5. februar 2017

Bokomtale: Kaninjegeren av Lars Kepler

Cappelen Damm 2016
520 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat

Lars Kepler har klart det igjen. Nok ein gong har forfattarparet Alexander Ahndoril og Alexandra Coelho Ahndoril produsert ein intens, temposterk og brutal spenningsroman.

Mykje av handlinga i Kaninjegeren er uhyggeleg og valdeleg - samstundes som det er ei interessant og fascinerande bok som triggar mange ulike kjensler. Historia er - gudskjelov! - ikkje så realistisk, men intrikat og oppfinnsam.

Hovudpersonen Joona Linna vert på den eine sida framstilt som ein superhelt med umenneskelege eigenskapar, men på den andre sida får ein også kjennskap til kor sårbar han er. Og difor kjenner eg meg uroleg og anspent medan eg les, for i desse bøkene er det lite som er "normalt":
Har Joona kontroll? Korleis? Kven - om nokon - kan han stola på?

Kaninjegeren startar ei tid etter der Stalker slutta. Joona Linna er i fengsel etter dei dramatiske hendingane i samband med oppklaringa av stalkersaka. Det er slett ikkje enkelt å vera politimann i det tøffe miljøet innanfor fengselsmurane, men han har klart seg bra og virkar topptrent både fysisk og psykisk. Saga Bauer, Joona sin tidlegare makker, er opptatt med det oppsiktsvekkande drapet på Sveriges utanriksminister. Hennar og Säpo si mellombelse gransking slår fast at dei treng ein infiltratør - og dermed vert Joona engasjert i saka.

Politiet meiner alt tyder på at drapet på statsråden er ei terrorhandling, men dette viser seg å vera ein feilvurdering. Snart skjer liknande drap - og ein ser konturane av ein skremmande og gåtefull gjerningsperson - ein spree killer. Etterforskarane må tenkja nytt. Det einaste sporet dei har er at ofra har fått ein telefonoppringing der ei stemme framfører eit barnerim om kaniner. Ein annan handlingstråd handlar om ein kjend TV-kokk og sonen hans. Tilsynelatande ei heilt anna sak, men det skal visa seg at det er forbindelsar. Etterforskinga fører til fleire dramatiske situasjonar og spektakulære hendingar. Saga, Joona og medarbeidarane må ta i bruk uortodokse etterforskingsmetodar for å forhindra nye drap. Den nervepirrande avslutninga går føre seg på "Ondskapens hotell"-vis.

Kaninjegeren er velskriven, velkomponert og gyseleg spennande - og ein bør som sagt innleiingsvis vera førebudd på ein del detaljerte valdsskildringar. Eg er glad for dei mange korte kapitla - dei gjer at ein rekk å trekka pusten innimellom.

For meg vart denne boka "eitt steg ned", dvs. ein liten prikk mindre på terningen i høve dei føregåande fantastiske Sandmannen og Stalker. Kaninjegeren er ei enormt nervepirrande leseoppleving, men innleiinga er litt treg og springande. Det gjekk ei tid før eg vart skikkeleg engasjert i handlinga: Eg brukte nok 5-6 dagar på dei fyrste 100 sidene, medan dei resterande 420 sidene flaug av garde i full fart.

Lars Kepler utfordrar grenser og dreg historiane sine lenger enn dei fleste andre. Som lesar kjenner ein heile tida på at absolutt alt kan/skal skje - ein forventar det uventa. Og nettopp der ligg ein stor del av spenninga.

Andre bloggmeiningar:
BjørnebokTine sin blogg
Intervju med forfattarane:
Bokelskerinnen

3 kommentarer:

  1. Flott omtale. Takk for linking :-)

    SvarSlett
  2. Takk for linking Berit, som du vet likte jeg også denne veldig godt :)

    SvarSlett
  3. Har en Kepler-bok i hylla, og har planer om å lese denne. Men ventelista mi er lang, så den står langt nede. Flotte omtaler gjør at den kanskje fyker oppover!

    SvarSlett