27. februar 2018

Favorittforfattarar: P

Så var eg kommen fram til bokstaven P og omsider ser eg ein ende på alfabetgjennomgangen min.

Pierre Lemaitre

Fransk forfattar f. 1956.

Vart kjend her i landet då Alex - bok nummer to i Camille Verhoeven-serien - kom ut på norsk i 2015. Dei to andre bøkene i trilogien - Irene og Camille - vart utgitt i 2016 og 2017. Ein super trilogi etter mi meining - hardkokt og underhaldande - og som absolutt bør lesast i rett kronologisk rekkefølge;
1. Irene - 2. Alex - 3. Camille.

Lemaitre har undervist i litteratur og skrive fleire skodespel og romanar. Han har vunne CWA International Golden Dagger tre gonger; for Alex og Irene og for Vi ses der oppe. For den sistnemnde boka vart han også tildelt den prestisjetunge GoncourtprisenVi ses der oppe er ein fascinerande, fornøyeleg og gripande roman som handlar om krig og fred, hat og hevn og kjærleik og venskap.

Denne vinteren er Pierre Lemaitre aktuell med krimthrilleren Brudekjolen. Den skal lesast ved høve.


Phyllis Dorothy James

Britisk krimforfattar 1920 - 2014.

Betre kjent som P.D. James og som dama bak romanane om politietterforskaren Adam Dalgliesh. Bøkene hennar danna grunnlag for den populære TV-serien som for nokre år sidan vart vist som påskekrim på NRK.

P.D. James vart adla i 1991 og fekk tittelen baronesse James av Holland Park. Ho var óg medlem av Overhuset ei tid. Ho gav ut 20 bøker og hausta fleire prisar og utmerkingar.

Den siste romanen hennar Døden kommer til Pemberley kom ut så seint som i 2013. Det er eit "kriminelt framhald" av Jane Austen sin klassikar Stolthet og fordom. Ikkje spesielt vellukka spør du meg, men så har eg ikkje heilt sans for Austen heller.

Men Adam Dalgliesh og Cordelia Grey - sistnemnde ein annan krimhelt skapt av P.D. James - dei likar eg.

I bøkene til P.D. James finn ein både spennande intrigar, finurlege plott og gode miljøskildringar. Dalgliesh-serien er politikrim i kombinasjon med klassisk britisk whodunnit. Alle bøkene er frittståande og ein treng ikkje lesa dei i rekkefølge.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fleire favorittforfattarar etter alfabetet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar