26. juli 2017

Omtale: Shardlake-serien av C. J. Sansom

Historisk krim er ein sjanger eg likar svært godt, sidan eg ved å lesa desse bøkene kan få kombinert interessa mi for historie og samfunnsutvikling med spenning, grøss og gru. C.J. Sansom har hausta stor anerkjenning for den historiske kriminalserien om advokaten Matthew Shardlake - og desse bøkene anbefalast varmt. Forfattaren har doktorgrad i historie og er også utdanna jurist så ein kan trygt slå fast at han har greie på det han skriv om.

Det er forlaget Press som gir ut C. J. Sansom sine bøker på norsk. Alle bøkene er frittståande og treng såleis ikkje lesast i rekkefølge, men som vanleg når det gjeld bokseriar; ved å lesa dei kronologisk går ein ikkje glipp av samanhengar og utvikingstrekk.

Eg tykkjer det er interessant å lesa om politiske og ideologiske brytningstider - og Tudor-tida var ei slik kaotisk og dramatisk tid med sterke religiøse og maktpolitske krefter - og motkrefter. Eg blir heller aldri lei av å lesa om Henrik VIII og konene hans (Divorced - Beheaded - Died - Divorced - Beheaded - Survived..)

Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.

Dei fem fyrste bøkene i serien har eg skrive om i ulike samleomtalar. Nedanfor har eg samanfatta og delvis kopiert det eg skreiv i samleinnlegga. Og heilt til slutt; ein kort omtale av den sjette boka - Klagesang - som eg las for kort tid tilbake.


Oppløsning (Dissolution)

Den fyrste boka tok tak umiddelbart og sette meg i Rosens navn-stemning. Ein kan nemleg finna ein del som minner om Umberto Eco sin kjende roman, men utan all latinen - og er lagt til eit anna tid. Men også her handlar det om kloster, munkar og groteske mord.

Utgangspunkt for handlinga er den store kyrkjereforma som fann stad på slutten av 1530-talet. For England og for kong Henrik VIII er det ikkje fyrst og fremst teologiske omsyn til denne endringa, men heller politiske og økonomiske. Dermed kjem ein viktig biperson i denne serien inn; Thomas Cromwell, som på denne tida har kongen sin tillit - og som på si side har eit viktig oppdrag til "vår mann"; sakførar og etterforskar Matthew Shardlake.

Shardlake og assistent Mark får mange utfordringar når dei skal etterforska eit drap på ein av kongens menn i klosteret på Scarnsea. Saka er innfløkt og løysinga og avsløringa av det heile er særdeles overraskande.

Stilen er langsam og omstendeleg og språket noko snirklete - men står i stil til denne tidsepoken. Boka gir gode tidsbilete og har glimrande miljøskildringar. Terningkast 5.



Mørk ild (Dark fire)

Fantastisk bok for oss som likar finurlege kriminalmysterium og som også har sans for historie generelt og Tudortida spesielt. I del to av C.J. Sansom si historiske kriminalromanserie møter me på nytt den pukkelrygga, rettskafne og smarte sakføraren Matthew Shardlake. Han har i denne historia to oppdrag; det eine er ei slags "lukka rom"-mordsak og det andre er eit spesialoppdrag for kongens mann - Thomas Cromwell.

Me befinn oss no i år 1540. Makta og innflytelsen Cromwell har hatt på kong Henrik er på retur. Det engelske samfunnet er prega av kaos og strid og for Cromwell sjølv er framtida uviss, for å sei det forsiktig.

Skildringane av dei skitne Londongatene er så gode at ein nesten kjenner stanken medan ein les. Forfattaren er utdanna både historikar og advokat - og det merkast. Noko dårleg framdrift i fyrste halvdel av boka trekker ned heilskapsinntrykket, men likevel: Terningkast 5.



Monark (Sovereign)

Monark er tredje avsnitt i denne historiske krimroman-serien. Historieundervisning og underhaldning samstundes er heilt topp for meg.

Me befinn oss i England i 1541, mesteparten av handlinga er lagt til Yorkshire. Hovudperson og forteljarstemme Shardlake jobbar ikkje lenger for Thomas Cromwell (sidan han mista hovudet i forrige bok), men på nytt får Shardlake og assistent Barak ei ekstraordinær oppgåve, denne gongen på oppdrag frå erkebiskop Thomas Cranmer. I tillegg får Shardlake ansvar for etterforskinga av ei uforklarleg mordsak.

Eg er mektig imponert over Sansom og måten han framstiller miljøet, persongalleriet, samfunnsordninga og dei historiske hendingane på. Trass i sidetalet (606) er boka heilt utan daudpunkt og alle trådar som vert lagt undervegs vert det nøsta godt og grundig opp i til slutt. Eg sluttar meg til blurben på omslaget: Kongekrim! Terningkast 5+.



Åpenbaring (Revelation)

Tudortida var ei tid med stadig skiftande alliansar og eit mektig og motsetnadsfylt maktapparat, ei tid prega av svik og strid, vald og uro. Advokat Shardlake får eit nytt oppdrag av erkebiskopen samstundes som han er opptatt med eit mord på ein nær ven. Kong Henrik VIII har på si side kvitta seg med kone nummer fem og kasta augene sine på den reformistvenlege lady'en Katherine Parr.

I denne boka handlar det ein del om religiøs fanatisme - og det er nærliggjande å dra linjene fram til vår eiga tid. Tittelen viser til dei dystre og merkelege spådommane i den bibleske Johannes' openbaring og om personar som er ekstremt opptekne av endetida.

Åpenbaring er bok nummer fire i serien og eg tykkjer bøkene blir betre og betre. Kanskje ikkje sjølve kriminalgåtene - men Sansom skriv verkeleg bra: miljøskildringane, språket, dei historiske detaljane, intrigane, karakterane, realismen, korleis forteljinga heng saman - alt dette er heilt topp. Terningkast 5+.


Undergang (Heartstone)

Ei mektig leseoppleving! Nesten 700 tettskrivne sider, så det tek si tid - men ein får så mykje gjennom denne historiske kriminalromanen: Underhaldning, kunnskap, spenning og flotte levande skildringar av både menneske og miljø.

Den femte romanen om advokat Matthew Shardlake er, som dei føregåande, fengande og lærerik. Handlinga er lagt til 1540-talet, og Shardlake og assistent Barak er på ein måte Tudortidas Sherlock Holmes og Dr. Watson. Også denne gongen er oppdraget deira todelt: For det fyrste skal dei finna ut av ei sak for Katherine Parr, Henrik VIII si sjette (og siste) dronning. I tillegg har Shardlake ei personleg sak som han ynskjer å finna ut av. Oppdraga skal føra Shardlake til Portsmouth og eit særdeles nært møte med krigsskipet Mary Rose.

Det er langsamt, omstendeleg og detaljert - utan at det virkar overlessa og utan at eg, som egentleg er ein litt utålmodig lesar, mistar tråden og interessa. C.J. Sansom har imponert meg nok ein gong. Terningkast 5+.


Klagesang (Lamentation)

Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.


Dronning Katherine er i knipe og treng Shardlake sin assistanse. Ho har i all hemmelegheit skrive bok; ei bønnebok eller ein klagesang. Ei slik bok kan oppfattast som radikal reformisme og kongen slår hardt ned på slikt. Så vert boka stolen og ein boktrykkar vert funnen drept med eit samankrølla ark frå boka i handa. Dersom boka kjem ut og dersom det vert kjent at det er dronninga som står bak - då er ikkje vegen lang til skafottet. Og dersom Shardlake og medhjelparane hans ikkje lukkast i å finna den skuldige - då er også dei ille ute.

Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.

Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar. Klagesang får full pott og terningkast 6.

10. juli 2017

Gjenlesing: Staupet og Skjærsild av Vera Henriksen

Gjenlesinga av fyrste del av Beretningen om Bent Jonsson vart ei stor leseoppleving for meg - så mektig at eg laga eit langt og begeistra innlegg i høve utfordringa Bokhyllelesing. No er eg ferdig med andre og siste del og eg har på ny hatt nokre gode lesestunder. Dette innlegget blir ein kort gjennomgang og oppsummering - og ein varm anbefaling til alle om å lesa desse "tidlause" bøkene.

Staupet kom ut fyrste gong i 1975, Skjærsild i 1977. Den utgåva eg har lånt og lest er ei samleutgåve som Aschehoug ga ut i 2000.

I boka Blåbreen (bok nummer tre) vender Bent omsider heim til Lom og Anne, for godt - trur han. Det er urolege tider på 1560-talet; tida er prega av gamle og nye skikkar, religionstrid med reformasjon og motreformasjon - og vanskar med det danske styret. Bent føler seg tiltrekt av nye humanistiske tankar og slit framleis med religiøse og moralske funderingar. Han oppdagar også ein villskap og råskap hos seg sjølv som han ikkje klarar å rå med. Samstundes har han ansvar for gard, hushaldning og barn og vert ein av dei fremste mennene i bygda - og med det; makt og posisjon. Han saknar ikkje lenger det adelskapet han gav avkall på, men Bent er heile vegen eit søkjande menneske, på mange måtar og på fleire plan.

Ein ny generasjon har vakse til når me møter att Bent og familien i Staupet. Det har gått 18 år og Bent dreg til København for å leggja ei sak mellom kyrkja og bøndene i Lom fram for kongen. Samstundes vitjar han morsætta si og på heimvegen stoppar han i Bergen der han oppsøkjer henne som har blitt hans fortrulege og elskerinne; Anne Pedersdotter, også kjent som Anne Absalons. I Skjærsild handlar det m.a. om rettssaka mot Anne Pedersdotter - som er ein verkeleg historisk person. Ho vart dømt til døden og brent på bålet i 1590. (Er du interessert i å lesa meir om henne kan du lesa denne LokalhistorieWiki-artikkelen)

På heimebane får Bent andre utfordringar, som å ta stilling til om frilledottera hans skal få gifta seg med den mykje eldre fetteren hans. Han har hatt eit heller anstrengt forhold til både kona Anne og den eldste sonen deira i lenger tid, medan han kjenner seg nær dottera Live. Dei har også luttspelinga som ei felles interesse.

Bent og Anne får tilsaman ti barn, men som vanleg i tidlegare tider; ikkje alle veks opp. Sonen Jon er sterkt religiøs, har nære kjensler for tidlegare katolske tradisjonar og ynskjer å utdanna seg til jesuittprest. Dette er noko Bent godt kan forstå, men når han tenkjer på kva hans eigen far måtte gjennomgå vert han uroleg.

Avslutningsvis i denne bokserien får ein sjå kor sårbare me menneske er; når pesten bryt ut i bygda må Bent ta avskil med fleire familiemedlemer og andre som har stått han nær. Trass i sorg og skuldkjensle trur Bent at han skal kunna finna fred når han på sine eldre dagar flytter tilbake til barndomsheimen i Smiugjelsøygarden. Difor kjenner eg som lesar óg ein slags fred når siste bok er utlest.

I etterordet informerer Henriksen om kjelder, kjeldebruk og språk, gjer greie for historiske personar som ein møter i bøkene og forklarar ord og uttrykk. Forfattaren seier at denne serien er ein roman oppdelt i fem bøker:
"Hendelsene oppleves gjennom hovedpersonen, Bent Jonsson, som til å begynne med er overflatisk og selvopptatt, men som gradvis, fra bok til bok, får dypere innsikt i sine medmennesker såvel som i seg selv. Bøkene veksler mellom utadvendte og innadvendte i Bents utvikling."
Ho forklarar dette om sjølve innhaldet i bøkene:
".. romanen har en rekke tema eller aspekter. Der er handlingsromanen, og der er det historiske og kulturhistoriske aspektet. Der er reformasjonens historie og teologi, og der er, både fra kristen og generell religiøs synsvinkel, det religionssymbolske og mystikken. Psykologisk er der det personlige, det miljøbestemte, det allmennmenneskelige og det symbolske."
Vera Henriksen var ein strålande formidlarar av kunnskap om norsk historie og skreiv bøker som festar seg hos lesaren. Forfattarskapet hennar har betydd mykje for meg i mange år. Takka vere bøkene hennar vart eg interessert i historie og betatt av historiske romanar - og i sin tur førte det til at eg også las alle middelalder-romanane til Sigrid Undset. Både Undset og Henriksen sine bøker fortener stadig nye lesarar. Eg trur dei aller fleste kan finna noko gjenkjenneleg og lesbart i bøkene deira.

4. juli 2017

Bokomtale: Amundsens siste reise av Monica Kristensen

Forlaget Press 2017
351 sider

Kjelde: eBokBib

Denne boka "kasta eg meg over" med ein gong eg vart merksam på at ho var utkommen. Som eg skreiv i omtalen av Espen Ytreberg sin roman Amundsen tidlegare i år så skulle eg gjerne lest meir om resten av livet til Amundsen - særleg den dramatiske avslutninga. Og her, i denne velskrivne og velkomponerte boka, får me akkurat det: Ei fascinerande, engasjerande og detaljrik skildring av det som skjedde - og kanskje skjedde - då den store polarhelten Roald Amundsen forsvann.

Amundsens siste reise er ei dokumentarbok, men inneheld trekk og verkemiddel som ein kjenner at frå krimsjangeren. Ikkje så rart; Monica Kristensen har også skrive fleire spennande kriminalromanar. I tillegg har ho gitt ut fleire dokumentarbøker om opplevingar og erfaringar som polfarar og ekspedisjonsleiar i polare strøk. Kristensen er utdanna glasiolog og har arbeidserfaring frå m.a. Metereologisk Institutt, Vervarslinga for Nord-Norge, Kings Bay AS og Redningsselskapet.

Dette er ingen ny biografi om Roald Amundsen - det trengst kanskje heller ikkje, for det har m.a. Tor Bomann-Larsen sørga for tidlegare - men Kristensen går ganske tett på den "aldrande" polarfararen. Han vart forresten ikkje så gammal, kun 56 år, men både utsjånad og haldningar var nok eldre enn det alderen skulle tilsei. På midten av 1920-talet var Amundsen ein litt falma helt.

I Ytreberg sin roman vert Amundsen framstilt som tverr og sur, sjølv om han "vann" kappløpet mot Sydpolen i 1911. Kristensen understrekar dette inntrykket av ein negativ og fornærma person. Og faktum er at han mot slutten av livet hadde problem - både med populariteten, med tidlegare vener, med økonomien - og med helsa. Leitinga etter den tidlegare samarbeidspartneren Nobile kan ha vore ein siste innsats for å redda stumpane - og æra. I ettertid vart Amundsen, som alle døde heltar, hylla og beundra.

Utgangspunktet for denne historia er redningsaksjonen etter den italienske polfararen Umberto Nobile og mannskapet hans på luftskipet "Italia" i mai 1928. Luftskipet nådde Nordpolen og havarerte på isen då dei var på veg tilbake til Svalbard. Seks menn forsvann med sjølve ballongen og vart aldri funne. Av dei ti i gondolen overlevde ni sjølve krasjet med isen. Fleire av dei var hardt skada, men sidan dei hadde tilgang på ein del mat, eit lite telt og faktisk også ein radio såg situasjonen ikkje så altfor mørk ut. Det skulle gå 48 dagar før alle dei overlevande vart henta ut. Då var gruppa splitta, enno ein deltakar var død og fleire var i elendig forfatning fysisk og psykisk. Samstundes vart det sett i gang enno ein leite- og redningsaksjon; sjølvaste Roald Amundsen og mannskapet hans på flybåten Latham vart meldt sakna. Fly, skip og mannskap frå mange ulike nasjonar deltok i ein langvarig og omfattande leiteaksjon i eit gedigent og verhardt område.

Monica Kristensen skildrar det heile med kunnskap, engasjement og innleving. Boka er dramatisk og spennande som ein krimthriller sjølv om ein "veit korleis det går": Roald Amundsen, Leif Dietrichson og fire franskmenn kom aldri tilbake. Omkomne og flykroppen vart aldri funne, men vrakdeler vart funne nordvest for Bjørnøya - men også så langt sør som ved Haltenbanken. På nokre av vrakdelene fann ein spor etter forsøk på reparasjonar.

Forsvinninga er ei av dei store mysteria i polarhistoria. Basert på loggføring, historisk materiale, nyare forsking og kjennskap til Amundsen sin tankegang, lanserer Kristensen i denne boka ein ny og spennande teori om kva som kan ha skjedd.

Ho viser til at det i 1936 vart funne ein forlatt leirplass på Nordaustlandet på Svalbard. Staden hadde avtrykk av eit telt og det låg gamle boksar, sjokoladepapir, italienske dokument, gummiert bomullsduk av den typen som vart brukte til luftskip - og ein bit av ei norsk avis der. Kven som hadde opphalde seg på plassen vart aldri klarlagt. Kan nokon ombord på Latham ha overlevd ei eventuell krasjlanding? Eller kan det ha vore nokon frå det såkalla Ballongpartiet på luftskipet Italia som slo leir medan dei venta og håpa på å bli redda? Det var forventa at Latham skulle mellomlanda i Ny-Ålesund, men kanskje reiste dei direkte til den posisjonen ein antok at Ballongpartiet var? Ingen veit, og Amundsen heldt som regel korta tett til brystet og hadde ikkje avslørt planane sine på førehand. Funna av vrakdelene på ulike stader kan forklarast med ver, vind, straumar og tilfeldigheiter.

Det er svært interessant å følgja resonnementa til Kristensen. For meg vart denne boka ei kjempebra leseoppleving. Det som trekker litt ned er alle dei tekniske, praktiske og geografiske detaljane. Samstundes er det desse detaljane som gjer boka så gjennomført og grundig.

Det er nok ein fordel å vera interessert i polarhistorie for å ha glede og utbytte av Amundsens siste reise, men egentleg passar denne boka for alle som likar å lesa ei god dokumentarisk forteljing.

Andre bloggmeiningar: Pervoluto