22. januar 2017

Smakebit på søndag: Camille av Pierre Lemaitre

Lydbokforlaget 2017
Speletid 10:48
Opplesar Anders Ribu
Lytteeksemplar


Dette er ei rykande fersk lydbok, fabelaktig opplest og ein storarta avslutning av trilogien om Camille Verhoeven. Ikkje fullt så nervepirrande og heller ikkje med så mange sjokkerande overraskingar som i dei føregåande Irene og Alex, men også dette er ei uhyre velskriven, velkomponert og spennande forteljing.

Lemaitre har ei fabelaktig evne til å skildra dramatiske hendingar. Det er så knivskarpt og så detaljert at det er som å sjå ein (sakte) film. Midt inne i actionscenene flettar han gjerne inn refleksjonar, reaksjonar og karakteristikkar. Språket er elegant, men også ironisk - slik at ein vert sitjande å humra litt samstundes som det handlar om vald, blod og gru. Det er godt gjort av ein forfattar å få fram så ulike reaksjonar samstundes.

Med tanke på kva som hende med Irene og Alex, dei to kvinnene som bok ein og to handla om, må eg sei at eg var svært spent på denne boka som heiter Camille. Kva i alle dagar skulle bli Camille sin lagnad? Det tenkte eg ein heil del på medan eg las. Spenningsnivået er høgt gjennom heile boka, og ein kan sei at dette usikkerheitsmomentet skapte ein ekstra "spenningsdimensjon".

Det er ikkje så lett å skriva eit samandrag av handlinga fordi ein gjerne avslører for mykje. La meg berre kort sei at utgangspunktet er eit ekstremt brutalt ran og at ein av ofra for denne ugjerninga er Anne, den nye kjæresten til Camille.
"En hendelse blir betraktet som avgjørende når den vipper livet ditt fullstendig ut av balanse. [..] Som for eksempel tre skudd fra en pumpehagle mot kvinnen du elsker. Det er det Camille snart skal oppleve.."
Anne overlever valden ho vert utsett for, men medan ho er til behandling vert ho utsett for eit nytt angrep. Er det ransmennene som vil kvitta seg med eit vitne, eller ligg det noko anna bak? Camille er rådvill og redd og må etter kvart ty til kreative løysingar og alternative etterforskingsmetodar.

Forfattaren knyter hendingar i dei to fyrste bøkene saman med denne siste. Eg gir denne boka ein femmar på terningen, men for heile trilogien har eg mest lyst til å gi terningkast 6. Då er det ein føresetnad at ein les bøkene samanhengande og i rett kronologisk rekkefølge.

Camille vart ei super lytteoppleving og eit verdig punktum for denne trilogien. Eg føler faktisk at det er litt vemodig no når eg har lest ut denne siste boka, men eg kjenner meg også viss på at Pierre Lemaitre kjem til å skriva gode og leseverdige bøker i framtida.

Fleire søndagssmakebitar og boktips kan du finna på bloggen Flukten fra virkeligheten.

21 kommentarer:

  1. Hm... angrer nesten litt på at jeg hoppet av etter Alex. Husker at jeg syntes den var grotesk, på kanten av det urealistiske. Mulig jeg må ta opp igjen tråden, kanskje ved hjelp av lydbok, for Anders Ribu er en av mine favorittinnlesere :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Grotesk? Ja. Urealistisk? Ja.
      Men - velkomponert, elegant, spennande og overraskande.

      Slett
  2. Tack för smakbiten. En bok (och trilogi) som jag inte alls kände till sen tidigare!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggelig. Du bør "kolla upp" denne.

      Slett
  3. Enig med deg, Berit, serien som helhet er glitrende god!

    SvarSlett
  4. Jeg hører mye på lydbøker, så takk for smakebiten

    SvarSlett
    Svar
    1. Lydbøkene anbefalast sterkt når det gjeld denne serien.

      Slett
  5. Dette høres ut som en utrolig spennende trilogi, kanskje litt for spennende for min smak hvis den er grotesk som Tine sier. Likevel så blir jeg litt fristet når både du og Bjørn mener den er så god. Tusen takk for fin anmeldelse og ikke minst en spennende smakebit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er nøgd med at du vurderer serien. Sjå elles svaret mitt på Tine sin kommentar over.

      Slett
  6. Jøss og bevares! Denne har jeg på vent - hele trilogien faktisk - og nå rykket den kraftig opp på lista! En sekser, sier du? Jeg gleder meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra, Marianne. Hugs Irene fyrst, deretter Alex og til slutt Camille. Kronologien er sentral i denne serien. Alt heng saman.

      Slett
  7. Jeg vurderte Alex som for grotesk for meg.. hvorfor må det til når bøkene tydeligvis er så gode?

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjå svar på kommentaren til Tine over. Eg er sikker på at du tåler såpass, Anita.

      Slett
    2. Du tror ikke jeg kan få mareritt?
      Hadde sikkert vært best å høre den/m på lydbok, da er jeg mer distansert- men jerg orker ikke å høre lydbøker for tiden..

      Slett
    3. Eg kan ikkje garantere at du ikkje får mareritt - men det ER jo dikt og oppspinn og eventyr..

      Slett
  8. helt okänt för mig, men det låter intressant. tack för smakebiten!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg gjorde eit kjapt søk - og eg trur ikkje denne serien er utgitt på svensk enno. Men finst i alle fall på norsk, dansk og engelsk i tillegg til originalspråket fransk.

      Slett
  9. Den känner jag inte till. Tack för smakbiten!

    SvarSlett