Om bloggen og bloggaren

Eg heiter Berit, men kallar meg ofte beroene på nett. Eg har valgt å vera ganske anonym her på bloggen, men dersom nokon skulle vera interessert, er det ikkje vanskeleg å "finna meg". Kan kontaktast på mail beroene@gmail.com, og er innom både facebook, instagram, twitter og bokelskere med ujamne mellomrom.

Eg er midt i livet, - har mann, tre vaksne barn og eitt barnebarn. Og ein katt. Busett inst i Sognefjorden. Jobbar i det offentlege med informasjon og div. sakshandsaming. Heilt sidan eg lærte å lesa, har eg vore glad i bøker og lest mykje. Det har alltid lege ei bok eller fem på nattbordet mitt. 


Bokblogginga starta eg opp med i september 2012, fyrst på blogg.no og frå mai 2013 på blogspot. I starten skreiv eg fyrst og fremst for min eigen del; eg blogga fordi eg ønska å halda oversikt over og å hugsa meir av innhaldet i dei bøkene eg les. Eg vart overraska og glad for alle dei positive tilbakemeldingane eg fekk i kommentarfeltet på innlegga mine. Etter kvart har eg skjønt at det eg skriv er lesbart og kanskje nyttig for andre også. Målet med blogginga er no, i tillegg til mi eiga loggføring, å spre boktips og å formidla leseglede. Ved å vera ein del av
 "bokbloggmiljøet", dvs. å lesa og kommentera på andre bokbloggar, finn eg stadig nye boktips og anna inspirasjon til lesing. Eg har dermed - i enno større grad enn tidlegare - blitt ein bokslukar og les godt over 100 bøker i året. 

Bloggen min er personleg, men ikkje privat. Det er berre ein liten del av livet mitt eg deler her på bokbloggen. På profilbiletet har eg sykkelhjelm på; dette er liksom for å symbolisera at eg ikkje berre ligg på sofaen og les bøker - eg er glad i frisk luft; spesielt i lettare fjellturar og sykkelturar. Men eg kan nok ikkje skryta på meg at eg er ein spesielt aktiv og sprek syklist.

Eg er ein "amatørlesar" utan litteraturvitenskapleg bakgrunn som les kun av lyst og ikkje av plikt.
Eg får ikkje betalt for blogginga og har ingen bindingar til bokutsal, forlag eller forfattarar. Bokblogginga er ein rein hobby og eg har ingen ambisjonar om at det skal verta noko meir enn akkurat det. 
Bøkene som vert omtalt er stort sett kjøpt eller lånt. Av og til får eg bøker frå ulike forlag, og i desse tilfella vert dette nemnt i omtalen. Eg ynskjer ikkje å motta leseeksemplar dersom eg ikkje har bedt om det.

Aller helst les eg krim, og særleg nyare nordisk seriekrim - men eg prøver så godt eg kan å lesa variert innan ulike sjangrar. Elles er eg nok over gjennomsnittet interessert i lydbøker og har mykje fokus på det her på bloggen. Etter kvart har eg også blitt vant til - og glad i - å lesa ebøker. Eg tek ikkje djupe analysar av bøkene eg les eller lyttar til, men omtalar dei - som oftast - når eg nettopp har lest dei ut og innhaldet er ferskt i minnet. Eg har ikkje som mål å laga omtalar av absolutt alle bøkene eg les, fordi det då vert for lite tid til nettopp lesing. 

Bokomtalane mine er subjektive, personlege og 100% ærlege. Det same er terningkasta eg gir. Terningkasta er kjenslestyrt og baserer seg som oftast på dei forventningane eg hadde til den aktuelle boka på førehand. Karaktersystemet mitt er enkelt: 
Terningkast 1 Elendig, 2 Dårleg, 3 Bra4 God5 Svært god6 Fantastisk god
Eg legg som regel meir vekt på historia som vert fortalt enn det reint språklege, - men eg kan ikkje utstå rettskrivingsfeil og korrekturslurv. Terningkasta er ein slags konklusjon på den totale leseopplevinga mi.

Legg gjerne ved ein kommentar om du er innom, det er hyggeleg og inspirerande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar