17. januar 2015

Vinterlesing - Eit samleinnlegg

Her kjem ein samlepost med korte vurderingar av nokre bøker eg har lest og lytta til i det siste. Eg er kraftig på etterskot når det gjeld bokomtalar, så for å komma litt meir ajour gjer eg det slik.



Stormenes tid av Ken Follett

Bind 1 - Sverdet og korset

Bind 2 - Katedralen

Cappelen Damm 1990
705 sider (bind 1) og 457 sider (bind 2)

Eg skjønnar ikkje at eg ikkje har lest desse bøkene før, for dette var fantastisk fengande, storslagent og gripande. Ei omfattande, detaljert og uhyre interessant leseoppleving.

To historiske romanar der handlinga er lagt til England på 1100-talet; ei uroleg tid prega av borgarkrig og uavklarte maktforhold. Me får følgja mange forskjellige personar frå ulike samfunnsklassar og miljø.

Den mørke middelalderen var ikkje berre mørk, skal ein tru Follett. Sentralt i historia er planlegginga og bygginga av ein katedral, samt personane og miljøet rundt dette byggverket. Her får ein møta eit variert og frodig persongalleri. Eg fekk stor sympati for m.a. byggmeisteren Tom og familien hans, munken/prioren Philip, jarledottera Aliena og den fredlause Ellen. Det dreiar seg mykje om kampen for tilværet og kampen mellom det gode og det onde, om skiftande makthavarar og korleis dette innvirkar på dagleglivet for befolkningen. Eg vil hevda at ein del lite truverdig romantikk og nokre pinlege erotiske skildringar trekker litt ned, men tykkjer likevel at heilskapsinntrykket og leseopplevinga samla sett er svært god.

Kan samanliknast med andre storslagne verk som 'Havets katedral', 'Rosens navn' og trilogien om Arn Magnusson. Det beste av alt: Det finst også ein frittståande oppfølgjingsroman - 'I all evighet', på vel 1000 sider! - som skal lesast ved høve.
Terningkast 6.



Svøm med dem som drukner av Lars Mytting

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 12:50

Egentleg ei fin og spennande historie, men dessverre er ho skjemd av mange trege skildringar og eit meiningslaust melodrama. Det handlar om ein ung mann som søkjer etter forklaringar på det usagte og det hemmelege i familien, etter jakta på røter og sin eigen identitet. Søkinga går føre seg i Gudbrandsdalen, på Shetland og i Frankrike, og dei to store krigane, 1. og 2. verdenskrig, kastar mørke skuggar over dagens opplevingar.
Dette må vera ei av fjorårets mest oppskrytte bøker. Lydboka vert godt opplest av Axel Aubert, men eg kan likevel ikkje gi meir enn terningkast 3 for leseopplevinga mi.


En sannsynlig historie av Karin Alvtegen

Cappelen Damm 2011
271 sider

Eg likar Alvtegen betre som krimforfattar enn som her; i ein "vanleg" roman. I kriminalromanane kjem den psykologiske innsikten hennar meir til sin rett.

Me møter ei kvinne og ein mann, to ulukkelege og einsame sjeler i krise - som kanskje finn kvarandre. Boka er svært velskriven og handlar om brutte forhold og nye forhold, om venskap og familie, om kjærleik og sorg, om fordommar og jantelov.

Alvtegen byr på gode skildringar av det vesle lokalsamfunnet der mesteparten av handlinga føregår, men innbyggjarane framstår som noko karikerte. Dei to hovudpersonane virkar meir "ekte".
Alt i alt ei grei leseoppleving til terningkast 4.



Jenta uten hjerte av Marit Reiersgård

Gyldendal 2014
334 sider

Bok nummer to i serien om politietterforskarane Verner Jacobsen og Bitte Røed imponerte meg ikkje like mykje som den fyrste, Stolpesnø, men er ei grei krimbok.

Om mobbing, makteslause foreldre og kva skremmande konsekvensar dette kan ha. Samt ei parallellhistorie om ein skakkøyrd og skada person som rotar seg opp i hendingar vedkommande berre delvis er skuld i.

Fleire forteljarstemmer, litt uhyggeleg stemning frå fyrste til siste side. Skrivestilen, miljøa og stemningen liknar på det ein kan finna i Unni Lindell sine kriminalromanar. Boka har ei tankevekkande og aktuell handling.
Terningkast 4.



Mannen fra Montana av Levi Henriksen

Lydbokforlaget 2009
Speletid 7:50

Ei dokumentarisk og biografisk reiseskildring og ein triveleg biltur gjennom USA. Levi Henriksen tek med seg familien sin på jakt etter Thor Vigeland, den fyrste hippien som vitja Kongsvinger. Reisa fører til mange forskjellige møte med ulike deler av den amerikanske kulturen.
Ei fin lytteoppleving - godt opplest av Ivar Nergaard og gamle musikalske lydkutt. Underhaldande og originalt, slentrande og lærerikt, humoristisk og melankolsk.
Terningkast 4.



Elle melle av M. J. Arlidge

Vigmostad & Bjørke 2014
357 sider

Ei djevelsk utspekulert og svært spennande bok. Handlar om ein person som kidnappar par - som han så gir eit umuleg og dødeleg ultimatum. Likskapen mellom ofra er uklar og motivet er heilt uforståeleg. Etterforskarane slit med å finna ut av bakgrunnen for slike sjuke handlingar.
Boka er den fyrste i ein planlagd serie. Ho er skremmande og fortlest, med mange korte kapittel og fleire forteljarstemmer. Miljøet i politietterforskararbeidet er gjenkjenneleg frå mange andre britiske bøker og TV-seriar. Protagonisten Helen Grace er akkurat passe spesiell.

Elle melle er ein kriminalroman midt i blinken for meg, men kunne kanskje vore enno meir "psykologisk", jf. Ruth Rendell og Patricia Highsmith sine thrillerar. Terningkast 5.


Djevelens barn av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Cappelen Damm 2014
334 sider

Sterk avslutning av trilogien som starta med Av jord er du kommet og følgd av Den blinde guden. Bøkene bør lesast i riktig rekkefølge.

Tvedt/Gulbrandsen har eit språk som flyt lett og ledig. Ei bok med fleire parallelle historiar, som kan, eller ikkje kan?, høyra saman, - samt eit mysterium som varer gjennom heile trilogien. Alt får si logiske oppklaring til slutt.

Med eit samfunnsaktuelt bakteppe, gode personskildringar og glimrande miljøskildringar ligg alt til rette for ei god leseoppleving.
Terningkast 5.



Eit liv i offside av Jon Hjørnevik

Lydbokforlaget 2004
Speletid: 00:59

Ei humoristisk diktsamling. Frå Hjørnevik sine diktsamlingar 'I ein sofa frå Korea' og 'Den vanskelege andreboka' samt ein del ekstramateriale.
Her er dikt som er hysterisk morosame, andre kan ein humra til og andre er berre dumme og pinlege. Herleg useriøst, og det er greitt at lydboka ikkje varer meir enn ein time. Det kan fort bli for mykje underbuksehumor. Det er forfattaren sjølv som les.
Terningkast 3.

8 kommentarer:

  1. Ser du bruker mer tid på lesing enn skriving, og det er jo egentlig ganske greit. Kjekt at du likte bergenserne godt, for den boken likte jeg også. Ønsker deg en super lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg prioriterer lesing framfor blogging, ja. Men innser at eg hugsar mykje meir av dei bøkene eg les dersom eg skriv litt om dei i tillegg. Difor enkelte oppsummeringsinnlegg.

      Slett
  2. Så serien av bøkene til Ken Follett. Veldig sterk. Elers er jeg gasnke enig ang Mytting. Den blinde guden og Elle Melle skal jeg lese, Har Elle Melle i hylla mi, og Tvedt elsker jeg jo. (Bro bro brille kommer også ser jeg, som nr to etter Elle Melle..) Kjekt å lage slike samleinnlegg, synes jeg..:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Elle melle er ekkelt bra, du kan gleda deg :) Og Bro bro brille skal lesast ein gong, så klart.
      Samleinnlegg passar bra, av og til.

      Slett
  3. Ken Follett bøkene er fantastisk bra. Jeg leste dem for noen år siden. De var en nytelse. Slike bøker man ønsker bare skal vare og vare. Den filmatiserte varianten har ei venninne av meg. Det hadde jeg helt glemt ut. Den må jeg se å få låne! Takk til deg for påminnelse og Anita for tips. Fortsatt god søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig ang. Follett. Eg har alt lånt mursteinen I all evighet, men må ha ein pause frå det middelalderske. Vil ikkje risikere å gå lei.
      Filmversjonar av gode bøker er eg alltid skeptisk til. Som regel har dei skuffande lite til felles med stemninga frå bøkene. Eg såg ikkje TV-serien, men alle episodane ligg på Youtube - og eg har sett nokre av dei - og må innrømma at i dette tilfellet er det gjort eit imponerande stykke arbeid; det gjeld likskapen/truskapen med bøkene, skodespelarprestasjonar og den generelle stemninga.

      Slett
  4. Ingen av disse lest av meg.
    Ken Follett er vel den som er nærmest å kanskje bli lest, men i motsetning til deg og Marianne, finner jeg mursteinsformatet avskrekkende. Ellers gjør jeg akkurat som deg. Prioriterer lesing og lar skrivingen seile sin egen sjø - helt prisgitt tilfeldighetene.
    (Har du bartemannen klar?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mursteinar er skrekkelege - heilt til ein har starta opp lesinga. Er boka god, er det berre fint at leseopplevinga varer ei stund..

      Bartemannen er forlengst klar! Bok utlest, dvs. ferdiglytta og ferdigskriven lang bloggpost som skal publiserast når tida er inne!

      Slett