26. september 2014

Bokomtale: Du skal lide av Frode Eie Larsen

Liv forlag 2014
325 sider

Kjelde: Leseeksemplar

Den nyaste boka til Frode Eie Larsen har godt driv og er veldig lettlest. Denne fjerde kriminalromanen med politimannen Eddi Stubb og journalisten Oscar Myhre i hovudrollene vart slukt i løpet av nokre få kveldsstunder.
Av dei fire nemnde bøkene har eg kun lest fjorårsboka Jordtårer tidlegare, og den var eg berre sånn passe begeistra for. Men - eg såg tendensar til noko bra - og då forfattaren i sommar gjekk ut i sosiale media med tilbod om leseeksemplar av Du skal lide, sa eg meg interessert. Og boka kom i postkassen min, med personleg helsing og greier.

Forfattaren Tanber Thyve (herregud for eit namn!) vaknar opp på eit framandt hotellrom i ein framand by. Han anar ikkje kvifor han er der han er - eller korleis han kom dit. Han hugsar absolutt ingenting frå det siste døgnet, men attmed han ligg ein mobiltelefon og ein iPad.
På telefonen ligg ein einaste melding: "Du skal lide" og iPad'en er opna på framsida på VG-nett. Der kan han lesa om ein bombeeksplosjon på Farris bad i Larvik under ein forlagsfest - og at Thyve - han sjølv - er sakna og dessutan mistenkt for å stå bak ugjerninga.
Både Thyve og lesaren veit at dette ikkje stemmer. Det er ein annan mystisk person som står bak - ein person full av hat og hevn. Ein person som ikkje skyr nokon midlar for å nå målet sitt: At Tanber Thyve skal lide. Brutal død ventar fleire personar - og for politiet er det tydeleg at alle spor viser til (uskuldige) Thyve.

Spenninga ligg i kva som kan vera bakgrunnen for slike uforståelege handlingar. Både plottet - og mordaren - i Du skal lide er av det mest utspekulerte slaget. Boka har ei solid oppbygd historie - og ei parallellhistorie som (etter kvart) passar inn i handlinga elles. Virkemiddelet med den ukjende forteljarstemma i kursiv er effektfull her. Boka er godt komponert med korte kapittel og hurtige perspektivskift som bidreg til spenning og høgt tempo.

Nokre episodar er likevel så usannsynlege at dei er irriterande:
1. Thuve som ikkje ringjer og ber om hjelp med ein gong når han vaknar
2. Den uvanleg tafatte politistyrken som ikkje gjer jobben sin når Thuve skal pågripast på kaia i Larvik
og 3. Jessica som var så opptatt med PC'en at ho ikkje merka at vatnet gjekk..
- samt eit par hendingar mot slutten som ikkje heng på greip -
men eg vel å sjå vekk frå fornuften og logikken - for forteljinga heng elles godt saman.

Som så mange andre krimforfattarar har Eie Larsen fletta inn "helsingar" til kollegaer innan krimsjangeren - og det gjer han på ein ganske fiffig måte.

Persongalleriet er passe stort og variert, men eg tykkjer ikkje eg er blitt skikkeleg "kjend med" verken Eddi, kollegaen Kari, Oskar eller Jessica enno. Dei minner meg av og til meir om Bobseybarna enn om moderne krimheltar. Spesielt i sekvensane med kjæresteparet Oskar og Jessica nærmar forfattaren seg det kvardagslege, "Läckbergske" og kosekrim-aktige - noko eg ikkje likar. Mange av dialogane er også kunstige og merkelege, tykkjer eg.

Men - ein kan jo håpa på at protagonistane får meir substans i framtidige bøker. For Frode Eie Larsen bør halda fram med å produsera krimromanar! Han har med denne kriminalromanen synt at han kan skriva, at han har ein frodig fantasi og ikkje minst; at han beherskar virkemidla og kjenner rammene som ligg i kriminallitteraturen.

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for fyldig og god anmeldelse, Berit! :) Føler selv at jeg har en positiv utvikling på skrivingen, og da er det veldig hyggelig å få det bevist gjennom slike gode tilbakemeldinger. Kan dessverre ikke love at det blir mindre hverdagskoselig og mer hardbarka i forhold til personene... men vi får se i hvilken retning jeg utvikler meg. Er i og for seg enig i hva du vel poengeterte i fjorårets anmeldelse av "Jordtårer", at en krimhelt a-la Harry Hole på sett og vis er mer interessant, men for meg har det vært et bevisst valg å la mine personer være "folkelige" :) Morsomt de punktene du påpeker med tanke på usannsynlighet - vi var gjennom og vurderte dem alle sammen i korrekturfasen, men valgte altså å la det stå slik. Jeg jobber mye med motivasjon og sannsynliggjøring, og er glad for konstruktive tilbakemeldinger. Tusen takk! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjølv takk - eg set også pris på tilbakemeldingar :)

      Å laga ei spennande historie som fengar og fengslar – samtidig som det skal vera truverdig og realistisk – må vera litt av ein jobb..
      Ingenting galt med "folkelege" og tilnærma normale hovudpersonar – men eg skulle ønska dei hadde litt meir _dybde_ og/eller at relasjonane mellom hovudkarakterane var litt meir spennande.

      Slett