14. november 2017

Omtale: Beretningen om Jon Bentsson av Vera Henriksen

Aschehoug 2004
843 sider
Papirbok lånt privat

Beretningen om Jon Bentsson er ein dobbeltroman; Klangen av en lutt frå 2001 og Ildens sang som kom ut fyrste gong i 2002. Forteljinga er framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonsson (Trollsteinen, Pilegrimsferd, BlåbreenStaupet og Skjærsildsom eg med stor glede gjenlas tidlegare i år.

Henriksen tek føre seg den same tematikken i begge desse store bokverka. Det handlar kort sagt om sosiale og religiøse motsetningar i tida etter reformasjonen og dei konsekvensane det hadde for samfunnet og for enkeltmenneske.

Men medan eg storkosa meg gjennom den fyrste bokserien, vart dette ei heilt anna leseoppleving. Misforstå meg ikkje - det er Vera Henriksen det er snakk om her, så boka er sjølvsagt ikkje dårleg - men ho er tidvis veldig tung og treg. Eg skal prøva å gjera greie for kvifor eg ga Beretningen om Bent Jonsson (heretter kalla Bent-bøkene) terningkast 6 og Beretningen om Jon Bentsson (heretter kalla Jon-bøkene) "berre" terningkast 4.

Opplevinga av at Jon-bøkene er tungt lesestoff skuldast fyrst og fremst at dei historiske detaljane er så overveldande. For Vera Henriksen var det svært viktig at fakta rundt historiske hendingar, personar og stader var så korrekte som muleg. Det er jo egentleg positivt, men tidvis i desse bøkene har dei historiske opplysningane og kjeldematerialet fått for stor plass. Det har rett og slett gått på bekostning av sjølve historia. I Bent-bøkene balanserte forfattaren fint mellom det menneskelege, det dramatiske og det historiske. I Jon-bøkene er det etter mi meining for mykje faktainformasjon. For å sei det litt fleipete: Hadde Vera Henriksen så uendeleg med bakgrunnsstoff frå Bent-bøkene at ho prøvde å skvisa inn mest muleg av dette inn i Jon-bøkene?

Eg har brukt to månader på lesinga av denne siste boka, noko som er uvanleg lenge. Av dei vel 840 sidene er omlag 100 sider forklaringar, kjeldehenvisingar og andre opplysningar frå forfattaren. Det er altså enno meir informasjon å henta for den som måtte ha interesse for det..

Handlinga er lagt til byrjinga av 1600-talet; ei uroleg tid der den katolske kyrkja kjempa hardt mot protestantismen. Ei gruppe som var sterkt engasjert i motreformasjonen var jesuittane. Hovudperson i Klangen av en lutt og Ildens sang er jesuitten Jon. Han er dessutan luttspelar, teolog og spion.

Faren Bent er blitt ein gammal mann når Jon vender tilbake til Lom etter 25 år. Han har sett og opplevd mykje rundt omkring i Europa. Han er på flukt og fryktar at han er forfølgd av mektige og farlege motstandarar, men får etter kvart slått seg til ro. Jon fortel om det han har opplevd på vandringane sine til far sin og syster si - og det er nettopp Jon sine opplevingar som tek mest plass i boka. Jon skjulte spionasjeoppdraga sine ved å ta musikaroppdrag rundt omkring i fleire fyrste- og kongehus. Slik fekk han eit omfattande kontaktnett - men ikkje alle var til å stola på.

Parallelt får ein vita kva som skjer i lokalsamfunnet og i familien, forholdet mellom far og son og etter ei tid; forholdet mellom Jon og den unge enka Hilde. Dette med giftarmål vert problematisk i og med at Jon egentleg er bunden til ordensløfter om lydigheit og sølibati. Som jesuitt og katolsk prest kan han ikkje inngå ekteskap, men heime på Lom må han halda den katolske delen av livet sitt hemmeleg. Kva vert konsekvensane for han sjølv og ein eventuell familie med tanke på det omflakkande og utfordrande livet han har levd? Kjem Jon til å bryta med dei prinsippa som han alltid har stått for og trudd på? Kan han starta på nytt og leva eit enkelt og vanleg liv? Slik han ser det har han alt gjort seg skuldig i fleire dødssynder - og han har sett grusomme hendingar som heksebrenning og tortur, noko som har gjort han til ein tvilar.

Slik kan innhaldet i Jon-bøkene samanfattast, men det handlar om mykje mykje meir. Skildringane av 1600-talets Europa og menneska som levde den gongen er interessant å lesa om, men som sagt over; det er veldig detaljert, omfattande og overveldande. Persongalleriet er så rikt at det kjennest uoverkommeleg, enkelte personar (som hovudpersonen sjølv) er fiktive, men veldig mange er historiske.

Det eg tykte var spesielt fint med Bent-bøkene var det tidlause og det allmenngyldige i forteljinga. Desse aspekta er mindre til stades i Jon-bøkene. Mine tidlegare svært positive leseopplevingar med Vera Henriksen sine historiske romanar gjorde at forventningane mine var skyhøge i høve Jon-bøkene. Vurderinga mi avspeglar at desse forventningane ikkje vart innfridde fullt ut.

Eg likar forteljarmåten og komposisjonen og er glad for at eg omsider fekk lest forteljinga om Jon - og at eg fekk vita korleis det gjekk med Bent og dei andre i familien.

Avslutninga er litt spesiell sidan forfattaren "blandar seg inn" i romanen og presenterer to alternativ for lesaren. Det eine alternativet er at Jon slår seg til ro i Lom for all framtid. Det andre alternativet er at Jon etter ei opprivande hending reiser tilbake til det katolske Sør-Europa for å ta eit oppgjer med fortida. Dette alternativet er dramatisk - og djupt tragisk.

9. november 2017

Favorittforfattarar: L

Foto: Cappelen Damm

Lars Kepler

Svensk forfattarpar, pseudonym for Alexandra Coelho Ahndoril (f.1966) og Alexander Ahndoril (f. 1967)

Kvar for seg hadde ekteparet Ahndoril skrive fleire romanar og teaterstykke før dei slo seg saman og ga ut Hypnotisøren, ein særdeles mørk, brutal og adrenalinspennande krimthriller. Den fyrste boka om Joona Linna var omdiskutert, men like fullt ein enorm suksess. Paret har skrive ytterlegare fem bøker i serien samt ein frittståande thriller som Lars Kepler.

Eg har hatt store leseopplevingar med alle bøkene i Joona Linna-serien; Hypnotisøren, Paganinikontrakten, Ildvitnet, Sandmannen, Stalker og Kaninjegeren, - så Lars Kepler er ein (dvs. to) av mine desiderte favorittar.

nettsida si fortel forfattarane om bakgrunnen til namnet Lars Kepler. Lars er ein hyllest til Stieg Larsson og Kepler kjem frå den tyske vitenskapsmannen Johannes Kepler.


Foto: Gyldendal

Levi Henriksen

Norsk forfattar f. 1964.

Romandebuterte i 2004 med Snø vil falle over snø som har falt. Den boka fekk gode kritikkar, mange lesarar og vart tildelt bokhandlerprisen. Her vert me introdusert for den fiktive bygda Skogli for fyrste gong. På forfattaren si nettside er det høve til å bla i boka.

Ein finn visse særtrekk i Henriksen sine bøker; den sorgmuntre melankolien, den lune humoren, dei spesielle karakterane og den slentrande stilen. Eg tykkjer denne stilen er både sjarmerande og befriande. Henriksen er god på å få fram kontrastar; han skildrar det finurlege og det naive, det tragiske og det latterlege. Julenovellene til Levi Henriksen er spesielt leseverdige, tykkjer eg.

Henriksen er aktuell denne hausten med den biografiske romanen Her hos de levende. Her viser han ei mørkare side av seg sjølv enn det han har synt før.

Levi Henriksen er også kjend som musikar og låtskrivar. Bandet hans Babylon Badlands er kalla opp etter ein av Henriksen sine romanar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre forfattarar på bokstaven L som eg likar er Liza Marklund, Leif GW Persson, Lars Mæhle og Lene Kaaberbøl.

Favorittforfattarar etter alfabetet

7. november 2017

Kort om: Seks historier av Matt Wesolowski

Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:16
Lytteeksemplar

Seks historier er ein heller tradisjonell whodonnit-krim - i ein moderne innpakning. Boka er lagt opp som ein podcast og er ganske sikkert inspirert av det populære "true crime"-showet Serial.

15 år gamle Tom Jeffries forsvinn medan han deltek på ei utflukt saman med ei gruppe ungdommar i 1996. Fyrst året etter vert liket av guten funne i eit myrlendt og naturskjønt villmarksområde i Nord-England. Tjue år etter dette igjen prøver ein journalist å bruka podcasten sin for å grava i saka. Gjennom seks intervju med seks ulike personar prøver han å finna ut kva som verkeleg skjedde den gongen guten døydde.

Var det ei ulykke? Vart han drept? Tok han sitt eige liv?

Det handlar mykje om korleis dynamikken i ungdomsgruppa endrar seg når gruppa får eit nytt medlem. Den nye deltakaren - Tom Jeffries - viser seg å vera ein skikkeleg drittsekk. Det er truleg fleire som kan ha hatt motiv for å rydda han or vegen.

Måten historia er fortalt på er interessant og forfriskande original, men eg tykkjer sjølve krimgåta er kjedeleg. Det går uendeleg sakte sidan den same historia, med berre bittesmå variantar, vert fortalt fleire gonger. I tillegg gjentek hovudforteljaren og podcastjournalisten det meste mellom intervjua av dei seks. Det kan vera greit med oppklaringar undervegs, men her finst unødvendige overforklaringar og gjentakingar.

Forsvinningssaka/dødsfallet vert også knytta opp mot gamle segner og eventyr om spøkelsar, uhyre og monster. Desse innslaga skal sikkert gjera historia skummel og spennande, men for meg vart det motsatt; å blanda inn slike "overnaturlege" element i forteljinga er berre irriterande og dumt. Den desidert mest engasjerande delen var siste "episode" og det som der blir avslørt. Her kjem ei vending som snur mykje av det som inntil då var blitt fortalt fullstendig på hovudet. Eg likte dette grepet - men i og med at eg var kommen så langt i lyttinga vart det for seint.

Ei bok som kjeda meg nesten heile tida fortener ingen toppkarakter. Avslutninga var likevel såpass stilig at det "reddar" eit terningkast 3.

For å avspegla at dette liksom er ein podkast, er det brukt fleire ulike opplesarar av lydboka. Slik får ein verkeleg fram mangfaldet av perspektiv og forteljarstemmer. Halvveges lydbok og halvveges radioteater på ein måte - og det fungerer ganske greit.

Eg registrerer at Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet gir Seks historier terningkast 4. Artikkelen er bak betalingsmur så eg har ikkje lest grunngjevinga hans; men overskrifta lyder "Den kommende filmen blir nok bedre enn boka" - og det kan eg vera enig i. Med den rette regissøren, dei rette skodespelarane og dei rette effektane kan nok dette bli ein OK film.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verdenBentebingElise-CathrinMy Criminal MindTine sin blogg - som alle likar boka betre enn meg..

2. november 2017

Bokomtale: Glasshjerte av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2017
416 sider

Papirbok lånt privat

Glasshjerte er ein psykokrimthriller som er spennande på fleire plan. Alt frå fyrste side skjønnar ein at dette kjem til å bli ei nervepirrande lesestund. Boka byr på det som kan kallast indre psykologisk spenning og i tillegg; ytre konkret spenning.

Det er ikkje utan grunn at Damhaug er blitt tildelt Rivertonprisen - to gonger. Han er ein stilsikker forfattar som flettar dei enkelte forteljarstemmene elegant saman slik at lesaren får akkurat passe med informasjon til einkvar tid. På det viset vert spenninga og intensiteten halden oppe - og det gjer boka til ein sidevendar.

Når det er sagt: Eg tykkjer likevel ikkje at Glasshjerte er like god som fjorårets En femte årstid eller dei tidlegare Ildmannen og Se meg Medusa. Etter mi meining har alle desse bøkene enno meir nerve, driv og snert - og framfor alt; betre avslutningar. Så har du ikkje lest dei enno; løp og lån! - og få gode og stemningsfulle leseopplevingar.

Tilbake til Glasshjerte - der me altså møter fleire forteljarar. Den mest sentrale er 19-åringen Mikkel som hamnar oppi eit mareritt når kusina hans Amina vert funnen voldtatt og drept - og han sjølv vert mistenkt for å ha noko med saka å gjera. Lesaren skjønnar at dette umuleg kan stemma, men Mikkel har sine grunnar til å ikkje fortelja alt han veit og har sett. Han møter opptil fleire dilemma når han vil beskytta dei han bryr seg om. Det gjeld både mora, faren, den psykisk utviklingshemma broren Robin og den nye kjæresten Inga.

Me får óg følgja saka frå Inga sitt perspektiv der ho driv med ei alternativ og velmeinande etterforsking i reine Frøken Detektiv-stil. Mikkel sin forsvarar, ein advokat med dødsangst og helseangst, er ein annan interessant karakter. Det same er eks-advokaten Rivers som vert hyra inn som ein slags konsulent i saka. Denne Rivers har sona åtte år i fengsel for eit drap han ikkje kan hugsa å ha begått. (Og akkurat her steilar eg litt - fordi eg har lest fleire bøker i det siste der dette med hukommelsetap er eit sentralt poeng..)

Av bikarakterar kan nemnast drapsofferet sin muslimske familie, eit mystisk nabopar, Mikkel sine kunstnarforeldre og særleg; den mystiske jenta Boel som Mikkel har - eller har hatt - eit heilt spesielt forhold til. Det er i det heile mange personar og hendingar å halda styr på i denne boka, men Damhaug har ei stødig hand over dei fleste og det meste.

I psykologisk thriller-sjangeren er miljøskildringane spesielt viktige. Handlinga i Glasshjerte er lagt til månaden november - og dermed alt det denne månaden byr på av mørke, kulde og tåke. Legg så til eit mystisk vatn, ein dyster kyrkjegard og ein skummel skog - og du skjønnar at kulissane er ganske så "perfekte". Damhaug dreg ikkje dette altfor langt - han berre antydar og skildrar ganske vagt, - og så vert det lagt til lesaren sin fantasi å gjera det uhyggeleg.

Etter kvart skal også fleire av personane me har møtt syna seg frå ei heller uhyggeleg side. Personskildingane er svært gode og karakterane framstår difor som ekte og truverdige. Det same gjeld dialogane; dei er naturlege og truverdige og bidreg til å gjera personane enno meir levande. Eg er òg imponert over måten Damhaug framstiller Mikkel sin tilbakeståande bror og korleis han får formidla kjenslene hans. Robin manglar nemleg eit forståeleg språk - han berre gjentek det som vert sagt rundt han og til han. Når det etter kvart blir klart at Robin må ha vore vitne til at Amina vart drept, vert det utfordrande for etterforskarar og familie å tyda kva Robin veit.

Glasshjerte er ein gjennomarbeida og velskriven roman av høg kvalitet. Eg tykkjer forteljinga dett litt saman avslutningsvis, men meiner óg at dette ikkje har altfor stor betydning for leseopplevinga samla sett.
Boka handlar om det som blir sagt og alt det som ikkje blir sagt, om misforståingar og mistydingar, om lojalitet og illojalitet, om tiltru og mistru. Det handlar om unge menneske som strevar med å finna sin plass i samfunnet og framfor alt handlar det om å ikkje sjå kva som er i ferd med å skje - ikkje eingong når teikna er ganske tydelege.
Glasshjerte er perfekt lesestoff til dei mørke novemberkveldane som no ligg framfor oss.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Boksnakk