22. oktober 2014

Bokomtale: Ingen er så trygg i fare av Gunnar Staalesen

Gyldendal 2014
366 sider
Kjelde: Lånt privat


15. oktober fylte Varg Veum 72 år - og på denne dagen kom den 17. romanen i krimserien ut (i tillegg er det utgitt to novellesamlingar, slik at dette faktisk er bok nummer 19). Eg hadde høge forventningar til Ingen er så trygg i fare, for dette er ein bokserie eg har følgd sidan 1977 - og for meg tronar Varg Veum heilt på toppen av alle norske krimfigurar.

Me er i Bergen i 2002 og "vår mann" er i kjempetrøbbel denne gongen.
I opningsscenen vert Veum vekt tidleg ein morgon av politiet - han vert arrestert, sikta for bruk og "besittelse" av barnepornografi. PC'en hans er full av nedlasta bilete av barn som vert misbrukt på det grovaste.

Både han sjølv og lesaren veit at dette umuleg kan stemma - men det skal bli enno mykje verre.
Etter ei tid dukkar det opp meir handfaste bevis: Fotografi som syner Varg Veum i ferd med å forgripa seg på ei mindreårig jente. Bileta ser ikkje ut til å vera manipulerte.

Kva kan ha skjedd? Kven vil Veum så vondt? Korleis i alle dagar skal han klara å reinvaska seg? Rett nok har han vore langt nede og han hugsar lite, så tynga av sorg og sterkt alkoholisert som han har vore - men langt nede kan han vel ikkje ha hamna? Varg Veum - som alltid tek dei svakaste sitt parti, og som i si tid fekk sparken frå jobben sin i barnevernet fordi han gjekk til fysisk angrep på ein person som hadde misbrukt ein mindreårig?
Varg Veum har hamna midt i eit mareritt - og han er sørgeleg åleine, - men ved hjelp av venninna si, advokaten sin og etter kvart ein dataekspert, startar han sitt livs mest krevjande og personlege etterforsking. Han tek utgangspunkt i eit par mislykka saker og enkelte glimt frå hendingar som skjedde medan han var rusa. Det er mange trådar og personar å halda styr på, men det er likevel ikkje vanskeleg for lesaren å halda fokus.

Ingen er så trygg i fare er ei svært bra bok med fleire viktige tema. Det er viktig å setja søkjelys på tematikken sjølv om det er både hesleg og grufullt. Det handlar litt om datakriminalitet, men fyrst og fremst om overgrep og misbruk av små barn, om asylsøkjarbarn som forsvinn, om vaksne og mektige menn som ikkje skyr nokon midlar for å bli tilfredsstilte, verken seksuelt eller økonomisk. Tittelen på boka, henta frå ein velkjend dåpssalme, er ein grotesk kontrast til barna som det fortalt om i denne romanen.

Forteljarstemma og forteljarstilen er velkjend "staalesensk", prega av svart humor, ironi og ikkje minst; sjølvironi.
Staalesen er utvilsamt ein forfattar som jobbar mykje med språket. Dei fine formuleringane, dei overraskande bileta og den naturlege dialogen kjem ikkje av seg sjølv. Her har mange andre (kriminal-)forfattarar mykje å læra.
Staalesen har "levert varene" som det heiter - igjen. Boka er frittståande og viser i berre liten grad til hendingar i tidlegare bøker. Så om du ikkje har lest alle dei føregåande bøkene i serien, kan du trygt lesa denne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar