28. desember 2016

Årsoppsummering og statistikksnakk

Det nærmar seg årsskifte og tid for gjennomgang og oppsummering av bokåret 2016. I fjor hadde eg ein alfabetisk kavalkade og i forfjor ein kåring av årets beste og verste. Eg tenkte litt på å laga noko tilsvarande for 2016 - men slikt er tidkrevjande og i det siste har eg rett og slett ikkje hatt nok tid.
Det hender at livet tek ikkje-planlagde vendingar: Av private og familiære årsaker har eg i år hatt mindre åleinetid (og dermed lesetid) samanlikna med tidlegare år.

Med tanke på neste års leseplanar (som eg skal komma tilbake til på nyåret) kan det vera nyttig å sjå på årsstatistikken. Før me skriv 2017 kjem eg til å ha fullført lesinga av 106 bøker. Dette er 34 færre enn i 2015 og 14 færre enn årets målsetjing på 120. Sidan eitt av måla mine for leseåret var nettopp å lesa færre bøker - kan ein sei at eg har lukkast med glans på det punktet.

Her er leseåret 2016 i tørre tal:


Sjanger
- 49 krim-, thriller- og spenningsromanar
- 29 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar,
- av desse 3 stk. 1001-romanar
- 23 sakprosa,
- av desse 9 biografiar
- 4 novellesamlingar
- 2 humor/satire

Format
Bra jamn fordeling:
- 34 papirbøker
- 32 ebøker
- 40 lydbøker

Terningkast
Det store fleirtalet, 47 bøker, fekk terningkast 4.
Elles vart terningkasta fordelte slik:
- 4 bøker fekk terningkast 6
- 37 fekk terningkast 5
- 8 fekk 3
- 3 bøker fekk 2

Alder
- 50 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2015
- 42 i 2016
- av dei 24 norske
- Eg las 12 bøker utgitt før 2000.

Kjelder
72 av bøkene eg las var lånebøker; dvs. anten lånt privat, lånt på biblioteket, via eBokBib eller bokhylla.no
- 14 bøker via Storytel-abonnement
- 7 har eg kjøpt sjølv
- 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar

Forfattarar
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2016 var
- Alf R. Jacobsen (4)
- Håkan Nesser (4)
- Henning Mankell (3)
- C.J. Sansom (3)
- Vera Henriksen (3)
Eg las bøker av 28 ulike "nye" forfattarar (for meg)

Kjønn
Framleis er det ei overvekt av mannlege forfattarar:
- 72 bøker skrivne av menn
- 34 av kvinner

Nasjonalitet
Myyykje norsk, lite eksotisk:
- 59 bøker skrivne av norske forfattarar
- 16 svenske
- 16 britiske
- 5 amerikanske
- 2 franske
- 2 islandske
- 1 dansk-norsk
- 1 finsk
- 1 tysk
- 1 sveitsisk
- 1 amerikansk-palestinsk
- 1 kanadisk

Elles:
- 9 av bøkene eg las var på over 600 sider
- Alle var på norsk med unnatak av tre korte bøker på svensk
- Eg avbraut lesinga av 2 bøker

Bloggen
- 69 blogginnlegg
- 34 bokomtalar
- 15 samleomtalar
- Mest lest: omtalen av Du er så lys.

Slik ser årets forfattar-ordsky ut:



----------------------

Ynskjer alle ei fortsatt god romjul og eit godt nytt leseår i 2017!

6 kommentarer:

  1. Med hovedvekt på alle femmerne må man kunne si at du hadde et godt leseår! Interessant at også du har satt opp 2000 som et slags skille (mot oldtidslitteraturen), gleder meg stort (barnslig sinn) at jeg slo deg i støvlene (17 over 12). Ellers skjønner jeg ikke at det er mulig å lese så mange menn, eller ihvertfall så mange flere menn enn kvinner??

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, kan du skjønne at det er så mange menn?! Det er ikkje bevisst - og i fjor var fyrste gongen at eg faktisk rekna på det - og då var skilnaden enno større/verre. Eg fekk ein gong høyra at eg hadde "maskulin lesesmak" - kanskje det er noko i det og har ein samanheng?
      År 2000 som skille ser eg på som naturleg. Skal prøva å få lest fleire enn 12 til neste år.

      Slett
  2. Skal si du har god statistikk gjennom året, veldig gøy å lese. Er det tilfeldig at du har lest så mange flere menn enn kvinner? Selv tenker jeg ikke over hvilket kjønn forfatteren har, så på gøy talte jeg gjennom leselisten min og kom til at 107 av 189 bøker var menn, så et lite flertall på menn altså. Ellers har jeg også nådd målet mitt med å lese færre bøker enn i fjor, noe jeg er glad for :)
    Ønsker deg takk for det gamle, og mange gode tanker for det nye leseåret :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er ingen excel-ekspert, men fører alt eg les inn på eit rekneark i løpet av året og summerer ned til slutt. Raskt og enkelt og interessant å sjå på ved årsskifte.

      Slett
  3. Over 100 bøker på et år er imponerende :) Veldig god og fin statistikk. Du leser mye av norske forfattere, og det gjør jeg også, ser mange leser mer og mer på engelsk og utenlandske forfattere, men dit kommer jeg aldri.

    Godt nytt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er nok på linje med deg når det gjeld engelskspråklege bøker, eg har rett og slett for dårlege språkkunnskapar og for lite ordforråd.
      Etter at eg publiserte dette innlegget kom eg på at eg har lest (rettare sagt høyrt) tre korte bøker på svensk i 2016, så det stemmer ikkje at absolutt alt var på norsk. Eg skal redigere dette.
      Eg er alt i alt nøgd med min eigen leseinnsats. "Folk flest" les ikkje over 100 bøker i året.

      Slett