29. august 2014

Bokomtale: Sikre tegn på din død av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2013
Speletid: 13 t 18 min
Opplesar: Haakon Strøm

Kjelde: Lydfil via Storytel

Dette er ei bok som burde fått meir merksemd enn det ho har fått. Forfattaren Torkil Damhaug er heller ikkje så kjend som han burde ha vore (men han vart rett nok tildelt Rivertonprisen for Ildmannen). Her har me nemleg ein forfattar med ein annan stil og som utfordrar krimsjangeren meir enn "vanleg". Han er litt annleis enn andre skandinaviske kriminalforfattarar. I Damhaug sine bøker ligg spenninga på eit anna plan enn det reint etterforskingsmessige. Spenninga dreiar seg meir om korleis og kvifor - og om kva som rører seg inne i hovudet på forbrytar, offer og pårørande.

Utgangspunktet for hendingane i denne boka er ein pasient som plutseleg forsvinn frå mottakinga på sjukehuset. Han vert funnen att litt seinare, brutalt drept og gøymt unna i kjellaren. Rettsmedisinar Jennifer Plåterud vert tilkalla - og ho skal bli sterkt involvert i drapet og etterforskinga, på fleire måtar.

I Sikre tegn på din død er det mykje psykologi. Boka er handlingsrik, forteljinga er uforutsigbar og stemninga litt mørk - nesten ubehageleg. To unge menn er sentrale i handlinga; den framgangsrike, men umodne Sigurd og den iranske flyktningen Arash. Bindeleddet mellom desse to er Jennifer Plåterud; ho er mor til Sigurd og ein slags kollega av Arash, sidan han jobbar som portør på sjukehuset der Jennifer og legekjæresten hennar også arbeider. Ein del av handlinga er lagt til Akershus sentralsykehus - Ahus - men boka er på ingen måte ein "legeroman".

Boka skifter stadig forteljarstemme og perspektiv og fører lesaren på fleire "reiser", både til gjengkriminelle i Malmø og krigsskadde flyktningar frå Bosnia. Fleire personar, både dei sentrale og bipersonar, tek feil val når det skjer uforutsette ting. Boka fortel om konsekvensane av slike feil og mistolkingar - og forfattaren skildrar godt kor slitsamt og marerittaktig dette kan verta. Sjølve hovudplottet er godt gøymt i handlinga - ein vert ført hit og dit og att og fram, frå det eine temaet til det andre - men det heile er utført på ein elegant og lesevenleg måte. Denne lesaren vart ganske overraska over avslutninga, - og det tykkjer eg er bra.

Eg anbefalar Torkil Damhaug sine bøker dersom du har sans for psykologisk thriller-sjangeren. Med Sikre tegn på din død har han levert ei ny god bok, men eg vil hevda ho er hakket svakare enn både Ildmannen, Se meg Medusa og Døden ved vann. Eg føler, i alle fall no i ettertid, at dei nemnde bøkene hadde enno meir nerve og snert. Det er ikkje nødvendig å lesa desse bøkene i kronologisk rekkefølge. Dei er frittståande, men enkelte av karakterane "går igjen".

6 kommentarer:

  1. Jeg har bare lest Ildmannen av Damhaug. Når jeg sier lest, mener jeg hørt på lydbok. Og jeg tror kanskje det er problemet. Jeg er veldig visuell i tankegangen og får det ikke helt til med lydbøker, og jeg tror det er det som ødela for Ildmannen, ikke Damhaug :-)
    Jeg har lyst til å prøve meg på flere av bøkene hans, og lese (ikke høre) dem denne gangen :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Leseoppleving er noko som er heilt individuell og subjektivt. Eg tykkjer det gjeld spesielt for lydbøker. Det er så mykje som spelar inn; t.d. evne til konsentrasjon, evne til å "stenga" alt anna ute, som igjen kjem an på innlesar, tempo, spenningsnivå, språkflyt osv. At lyttaren har god "kjemi" med innlesar er kjempeviktig.
      'Se meg Medusa' og 'Døden ved vann' las eg i papirformat - og dei var etter mi meining veldig bra og kan anbefalast.

      Slett
    2. Eg har kun lest Ildmannen, men det var fordi den mottok han Rivertonprisen for. Eg likte ikkje boka, men det er nok pga psykologibiten :-)

      Slett
    3. @Elida: Slik kan det gå. Nokon likar det eine, andre likar.... ja, det andre :-)

      Slett
  2. Så bra at du likte denne. Har et leseeks fra i fjor, som dessverre står på vent enda, samt Ildmannen. `Se meg Medusa' og 'Døden ved vann' har jeg lest og likt godt.:) Jeg liker godt bøker knyttet til psykologi/psykiatri. God helg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Då er du heldig - som har to såpass bra bøker på vent :-)

      Slett