppfører seg på ein merkeleg måte. Det vert lagt opp til ei mystisk og kanskje erotisk stemning - men denne stemninga er utan nerve og det heile vert heller litt komisk og dumt. For Allis forelskar seg i mannen, - det er litt uklart for meg om kjenslene vert gjengjeldt - eg har som sagt ikkje lest heile boka. Dei to hovudpersonane kommuniserer ikkje på normal måte - og forholdet dei har, som mann/kvinne og arbeidsgjevar/ arbeidstakar er uavklart og komplisert.
Eg får ikkje handlinga i boka til å henga i hop og tykkjer det heile er utan truverdigheit.

Så der avbryt eg heile greia. Eg føler det som om eg har lest historia før og bryr meg ikkje om å vita korleis det går. Eg er ikkje nysgjerrig på kva Allis har flykta frå og er ikkje spent på kvar Sigurd sin kone egentleg er. Det besynderlege forholdet mellom dei to hovudpersonane klarar eg heller ikkje å bli engasjert i.

Fugletribunalet har vore midt i blinken for mange andre lesarar og bokbloggarar, men det vart heilbom for meg, dessverre. Det mest positive eg kan sei om boka er at ho er skriven på nynorsk og i eit lettlest og lettfatteleg språk. Boka er tynn, men ikkje tynn nok.

Eg gir ikkje terningkast sidan eg ikkje har fullført boka.

4 kommentarer:

  1. Det var synd den ikke falt i smak. Jeg leste den i desember og jeg likte den. Jeg likte ikke Veke 53 helt pga at hovedpersonen ergret meg. Stillstand - den synes jeg var veldig morsom. Jeg synes også romanene Oppløsningstendenser og Setningsskade ( ikke Ravatn sine) var gode romaner. Den siste synes jeg er merkelig ikke er lest mer jf at så mange, meg inkludert, likte boken om den svenske Ove. Sånn er det; noen bøker får veldig mye oppmerksomhet og noen nesten ingenting. For meg spiller det liten rolle. Jeg har lest to gode romaner. Men jeg tenker litt på forfatterne. Og det er på vegne av dem jeg ofte kjenner at det er urettferdig. Men sånn er det. Eventyret Keiserens nye klær tenker jeg ofte på hva angår bøker - noen må være den lille gutten som sier at keiseren går i bare undertøyet...

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg var litt usikker på om eg skulle skriva dette innlegget, men eg følte det var på tide med ei alternativ meining - for å skapa litt "balanse". For eg har skrive mi ærlege og oppriktige meining om leseopplevinga mi.

      Eg har ofte vanskar med nyare norske romanar som "alle" likar. Som regel vert eg skuffa. Dei bøkene du nemner har eg høyrt om, men ikkje lest. Ove-boka har eg lest og den tykte eg var "grei".

      Slett
  2. Slikt er nitrist. - For man vil så gjerne, forventer det, men så funker det likevel overhodet ikke. Selv har jeg ikke lest noen verdens ting av Ravatn. Enda. Må jo sjekke ut what the fuzz is all about.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp. Det er jo interessant at ei bok kan opplevast så ulikt.

      Slett