11. august 2017

Bokhyllelesing: Kjempenes fall av Ken Follett

Cappelen Damm 2011
922 sider
Kjøpt papirbok

Tema for juni/juli-utgåva av utfordringa Bokhyllelesing var tjukk bok - og eg las Kjempenes fall, ei bok eg har hatt ståande ulest lenge, nettopp fordi ho er så omfangsrik. Det tek naturlegvis litt tid å komma gjennom heile, men boka viste seg å vera både lettlest, interessant og underhaldande - så sidetalet var ikkje noko å grua seg til.

Kjempenes fall er fyrste del i Ken Follett sin triologi om det 20. hundreåret. Det er nærliggjande å samanlikna med Jan Guillou sin serie om den same tidsperioden, men dette er enno meir omfattande. Medan Guillou stort sett held seg til Skandinavia og ein enkelt familie, har Follett eit meir globalt perspektiv og me får følgja fem ulike familiar i England, Wales, Russland, Tyskland og USA. I fyrste bind befinn me oss i perioden 1911 til 1924, det vil sei at det handlar om store hendingar som opptakten til 1. verdenskrig, sjølve krigen og den russiske revolusjon. Kvinnekamp, fagforeningskamp og klassekamp er andre tema som vert berørt.

Dette er ein slektsroman med lange historiske linjer og storpolitiske trekk. Det er ein fordel å ha ein viss bakgrunnskunnskap og å vera historieinteressert; då fyrst får ein fullt utbytte av Kjempenes fall.

I prologen møter me 13 år gamle Billy Williams som har sin fyrste arbeidsdag i kolgruva i ein walisisk småby. Systera hans, Ethel, arbeider som tenestejente hos jarl Fitzherbert, kalla Fitz, frå den aristokratiske familien som eig gruva. I fyrste kapittel vert det fortalt om ein spesiell fest som jarlen har invitert til. Sjølvaste kong George V og dronning Mary er på vitjing i området, og Fitz vil gjerne visa seg og sine frå si beste side sidan han har ambisjonar om ein plass i Overhuset. I dette høvet vert andre sentrale karakterar presentert: Maud Fitzherbert; jarlen si syster og langt meir liberal enn den konservative broren. Walter von Ulrich; tysk og adeleg, jobbar i etterretningstenesta og er forelska i Maud. Gus Dewar; amerikansk diplomat som jobbar som rådgjevar for den amerikanske presidenten. Bea Fitzherbert; Fitz si kone, opphaveleg russisk og adeleg.

Alle desse får me følgja tett sidan dei har sentrale roller i denne forteljinga. Kontrastane er store; me får glimt både frå det farlege og slitsame arbeidet i gruvene og frå det overfladiske og luksuriøse overklassemiljøet. I tillegg vert ein kjent med eit russisk brødrepar som etter kvart havnar i to heilt ulike miljø på kvart sitt kontinent. Den eine vert soldat og revolusjonær bolsjevik og den andre vert ein småkriminell skjørtejeger i eit russisk/amerikansk gangstermiljø. Dei ulike familiane sine handlingar og lagnadene deira vert vikla inn i kvarandre på ulikt vis. Aller størst inntrykk gjer skildringane av den meiningslause og fryktelege skyttargravskrigen. Mange av hovudpersonane "våre" møter kvarandre på slagmarkene. På grunn av krigen vert mykje endra - både økonomisk, kulturelt og personleg. Etter fyrste verdenskrig mista aristokratiet mykje av makta si og grunnlaget for dagens velferdssamfunn vart lagt.

Kjempenes fall er super som ferielesing; det er ei lettlest og fengande bok med ei fascinerande og lærerik handling. Ken Follett krydrar alltid bøkene sine med romantikk og erotikk, noko som ikkje alltid er like vellukka. Ein finn nokre påklistra og pinlege sexskildringar i denne boka også, og dei bør egentleg berre skummast gjennom. Follett tek elles føre seg store tema som rik og fattig, krig og fred og kjærleik og hat. Det historiske i forteljinga er interessant og er skildra med klokskap og grundigheit. Dei mange verkelege historiske personane som dukkar opp som bipersonar i forteljinga gjer det heile ekstra levande for lesaren. Her møter me m.a. statsministrane Asquith og Lloyd George, keisar Wilhelm II, president Woodrow Wilson og Lenin og Trotskij.

Det er særleg interessant å lesa om det politiske spelet som fann stad i forkant av krigsutbrotet, om kor ekstrem situasjonen i Russland var i forkant av revolusjonen, om kontrarevolusjonen, om tilhøva i ein walisisk gruveby, om den tidlege kvinnekampen og om forholdet mellom tenestefolk og herskarar. Klasseskiljet var markert og nokså uoverstigeleg i dei dagar.
Follett er ein ordrik forteljar og han har tydeleg sans for detaljar - og difor er boka (altfor) tjukk. Ein kan også innvenda at persongalleriet hans er "eindimensjonalt"; ein finn gjerne att dei same typane i dei ulike bøkene. Likevel - eg likar det han skriv - og det er eg ikkje åleine om. Ifølge Forlagslivbloggen har Ken Follett selt utrulege 150 millionar bøker verda over.

Andre bloggomtalar:
Tones bokmerke, Hysj lesing pågår, Historiske romaner, Bokmerker.org

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I september kjem Ken Follett ut med ny bok. Den har tittelen A coloumn of fire - på norsk Den evige ilden. Handlinga er lagt til 1500-talet og me skal attende til Kingsbridge (som me kjenner att frå Stormenes tid og I all evighet. Gjett kven som gledar seg til å lesa den :-)

6. august 2017

Sommarlesing: Norsk krim

Eg les ganske mykje krim - omlag halvparten av alle bøker eg les er innan krim- og spenningssjangeren. Når det gjeld norsk krim, vil eg gjerne følgja med og vera oppdatert - men eg verken kan eller vil lesa alt som vert utgitt og omtalt. Til det vert det utgitt for mange krimbøker av det eg vil påstå er av middelmådig kvalitet. Så eg er stadig vekk på leit etter verkeleg god norsk krim, gjerne av den typen der sjangeren vert variert, utfordra og utvida og der ein kan læra noko; om samfunnet, om menneskesinnet, om historie - eller andre ting. Eg likar også å bli skikkeleg overraska medan eg les.

Bøkene nedanfor er svært ulike både i form og innhald, men er "greie", lesverdige og underhaldande. Med unnatak av Kalypso, som kom ut i fjor, er alle frå 2017.


Det som aldri dør av Øistein Borge
Font forlag 2017
295 sider, eBokBib

Boka er ikkje tjukk, men kunne med fordel ha vore stramma opp ein del meir; fyrste halvdel har nemleg litt dårleg framdrift. Etter kvart vert det meir engasjerande og mot slutten er det riktig så spennande.

Det som aldri dør er betre enn den fyrste boka Den syvende demonen. Denne heng betre saman og har tydelegare skiftingar. Hovudpersonen er den same som me kjenner frå forrige bok; den velmeinande og sympatiske Bernhard Bull.

Boka har eit interessant, truverdig og originalt bakteppe sidan handlinga er lagt til Nord-Irland i fortid og notid. Miljøskildringane er levande og gode. Personskildringane er etter mitt syn svakare; eg tykkjer fleire av karakterane er uklare og vage. Nokre kunstige og merkelege dialogar trekker også ned heilskapsinntrykket, men eg vurderer likevel leseopplevinga mi til terningkast 4+.


I djevelens klør av Jan Boris Stene
Vigmostad & Bjørke 2017
281 sider, papirbok lånt på biblioteket

Eit skikkeleg gammaldags kriminalmysterium der handlinga er lagt til eit fornemt hotell utanfor Trondheim - i år 1917. Stene er ein forfattar som tydeleg har lest sin Stein Riverton og sin Bernhard Borge. Truleg har han også vore inspirert av John Dixon Carr, Agatha Christie og Dorothy Sayers - og særleg frå Sir Arthur Conan Doyle sitt forfattarskap. Etterforskarane Falkener og Wilberg minner sterkt om Sherlock Holmes og Dr. Watson.

Personskildringane er ikkje spesielt bra her heller, men det er på ein måte med å understreka det klassiske i boka: Verken Doyle eller Christie gjekk særleg djupt inn i psyken til karakterane sine. Det er det personane gjer, seier og ikkje seier som er avgjerande - ikkje det dei tenkjer og føler.

Boka er vel ikkje så voldsomt spennande, men ho har absolutt underhaldande kvalitetar. Eg set pris på at ein forfattar går tilbake til kriminallitteraturen sine røtter. Terningkast 4.


Forliset av Frode Granhus
Vigmostad & Bjørke 2017
313 sider, eBokBib

Storslagne naturskildringar er blitt ei av varemerka for "Lofotkrimmen" til Granhus. I denne boka er den ubehagelege og gjennomtrengande kulden med på å skapa ei ekstra uhyggestemning. Men elles er det nesten for mykje av det gode; dei mange naturskildringane og skildringar av ver og uver gjer at handlinga stoppar litt opp og fjernar noko av drivet og tempoet som elles er greit nok.

Dette er bygdekrim der handlinga er lagt til ein stad "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". I femte avsnitt av serien er det duka for nye utfordringar og mystiske hendingar for hovudpersonen; lensmann Rino Carlsen. Eit makabert likfunn har ein viss samanheng med eit forlis for nokre år tilbake. I ei sidehistorie får ein møta ein fastspent pasient på eit underleg sjukehus. Plottet er ganske innfløkt, men saka får ei naturleg om enn ikkje heilt truverdig løysing. Terningkast 4.


Avgrunnsblikk av Jørgen Brekke
Juritzen 2017
316 sider, eBokBib

Jørgen Brekke og Odd Singsaker har sjarmert meg nok ein gong - og eg gledar meg til neste bok. Dette er verkeleg spennande og drivande lesing! Singsaker er ein fin og menneskeleg type som eg er blitt glad i.

På elegant og oversiktleg vis får lesaren presentert tre ulike historiar som gradvis vert fletta saman. Handlinga er lagt til tre ulike tidsperiodar og det vert hoppa att og fram i tid. Men sidan dei korte kapitla vert innleia med månad, årstal og perspektiv er det ikkje vanskeleg for lesaren å halda fokus.

Innleiinga av boka er uhyggeleg sterk sidan det handlar om eit barn som tek livet av ein tyrannisk far. Elles får ein i boka eit innblikk i wiccabevegelsen; ein slags hekseklubb eller noko som paradoksalt nok kan kallast ein "hedensk religion".
Avgrunnsblikk er ei intrikat og interessant forteljing skriven med ein lett og ledig penn. Terningkast 5.


Kalypso av Ingar Johnsrud
Lydbokforlaget 2016
Speletid 12:09, lydbok lånt på biblioteket

Ei bok eg har utsatt og grugleda meg til. Eg tykte den forrige boka Wienerbrorskapet var bra, men at ho var unødvendig valdeleg - og difor har eg hatt denne på vent ei tid.
Men altså, denne Johnsrud er fabelaktig. Dette er ein sidevendar; ei intens, intelligent, actionfylt og superspennande forteljing - logisk oppbygd og med uventa hendingar og interessante karakterar. Stemninga er mørk - og ein er heile tida uroleg for korleis det skal gå.

Eg tippar Johnsrud har Jo Nesbø som føredøme. Hovudpersonen Fredrik Beier kan i alle fall seiast å vera ein slags fjern fetter av Harry Hole. Dei er like smarte, like rufsete og like rusavhengige. Og like sårbare. Beier sin kollega Kafa Iqbal framstår som litt uinteressant, men epilogen i denne boka antyder at det kjem ein oppfølgjar der me kjem meir inn i livet og under huda hennar..

Ivar Nergaard les som alltid med sjarm og innleving, men er ikkje like stødig som han brukar å vera - eller er det Johnsrud sin feil? Eller les Nergaard trykkleifane? Eg er usikker her.

Eg vart positivt overraska over denne boka. Valdsskildringane er ikkje like ubehagelege og utbroderte som sist, men dersom eg skal framheva noko negativt med Kalypso så er det dette; alle kroppsvæskene. Eg tåler ein god del ekle skildringar ettersom eg les ein del slikt, men her er det myyykje blod, hjernemasse, avføring og andre menneskelege avsondringar. Og mykje likstank. Sarte lesarar bør difor finna noko anna å lesa enn denne.
Trass i desse innvendingane gir eg boka terningkast 5.

3. august 2017

Kort om: MemoRandom og UltiMatum av Anders de la Motte

Aschehoug 2016
494 sider
Lånt ebok - eBokBib

Anders de la Motte var heilt ukjent for meg frå før, men positive omtalar av den nyaste boka hans, UltiMatum, gjorde at eg vart litt nysgjerrig på forfattaren og bøkene hans. Eg pleier dessutan å lika svensk krim. MemoRandom er fyrste bok i det som visstnok skal bli ein trilogi.

Sjølv om mykje i denne boka er lite truverdig og er tydeleg oppkonstruert, vart det til slutt ei brukbar leseoppleving. Tre ulike menn er sentrale i handlinga: den fyrste er David Sarac, ein politimann med hukommelsetap som etterforskar seg sjølv, den andre er ein mann som søkjer sanninga om kven som drap bror hans og den tredje er ein minister som har mykje å tapa. Her er mykje testosteron; action, skytevåpen og slåsskampar. Her er paranoia, hemmelege politioperasjonar og organisert kriminalitet, informantar og muldvarpar, forræderi og korrupsjon. Men: Her er ikkje dei gode berre snille og dei onde berre slemme. Ein møter politifolk med tvilsam moral og kriminelle med høg moral. Og omvendt. Kva rolle hovudpersonen David Sarac spelar er lenge uklart.

Det heile vert fortalt i eit høgt tempo og gjennom tre ulike synsvinklar. I starten er innhaldet noko forvirrande; ein forstår ikkje samanhengen. Gradvis får lesaren meir og meir informasjon, men puslespelet vert liksom større og større og bitane vert mindre og mindre. Enkelte av bitane får eg ikkje til å passa heilt inn og enkelte manglar - så eg kjende meg frustrert ved avslutta lesing.
Trass i dette fekk eg etter ei tid lyst til å lesa oppfølgjaren, UltiMatum.



Lydbokforlaget 2017
Speletid 13:37, opplesar Yngve Berven
Lånt på biblioteket


Denne boka er betre enn den fyrste. Handlingstrådane er meir forståelege og hendingane vert utdjupa og forklart på ein meir logisk måte. Ho er ikkje lettlest - så når ein lyttar til boka må ein vera konsentrert - men slike utfordringar er greie å takla.

Ein finn mykje av det ein forbind med Nordic Noir hos de la Motte: Velferdssamfunnet si mørke bakside, bitande kritikk av elite og styresmakter, samt fleire moralske dilemma. Alt pakka inn i eit realistisk nordisk miljø.

David Sarac er ein viktig karakter i denne boka også, men han er stadig like fråverande: Mykje tyder på at han er død. Hovudpersonane her er ei skarp og smart politikvinne, ein like skarp og smart fengselsfugl, ein ufordrageleg, falsk og utru minister og den like ufordragelege svigerfaren hans.
Det handlar om korrupsjon, mafiaverksemd og kamp om makt og ressursar. Boka ga meg visse Jason Bourne-assosiasjonar; ho er med andre ord ganske spennande og fungerer greit som underhaldningskrim.

1. august 2017

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Sacha Betthyany - En forbrytelse i familen - Historisk dokumentar/personleg beretning - Lånt papirbok biblioteket
Khaled Hosseini - Og fjellene ga gjenlyd - Afghansk-amerikansk roman - Lydbok Storytel

Lest i juli:
Frode Granhus - Forliset - Norsk krim - eBokBib
C.J. Sansom - Klagesang - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Anders De la Motte - UltiMatum - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Ingar Johnsrud - Kalypso - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Ken Follett - Kjempenes fall - Britisk roman - Kjøpt papirbok (OTS/bokhyllelesing)
Fredrik Larsen Lund - Norske utposter - Norsk dokumentar - eBokBib

Skjermbilde: bokelskere.no

  • 2 papir, 3 lyd, 1 ebok
  •  5 lånt, 1 abonnement
  •  3 krim, 1 historisk krim, 1 dokumentar, 1 roman
  •  2 norske, 1 svensk, 1 britisk, 1 sveitsisk, 1 afghansk-amerikansk
  •  0 kvinner, 6 menn
  • "Nye" forfattarar: Betthyany

Eg har hatt ferie halve denne månaden - og det ber oppsummeringa preg av. Kun seks bøker tyder på at eg har prioritert andre aktivitetar - sjølv om eg "alltid" les. Det kan leggjast til at Klagesang er på nesten 700 sider og at eg er nesten halvveges i 1000 siders-boka Kjempenes fall

Blogging har det også blitt lite av. Eg skal prøva å få laga til nokre samleomtalar i august, tenkjer eg.

Boka Norske utposter er sett på ufrivillig pause. Eboka eg lånte vart plutseleg borte frå eBokBib, og eg har reservert ho på nytt.

Høgdepunkt i juli vart som ein kan sjå Klagesang; bok nummer seks i serien om Matthew Shardlake, følgd av ei bok eg ikkje hadde så altfor store forventningar til, men som eg vart positivt overraska over; Kalypso av Ingar Johnsrud. Eg vart bittelitt skuffa over Og fjellene ga gjenlyd. Sjølv om forteljinga er sterk og velskriven, vart eg ikkje så gripen av denne som av Tusen strålende soler og Drageløperen.

Ynskjer alle ein fin lesemånad i august!