23. juni 2014

Bokomtale: Den siste pilegrimen av Gard Sveen

Vigmostad & Bjørke 2013
520 sider
Kjelde: Kjøpt sjølv


Forfatteren Gard Sveen vart tidlegare i år tildelt Rivertonprisen for denne boka. I dag vart det offentleggjort at boka er tildelt enno ein gjev pris, nemleg Glassnøkkelen for beste skandinaviske krimroman.
Imponerande og overraskande!
Gratulerer!

Gard Sveen sin roman er inspirert av og bygger på verkelege historiske hendingar. Romanfiguren Kaj Holt har mykje, også namnet, til felles med den verkelege motstandsmannen Kai Holst. Holst var ein mann med sentral posisjon i Milorg under 2. verdskrig som vart funnen død under mystiske omstendigheiter i Stockholm rett etter at krigen var over. Den offisielle forklaringa var at Holst var deprimert og tok livet av seg, men mange - mellom dei forfattaren - er overtydde om at Holst vart drept. Nokon gjerningsperson er aldri blitt funnen.

Den siste pilegrimen er eit kriminalmysterium, ein spenningsroman og eit krigsdrama. Handlinga i boka vekslar mellom to ulike tidsplan - og alle historiane og forteljarstemmene vert fletta saman - på eit vis - til slutt. I notid (dvs. 2003) prøver politietterforskning Tommy Bergmann å finna ut av eit mysterium om nokre gamle beinrestar som nyleg er oppdaga inne i Nordmarka. Det syner seg at dette er levningane etter tre personar som vart melde sakna i 1942. Samstundes må ei anna sak oppklarast: Det bestialske drapet på ein gammal motstandsmann - som ser ut til å ha noko med funnet i marka å gjera. I fortid - både før, under og rett etter andre verdskrig - får lesaren følgja mellom anna den før nemnde Kaj Holt, dobbeltagenten Agnes Gerner, den gåtefulle gestapomannen Peter Waldhorst samt Agnes sin oppdragsgjevar og store kjærleik med dekknamnet Pilegrimen.

Sjølv likte eg historia frå 2. verdskrig best. I boka får ein møta nazistar, gestapistar, medlemer av motstandsrørsla, angivarar, agentar og dobbeltagentar, - og etterkomarar av desse. Boka er svært innhaldsrik og spennande og handlar om så mangt - t.d. ubehagelege ting som likvideringar, utført av motstandsrørsla. Forfattaren teiknar eit godt bilete av Agnes sitt liv og hennar vanskelege og farlege situasjon som dobbeltagent. Eg saknar ein meir grundig innføring i bakgrunnen hennar; korleis kunne ho lata seg bruka på ein slik måte, - som prostituert og leigemordar?

Politietterforskar Tommy Bergmann - protagonisten - er ein spesiell type som eg ikkje på nokon måte "falt for".  Sveen har her skapt ein figur som lesaren i beste fall blir nysgjerrig på - og i verste fall får avsmak på. Forfattaren har sikkert òg ei meining med å fortelja bihistoria som handlar om Tommy sitt problematiske forhold til kvinner, men etter mi meining kunne akkurat desse sekvensane vore utelatt. Boka er meir enn lang nok.

Språket i boka flyt fint, men er skjemd av ein del klisjear, gjentakingar og enkelte skriveleifar. Forlaget burde absolutt spandert ein grundigare språkvask før boka gjekk i trykken. Eg reagerte på at forfattaren konsekvent nyttar heile namnet på dei to hovudpersonane gjennom heile boka. At han nyttar både førenamn og etternamn på bipersonane me møter er greit, men han brukar altså stadig vekk "Agnes Gerner" og "Tommy Bergmann". Etter mi meining hadde det vore mest naturleg å kun nytta førenamna - sidan lesaren blir så godt kjende med og kjem så tett innpå desse to.

Eg sleit litt med å komma inn i handlinga; i fyrste del strevde eg med å sjå samanhengen mellom dei ulike historiane i dei to ulike tidsepokane. Etter kvart vart biletet klårare og spenningsnivået stigande. Siste halvdel av boka var så spennande at eg las ho nesten i eitt strekk - likevel vart enkelte av trådane hengande "i lause lufta" då eg hadde lest ut boka. At lesaren ikkje får oppklart alt han/ho har lurt på i løpet av lesinga, er eit moment som trekker ned i vurderinga. Eg har vakla mellom ein 4'ar og ein 5'ar her, - men "landar" på - sidan eg tykkjer hovudhistoria er så sterk og gripande - med å gi boka karakteren 5 minus - og ser fram til neste bok frå Gard Sveen.

4 kommentarer:

  1. Fin anmeldelse! Fikk meg at den vant Glassnøkkelen, det er jo morsomt!:) Har hatt lenge lyst å lese denne, men som alltid så mange bøker og så lite tid. Men jeg tror jeg kommer å like den, liker at du likte 2.verdenskrig historien best. Kanskje jeg kommer til å gjøre det også. Må sette den opp på lista ihvertfall, så jeg husker på den:) Takk for lesetips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Boka er bra og kan anbefalast. Det som gir mest inntrykk er at boka er basert på verkelege hendingar. Alt i boka er slikt som kunne ha hendt, den gongen.

      Slett
  2. Denne har jeg liggende, men jeg har ikke fått lest den. Det er klart at når han får Rivertonprisen og Glassnøkkelen er det noe med denne boken. Og det skal jeg finne ut, når jeg bare får tid til å lese den selv :-)
    Jeg noterer meg at du ikke syntes det var så lett å komme inn i handlingen og at det ble bedre etterhvert. Noen ganger kan jeg gi opp hvis jeg synes begynnelsen er for rotete og vanskelig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Boka er god. Det er egentleg berre positivt at ein ikkje skjønnar alt med det same.

      Slett