11. mars 2024

Kort om: Sorgsankeren av Heine Bakkeid

Aschehoug 2024
Speletid: 7:05
Lånt lydbok BookBites

Årets fyrste norske krim for meg vart Sorgsankeren av Heine Bakkeid - den femte og siste boka i serien om Thorkild Aske. Eg trudde eg hadde lese alle dei fire foregåande, men eg har faktisk ikkje lese den fyrste, 'Jeg skal savne deg i morgen'. 

Sorgsankeren er ingen kosekrim. Ikkje på nokon måte. Fyrst og fremst fordi stemninga er mørk og dyster, men også fordi deler av boka handlar om drap og overgrep på barn. I tillegg er hovudpersonane desperate og muligens utilreknelege.
Og det regnar og regnar, nesten heile tida.. 

Handlinga tek til kort tid etter forrige bok, St. Avenger. Den historia enda med at hovudmannen bak eit pedofilt nettverk vart pågripen og fengsla. Men det er fleire i dette nettverket, og det viser seg at enkelte av dei framleis er aktive. Det har mellom anna Kurt Vinje fått merka - og i rein desperasjon ber han Thorkild Aske om hjelp. Dette trass i at dei to hadde eit mildt sagt turbulent møte forrige gong dei traff kvarandre. No er nevøen til Kurt blitt kidnappa, og gjerningspersonen har nokre spesielle krav før guten kan sleppast fri: Kurt sitt oppdrag er å ta livet av fire personar og han skal dokumentera at han har gjort det. På kva måte - og kvifor - skal Thorkild bidra i ei slik grotesk sak?

Både Thorkild og Kurt er tidlegare politimenn og har kjennskap til ulike kriminelle miljø. Som einslege og einsame rusmisbrukarar har dei heller ikkje noko særleg å tapa. Dei to fartar rundt i ein lånt bubil i ein desperat jakt etter ledetrådar, spor og gjerningsperson, og ei gammal bortføringssak viser seg å vera ein nøkkel. Når dei etterforskar sakene på sin alternative måte held dei seg ikkje alltid innafor lova. Kan det likevel vera etisk og moralsk riktig - med tanke på kva som står på spel? 

Det er ikkje noko særleg med lyspunkt i denne forteljinga. Den einaste som lettar litt på stemninga innimellom er Thorkild sin psykologkompis Ulf.

Boka er vanskeleg å legga frå seg og har ein jamn stigande spenningskurve. Det er ein kamp mot klokka og ein kamp mot ein særdeles ond og utspekulert gjerningsperson. I og med at ein veit at det er siste bok i serien, er ein gjerne ekstra spent på korleis det heile skal enda. 

Boka - og serien - er gjennomgåande mørk og dyster, men etter mi meining er avslutninga verdig og oppklarande. 
Sorgsankeren anbefalast - om du ikkje er altfor sensibel med tanke på tematikken. 

6. mars 2024

Bokomtale: Historien om Vinter-OL - Fra Torleif Haug til Marit Bjørgen

Bokverket består av to svære bind. Bind 1 handlar om vinter-OL arrangert i åra 1924 til 1988 og har 663 sider. Bind 2 handlar om OL-arrangementa 1992 - 2018 og har 778 sider. Bøkene kom ut på Cappelen Damm i 2021 og 2022, før OL i Beijing. 

Forfattarane er velkjende Hans Olav Lahlum og meir ukjende Øyvind Tronstad. Tronstad er ein av landets fremste ekspertar på tema vinter-OL, for han har følgd alle OL'ane sidan 1956 "med argusøyne og notatbøker". Samarbeidet mellom Lahlum og Tronstad om desse bøkene har vore særs vellukka. 

Du startar sjølvsagt ikkje på noko slikt som dette om du ikkje er sportsinteressert. Du treng ikkje vera fullstendig sportsidiot, men er du interessert (nok) i vintersport, idrettspolitikk og samfunnsutvikling - då får du ei skikkeleg lang og god lesestund. Det var skikkeleg kjekt å "møta" gamle heltar og interessant å bli påmint om utøvarar og hendingar som eg hadde gløymt.

Er du interessert i papirutgåvene, kan eg opplysa om at bøkene er med på årets Mammutsalg til kr 199 per stykk.

Eg har lytta til bøkene, og det tok si tid (48 timar!), og eg gjekk glipp av alle bileta som er i papirboka - men eg har kosa meg. Eg kosa meg med portretta av tidlegare tiders idrettsheltar, av grundige skildringar av dei ulike konkurransane og arrangementa og med nostalgiske glimt frå min eigen barndom og ungdom då eg følgde med på alt som var av sport på TV. Opplesar Per Andreas Tønder er grei å høyra på, men eg reagerer på at han konsekvent uttalar bronse som "brongsje". I tillegg uttalar han ein del namn på folk og stader som i mine øyre høyrest feil ut, men det kan jo henda at tidlegare tiders radio- og TV-kommentatorar har sagt feil?
Papirbøkene inneheld ein del statistikk og oversikter, dette er kutta ut i lydbokutgåvene. Ein finn massevis av OL-statistikk på nettet om ein har interesse for det.

I desse dagar er det 100 år sidan den fyrste vinterolympiaden gjekk av stabelen i Chamonix i Frankrike og det er 30 år sidan jubeldagane på Lillehammer. Det passa dermed veldig godt å fordjupa seg i olympisk historie akkurat no. 

I boka vert kvart einaste vinter-OL innleia med ein presentasjon av arrangørbyen og bakgrunnen for at nettopp den byen vart vald. Det vert opplyst om talet på konkurransar og talet på utøvarar, om kven som tende OL-elden, kven som sto for den offisielle opninga og kven som sa fram den olympiske eiden. Vidare får me vita kven som var norsk flaggbærar og høyra om fakkelstafett, OL-frimerker og OL-maskotar.

Neste del består av gjennomgang av alle konkurransane, kven som fekk medaljar og kven som var beste norske utøvar - og om dramatikk og/eller spesielle hendingar som fann stad.
Likestilling i idretten er eit tema som jamnleg kjem opp. Mannsdominansen har vore stor og IOC har alltid vore konservative. Like rettigheiter og lik tilgang til idrett har aldri vore sjølvsagt. Kvinner fekk ikkje delta i OL-langrenn før i Oslo i 1952, og då var ingen norske med. Fyrste gongen kvinner fekk delta i skiskyting var i Albertville i 1992 og i hopp i Sotsji i 2014. Kombinertkvinnene får framleis ikkje delta, heller ikkje i det kommande OL i 2026.
Det er påfallande kor stor motstand det har vore mot alt nytt her i landet. Det gjeld til dømes nye stilartar som skøyting og v-stil, men det var også stor skepsis til kvinnelege langrennsutøvarar og kvinnelege hopparar. (Takk til pionerane Ingrid Wigernæs og Anette Sagen!)

Som del tre kjem så portrettane/minibiografiane. For kvart einaste vinter-OL har forfattarane valt ut ein kvinneleg og ein mannleg utøvar der det vert fortalt meir grundig om familiebakgrunnar, idrettskarrierar og livshistoriar. Nokre ga seg på topp og andre var med litt for lenge. Nokre skapte seg nye suksesskarrierar etter den aktive perioden, andre trekte seg tilbake til eit roleg familieliv og atter andre gjekk rett og slett til grunne.

Forfattarane gjer også greie for kvifor dei har plukka ut dei utøvarane som dei gir ein nærare presentasjon av. Det handlar nemleg ikkje berre om dei store stjernene; her er det også gitt plass for meir ukjende utøvarar frå smale idrettar. Som til dømes Maya Pedersen som tok gull i skeleton i Torino i 2006. Portretta er veldig interessante og gjer bøkene ekstra leseverdige. 
Avslutningsvis vert det enkelte OL-arrangementet oppsummert og vurdert.

I barndomsheimen min fekk me TV i 1968, like før OL i Grenoble. Det var ei storhending for heile familien og me såg sikkert på alt som vart sendt frå OL. Eg hugsar ingen detaljar, men eg hugsar naturlegvis Ole Ellefsæter, Jentut’n og Fred Anton Maier. Det var lengdeløp på skøyter som interesserte meg mest då eg var ung; eg skreiv ned rundetider på alle distansar i alle mesterskap og kunne alle verdensrekordane på rams. No kan eg ikkje hugsa sist eg såg eit skøyteløp.
Men framleis ser eg på både langrenn, hopp, alpint og skiskyting - dersom det passar seg slik. Aking, bob, ishockey og kunstløp har eg aldri brydd meg om og eg er heller ikkje vidare interessert i nyare OL-øvelsar som freestyle og snøbrett. Curling hadde heller aldri interessert meg før under OL i Salt Lake i 2002. Som så mange andre sat eg då oppe midt på natta for å sjå på Pål Trulsen & co.

Det er ikkje same stasen med OL lenger. Såkalla sportsvasking, samt avdekking av organisert og systematisk dopingbruk og avsløringar av juksemakarar har påvirka engasjementet mitt. Dei siste åra har debattane rundt OL handla mykje om menneskerettar, doping, korrupsjon og IOC sitt gubbe- og pampevelde. Det vert hevda at IOC berre har fokus på pengar, sponsorar og TV-rettigheiter - og ikkje på idretten og dei olympiske ideala. 

OL-arrangementa er blitt gjennomkommersialiserte, dei er svært ressurskrevjande og ekstremt store. Tal frå nokre utvalde vinter-OL fortel litt om utviklinga dei siste 100 åra:
Chamonix 1924: 16 øvelsar, 9 idrettar. 258 utøvarar frå 16 nasjonar.
Oslo 1952: 22 øvelsar, 8 idrettar. 694 utøvarar frå 30 nasjonar.
Lillehammer 1994: 61 øvelsar, 12 idrettar. 1737 utøvarar frå 67 nasjonar.
Beijing 2022:109 øvelsar, 15 idrettar. 2871 utøvarar frå 91 nasjonslag.

Neste vinter-OL skal haldast i Cortina og Milano i Italia i 2026. Der skal det kjempast om medaljar i 116 øvelsar i 16 idrettar. 
(Kan legga til: Sommarolympiadane er endå mykje større: I Tokyo-OL i 2021 (utsett eit år grunna pandemi) deltok vel 11000 utøvarar i meir enn 300 øvelsar).

. . . . . . . . . . .

Eg merkar no at eg har fjerna meg frå å omtala eit bokverk til å omtala sjølve OL. Så dermed tilbake til bøkene, som eg kan anbefala varmt til alle sportsinteresserte. Eg likte best fyrste bind, her landar eg på ein 5'ar. Andre bind får terningkast 4+. Grunngjevinga er at denne er meir oppramsande i stilen, noko som er heilt naturleg i og med at konkurransane, medaljane og utøvarane vart fleire og fleire. Dessutan vart det - til og med for meg - ein "overdose" sport. Det ville heilt klart vore lurt med ein pause mellom dei to bøkene.

Heilt til slutt nokre få ord om dei to som er nemnde i tittelen på desse bøkene.
Torleif Haug (1894-1934) tok tre gull i den fyrste vinterolympiaden i 1924. 
Marit Bjørgen er tidenes mestvinnande vinterolympiar med med sine totalt 15 medaljar.

I lista over mestvinnande vinterolympiarar er det tre nordmenn "på pallen".
Den nederlandske skøyteløparen Ireen Wüst har like mange medaljar som Bjørndalen, men har "berre" seks gull.
Elles syner statistikken at Johannes Thingnes Bøe er på 12. plass som med sine 8 medaljar - hittil.
Han er framleis ung og aktiv og eg vil tru at han kjem til å krabba opp på pallplass før han gir seg.

2. mars 2024

Oppsummering februar 24

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Ingrid Berglund - En skygge på min grav (Oda Krogh #2) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 1 1924-1988 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel

Lese i februar: 
Johan Theorin - Bumerker (Ölandserien #6) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Lina Bengtsdotter - Flammene - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 2 1992-2018 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
Håkan Nesser - En fremmed banker på din dør - Svensk krim (noveller) - Lånt papirbok biblioteket
Jens Henrik Jensen - Pilegrim (Oxen #6) - Dansk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Heine Bakkeid - Sorgsankeren (Thorkild Aske #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tina Frennstedt - Skjærsild (Cold case #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lyd Storytel

Sidetal: 3254
1 papir, 2 lyd, 4 ebøker
5 lånt, 2 abonnement
4 krimromanar, 1 krimnovellesamling, 2 fakta/dokumentar
3 norske, 3 svenske, 1 dansk
5 menn, 2 kvinner
Nye forfattarar: Tronstad

Berre to lydbøker i februar, men dei er til gjengjeld skikkeleg omfattande og langvarige. Store deler av månaden har eg vore i eit nostalgisk OL-modus, takka vere Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad sine historiar frå vinter-OL dei siste 100 åra. Omtale kjem.

Av dei fire bøkene eg har gitt terningkast 5, må Håkan Nesser si bok haldast fram. En fremmed banker på din dør består av tre velskrivne langnoveller (eller kortromanar), alle i gjenkjenneleg nessersk skrivestil: humoristisk, melankolsk, satirisk og til ettertanke. Handlinga er lagt til Maardam og omegn, det vil sei frå stader alle som har lese serien om Van Veeteren kjenner til. Årsaka til at eg ikkje gir terningkast 6 er at eg skulle ønska at boka var meir omfattande. Eg kunne tenkt meg ei historie eller to til!

Jensen innfrir med den nye boka om Oxen. Det same gjer Theorin med den nyaste Ölandhistoria si og Lina Bengtsdotter med den frittståande Flammene. For Berglund sin del vart det eit knepp ned. 'En skygge på min grav' vart for tam og for enkel. 

27. februar 2024

Dikt og slikt: Mars av Arild Nyquist

Diktet nedanfor heiter mars, handlar om januar og eg legg det ut no i februar. 
Den underliggande bodskapen er vel framtidstru. Det er kanskje naivt, men det er viktig å ha trua - og å behalda håpet.

Mars 
I disse tunge dager
nå midt i januar
da vet jeg neste måned
den heter februar.

Og februar er full av penger
og februar er full av håp
og nye dikt vil flagre
ifra en dikters båt.

Og kanskje blir jeg kronprins
i vårt nye fedreland
og kanskje blir jeg boktrykker
eller en luftas snille and.

Her er så mørkt og stille
nå midt i januar
men litt der borti skogen
der smiler februar.

Den smiler nye dager
den smiler nye håp
jeg kysser bløtt på pennen
et dikt flyr fra min båt!

Frå samlinga Kelner! (1979) 


18. februar 2024

Bokomtale: Flammene av Lina Bengtsdotter

Gyldendal 2024
312 sider
Lånt ebok BookBites

Det er ikkje så lett å sjangerfesta denne romanen. På omslaget står det spenningsroman, men eg har óg merka meg at boka er kategorisert som krim. Begge deler er forsåvidt riktig, men eg meiner at psykologisk thriller er meir dekkande. Deler av boka er dessutan ein oppvekstroman.

Flammene er sjølvstendig og ikkje del av Charlie Lager-serien (Annabelle, Francesca, Beatrice) - men også dette er svensk bygdekrim der vonde hemmelegheiter, vanskelege oppvekstmiljø og dysfunksjonelle familiar er sentrale element i handlinga.

Prologen skildrar at noko dramatisk er i ferd med å skje. Det er kun eit glimt og ein veit ikkje når dette skjer og ein kjenner enno ikkje karakterar og omgjevnader - men ein forstår at akkurat denne hendinga er vesentleg for handlinga utover i boka. 

Katja og Vega var ein gong bestevenner, men har ikkje hatt kontakt med kvarandre på mange år. Etter lang tid får så Vega ein desperat telefon frå Katja. Vega reiser tilbake barndomsbygda Silverbro - og til si eiga og Katja si mørke fortid. Men Katja er borte vekk. Ingen har sett henne dei siste dagane og mobilen er avslegen. Politiet bryr seg ikkje, då det er kjent at Katja har stukke av - og dukka opp igjen - fleire gonger tidlegare. Ho har dessutan eit stort rusproblem.

Notidshistoria vekslar med kapitlar med tittelen 'Flammene' - og her får me Vega sine tilbakeblikk på ungdomsåra. Det er Vega som har forteljarstemma og det meste vert sett frå hennar synsvinkel, men Katja er - trass i at ho er fråverande - ein sentral person. Dei to har sine hemmelegheiter og vonde minner, både felles og sine eigne. Silverbro er dessutan prega av ei uoppklart forsvinningssak. Tanta til Katja forsvann sporlaust for mange år sidan. Er det ein samanheng mellom den gamle og den nye forsvinninga?

Som unge testa Katja og Vega grenser og i nokre høve kryssa dei over desse grensene. Dei hadde begge både evner og talent, samstundes som dei bar på kvar sin "tunge bagasje" og ein felles mørk hemmelegheit.
Tematikken der gamle forsvinningssaker har tilknytning til ei pågåande kriminalsak er (i krimromansamanheng) gjenkjenneleg og velbrukt, men Bengtsdotter har sin eigen vri og ein heilt spesiell stil - og ho skriv veldig godt.

Boka er bra komponert, men i starten fann eg det forvirrande med dei skiftande tidsperspektiva. Det gjekk seg til ganske kjapt, og no - når eg er ferdig med boka - ser eg at det er ein logisk samanheng mellom det som kjem fram i notid og det som gradvis blir avslørt av fortida.

Eg vil karakterisera Flammene som ein "langsam pageturner". Boka er spennande, men det er mest knytt til det uvisse og det psykologiske. Gjennom heile forteljinga merkar ein ei underliggande uro og nerve. 
For meg vart denne boka ei veldig bra leseoppleving, det er ei gripande historie med stemning og truverdige karakterar.
Slutten er bra. Noko blir forklart og noko vert berre antyda - og kan lesast mellom linjene. 

2. februar 2024

Oppsummering januar 24

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Ken Follett - Lysets rustning (Kingsbridge #5) - Britisk historisk roman - Lånt ebok BookBites

Lese i januar:
Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - Skylden man bærer (Sebastian Bergman #8) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Mirage (Mina & Vincent #3) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Erik Kolstad - Uvær - Norsk fakta/dokumentar - Lyd Storytel
Thomas Bagger - Den nittende øya (Task Force 14 #2) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Liza Marklund - Stormberget (Polarsirkelen #3) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Terje Tvedt - Verdenshistorie - med fortiden som speil - Norsk fakta/dokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Ingrid Berglund - En skygge på min grav (Oda Krogh #2) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 1 1924-1988 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel

5 lyd, 2 ebøker
5 lånt, 2 abonnement
4 krim, 1 historisk roman, 2 fakta/dokumentar
2 norske, 3 svenske, 1 dansk, 1 britisk
7 menn, 2 kvinner
Nye forfattarar: Kolstad, Tvedt

Årets fyrste lesemånad vart OK+. Ein god miks av krim, historisk roman og sakprosa. Aller best likte eg Skylden man bærer, det som truleg er avslutninga av Sebastian Bergman-serien. 

Eg er imponert over Tvedt si Verdenshistorie. Lærerikt og innhaldsrikt og til ettertanke, men eg tykkjer at språket kunne vore betre/enklare. Erik Kolstad si bok Uvær er eit eksempel på at det går an å skriva enkelt og "lett tilgjengeleg" om eit komplisert tema.

Elles kan ein legga merke til at det ikkje vart lese ei einaste bok på papir denne månaden. 

For moro skuld har eg rekna saman sidetalet for januar. Når eg "reknar om" lydbøkene til papirbøker finn eg at eg har lese totalt 2854 sider. 

30. januar 2024

Vinterlesing: Svensk og dansk seriekrim

Korleis skal ei krimbok avsluttast? 
Med happy ending? Med ein open slutt der lesaren kan tenkja vidare på korleis det går? Med ein pirrande cliffhanger? Med ei grundig oppsummering der alle involverte og mistenkte er samla i biblioteket? Eller - er det slik at alle forteljingar MÅ vera grundig forklart og avslutta?

Slike tankar får eg av og til - og eg har ikkje noko fasitsvar. Me som les krim er like ulike som andre folk og smaken er som kjent som baken. Eg likar ikkje overforklaringar - men eg likar heller ikkje at avslutninga kjem altfor brått på. For meg er det vesentleg at det ikkje heng att (for mange) lause trådar og at oppklaringa/avslutninga ikkje er altfor lang og detaljert. Ei dårleg avslutning kan faktisk gjera ei elles god bok - dårleg. 
Nedanfor finn du eksempel på bøker med både gode og mindre gode avslutningar.

Denne samleomtalen startar med eit dansk innslag.

Den nittende øya av Thomas Bagger

Vigmostad Bjørke 2023
Speletid 11:19
Lånt lydbok BookBites

Her snakkar me krim etter min smak: Det er mørkt, skummelt, blodig og uforutsigbart. I del to i serien om spesialagentane Lucas Stage og David Flugt i Task Force 14, er det Lucas som er fokus. Han deler forteljarstemme med kriminalteknikaren Sidsel Jensen. 

Handlinga er lagt til Færøyane der det har skjedd eit uhyggeleg massedrap. Fire prestar er funne drepne inne i sakristiet i ei kyrkje i ei lita bygd. Lucas vert sendt avgarde saman med Sidsel for å bistå det lokale politiet. Saka ser ut som eit rituelt kollektivt sjølvmord, men enkelte ting tyder på at det ikkje er slik. Likevel er det er ingen teikn eller spor om at nokon utanfrå har utført drapa. Og kvifor er det slike ubegripelege mengder med blod?

Sidan Sidsel vaks opp på Færøyane skulle ein tru at ho hadde betre grunnlag for å kommunisera med lokalbefolkninga. Slik er det ikkje, og etter kvart får me vita kvifor ho har bytta namn og kvifor ho ikkje lenger har kontakt med familien sin.
Parallelt med drapssaka får me Lucas si historie. Om ein tøff barndom på institusjon i Polen og at han vart adoptert til ein dansk familie som 12-åring. Det er ikkje tilfeldig at Lucas er blitt så eksentrisk som han har blitt.

Avslutninga av Den nittende øya er sjokkerande; her skjer ein brutal plottvist og ei omdreiing av historia som eg absolutt ikkje såg komma. Eg veit at andre har reagert negativt på dette, men sjølv set eg pris på slikt overraskingar. 

Opplesar Trond Heien si låge og intense stemme passar utruleg godt til stemninga i boka. 
Terningkast 5.


Så over til svenskane.


Skylden man bærer av Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt 

Aschehoug 2023
Speletid 10:46
Lånt lydbok BookBites

Dette er ein av mine favorittseriar: Velskrive, gode plott, god oppbygging, overraskingar, spenning og særdeles interessante karakterar. I den 8. og mest truleg siste boka i serien om Sebastian Bergman samlast trådar frå dei tidlegare bøkene. Bokserien lesast kronologisk.

Kriminalpsykolog Sebastian viser seg frå ei meir sympatisk side enn han har gjort tidlegare. Tidlegare har han "trakka på" folk og deira kjensler og haldningar, både privat og profesjonellt. No vil han gjerne framstå som respektabel og seriøs, men motivet for dette er mest for å halda ein god relasjon til dotter Vanja og barnebarnet. Nok ein gong vert han involvert i ei drapssak, sjølv om han egentleg ikkje er ønska av medarbeidarane i Riksmord. Men den aktuelle gjerningspersonen har lagt igjen spor som bortimot "ropar" etter Sebastian. Det vert etter kvart klart at det truleg er ein copycat som er på ferde; mordaren kopierar tidlegare saker som Sebastian har vore involvert i. 

I ein annan handlingstråd møter me Cathy Cunningham. Far hennar Tom var ein gong Sebastian sin pasient og ven. No er han død, og ein av dei siste ønska han hadde var at Cathy og Sebastian skulle møtast. Kvifor det? Det viser seg at nesten alt Tom har fortalt til Sebastian er løgn. Kva kan vera motivet for det?

Boka er elles svært handlingsrik og interessant og eg likte ho veldig godt. Eg hadde faktisk "sikta meg inn" på ein 6'ar, men så er det avslutninga då.. Er det ein cliffhanger til ei eventuell framtidig bok? Eller er det meininga at det skal vera ein så open slutt? Dersom det kjem eit framhald av serien er det faktisk ei glimrande avslutning, elles er det ikkje det. Meiner eg.

Lydboka er (som alltid) veldig bra opplest av Ivar Nergaard. 
Terningkast 5.


Mirage av Camilla Läckberg og Henrik Fexeus

Bonnier norsk forlag 2023
Speletid 11:19
Lånt lydbok BookBites

Den tredje og ganske heilt sikkert siste boka om Mina Dabiri og Vincent Walder. 

Stemninga i etterforskarsgruppa har endra seg etter hendingane som fann stad i forrige bok. Handlinga er lagt til desember og jul, men det blir lagt ein dempar på julestemninga når det vert funne fleire samlingar med menneskebein i ein tunnel. Avdelingsleiar Mina tek igjen kontakt med mentalisten Vincent sidan dei ikkje kjem nokon veg i etterforskinga.

I ein annan tråd møter me justisministeren som vert trua på livet. Han er "tilfeldigvis" Mina sin eks-mann. Kven er det som er ute etter han - og familien hans? Vincent har også motteke truslar, og han slit dessutan både med familien og med karrieren som mentalist. Som i Sebastian Bergman-serien vert ein kjend med ei heil etterforskargruppe, der alle har sine private utfordringar i tillegg til sjølve jobben. I dei to fyrste bøkene tok privatlivet - spesielt Mina og Vincent sine tvangshandlingar - for stor plass, i denne boka er det ikkje så utbrodert.

Forfattarane "gir seg på topp" i og med at dette er den beste boka i serien. Mirage er underhaldande, svært spennande og har mange uventa bihistoriar og vendingar.
Men.
Eg er ikkje nøgd med avslutninga. Den blir rett og slett for søkt og eg føler meg litt "snytt" med ei slik sær forklaring.

Opplesar Anne Ryg les tydeleg, men seint. Eg set pris på at det er høve til å justera hastigheiten i appen.
Terningkast 4+.

Stormberget av Liza Marklund

Cappelen Damm 2024
268 sider
Lånt ebok BookBites

Den tredje og siste i Polarsirkel-serien, dei andre er Polarsirkelen og Kallmyren. Det er ein krimserie dette, men denne avsluttande boka er like mykje ei familiekrønike og/eller familedrama. 

Sjølve krimgåta startar med eit likfunn i ei myr. DNA-analyse viser at vedkommande er ein nær slektning av Wiking Stormberg. 

Wiking er ein svært sympatisk protagonist. Han har - og har hatt - sine utfordringar, og det kan ein trygt sei at forfedrene og -mødrene hans òg har hatt.
I notid er Karin, mor til Wiking, død. I samband med opprydding etter henne kjem mange hemmelegheiter til overflata. Wiking oppdagar at det er mykje han ikkje veit om sitt eige opphav. 

I tilbakeblikk får ein historia om Karin og familien. Dessutan får me historia om Stenträsk og omegn, om alle naturinngrepa som dei store vasskraftutbyggingane på 1950- og 60-talet førte med seg. Om små samfunn som vart sett under vatn, om nye samfunn som vart til i samband med arbeidet, om at dei same samfunna deretter vart fråflytta. Og om oppvekst i eit slikt omskifteleg miljø. 

Stormberget er både velskriven, interessant og spennande - men også her reagerer eg på avslutninga. Kvifor så oppramsande og brått? Fann forfattaren plutseleg ut at boka var lang nok?
Terningkast 4.

28. januar 2024

Dikt og slikt: Det motsette

"Dikt og slikt" held fram i 2024, men med ein annan frekvens enn i fjor. Denne månadens dikt er Det motsette av Helge Torvund. 

Torvund (f. 1951) er ein folkekjær og "lett tilgjengeleg" lyrikar. For oss i "det breie publikum" er han nok mest kjent som Twitterpoeten

Det motsette


Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber

og enda opp
med å tenkja på korn.

Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden

og som kan
gi oss brød.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Torvund debuterte med 'Hendene i byen' i 1977 og har seinare gitt ut over tjue diktsamlingar. Diktet ovanfor er henta frå fjorårets diktsamling Opnar døra i språket og går ut

Helge Torvund sine skrivetips  (Nynorsk kultursentrum)

23. januar 2024

Bokomtale: Lysets rustning av Ken Follett

Cappelen Damm 2023
637 sider
Lånt ebok BookBites

Ny bok med handling frå Kingsbridge! 
Eg er veldig svak for Ken Follett sine historiske mursteinsromanar. Trass i stereotype karakterar og trass i kleine erotiske skildringar.
For å sei det enkelt er dei gode veldig gode (og kloke) og dei onde veldig onde (og dumme) i Follett sine bøker. Likevel blir personane på ein merkeleg måte "ekte" og "levande" for meg som lesar, etter kvart. Det skuldast truleg at me får følgja dei over lang tid og at dei vert plassert inn i viktige historiske hendingar.

For altså, Follett får fortalt mykje. Om dåtidas samfunn, om samfunnsutvikling, om korleis folk levde, kva dei jobba med, kva dei var opptekne av. 
I Lysets rustning er handlinga lagt til tida for den industrielle revolusjon - og det folk flest var opptekne av på denne tida var nye teknologiske oppfinningar. Som "Spinning Jenny"

Ny teknologi har "alltid" ført til utfordringar. På den eine sida økonomisk framgang for arbeidsgjevar og enklare løysingar for arbeidstakar - men på den andre sida; skepsis og motstand. Då dei fyrste spinnemaskinene erstatta tungt manuelt arbeid, var det på mange måtar framtidsretta og ein framgang med tanke på at arbeidet vart lettare og meir effektivt. Men mange var naturleg nok skeptiske til maskiner som skulle erstatta arbeidskraft; folk trengde arbeid for å kunna forsørga seg og sine. Sjølv om fabrikkarbeid var både slitsamt og tungt, fekk dei jo betalt (litt) for jobben dei gjorde. 

Handlinga går føre seg i åra 1772 til 1814 - og det er ei rivande utvikling desse tiåra, både lokalt for innbyggarane i den fiktive byen Kingsbridge, nasjonalt i England - og resten av verda. Historia vert fortalt gjennom ulike karakterar, og på den måten får ein god innsikt i dei sosiale, økonomiske og politiske endringane som fann stad i perioden. Eit anna bakteppe for handlinga i boka er den franske revolusjonen, revolusjonskrigane og napoleonskrigane.

Det handlar elles om klassekamp, kvinnekamp, arbeidarkamp - kampen for fridom, rett og slett. Dei ulike karakterane må tåla og overvinna mykje. Nokre kjempar med ord, andre med nevar. Nokre blir straffa hardt, andre snik seg unna. For enkelte er tilværet prega av fattigdom og svolt, for andre av kjærleik og begjær, for atter andre av (det som i dag heiter) innovasjon og nyskaping.

Dei mest sentrale personane i boka er enka Sal Clitheroe og sonen hennar, Kit. Når me møter dei i starten av boka har Sal mista mannen sin på tragisk vis og seksåringen Kit vert sett til å jobba på det lokale godset. Sal vert etter kvart ein viktig talsperson for arbeidarane sine rettar og Kit vert ein dyktig maskinist. Av personar elles må nemnast den gode vevaren Spade, den snille tekstilhandlaren Amos, den kloke bispedottera Elsie, den onde og harde arbeidsgjevaren Hornbeam og den slemme godseigarsonen Will Riddick. I tillegg møter me eit utal personar og bipersonar. Dei mange menneskeskjebnane flettar seg inn i kvarandre på ulike måtar. 

Eg er imponert over detaljkunnskapen Follett viser, både om spinnemaskiner og om militære strategiar. I boka vert m.a. slaget ved Waterloo skildra ganske inngåande. Litt for detaljert for oss som ikkje har militære erfaringar kanskje, men ganske interessant. Eg var til dømes ikkje klar over at slaget var så langvarig, så jamnt og så blodig.

Eg streva litt med å komma i gang med boka, men er usikker på om det er boka sin "feil" eller om det var meg som ikkje klarte å "kobla meg på" skikkeleg. Konklusjonen etter at eg vart ferdig med boka er i alle fall at Lysets rustning er ein velskriven og underhaldande historisk roman. Boka når rett nok ikkje opp til Stormenes tid og I all evighet, men eg kan likevel anbefala ho. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Er du i tvil om du vil gi deg i kast med ei såpass omfattande forteljing (637 sider), kan du kanskje bli frista av desse to videoane: 

Ken Follett om nokre av karakterane i boka:


Forfattaren om bakgrunnen for handlinga: 

  


Dette er bøkene i Kingsbridge-serien: 
  1. Stormenes tid - utgitt 1989, handling frå 1100-talet
  2. I all evighet - utgitt 2007, handling frå 1300-talet
  3. Den evige ilden - utgitt 2017, handling frå 1500-talet
  4. Aftentid og morgengry - utgitt 2020, handling frå 900-talet
  5. Lysets rustning - utgitt 2023, handling frå 17-1800-talet

11. januar 2024

Kort om: Glassmannen av Anders de la Motte

Kagge 2023
631 sider/ speletid 18:02
Lånt papirbok biblioteket og lånt lydbok BookBites

Andre bok i serien om Leo Asker er minst like spennande som den fyrste, De bergtatte. Av dei tre seriane (og åtte bøkene) til de la Motte som eg har lese, er det denne som har fenga meg mest. 

Leo Asker (eg. Leonore, det er ei dame) er leiar for Avdelingen for fortapte sjeler - ei avdeling for cold case-saker. Avdelinga har enkelte likskapar med Avdeling Q som mange kjenner frå Jussi Adler-Olsen sin serie. Handlinga tek til kort tid etter saka med De bergtatte, så eg anbefalar å lesa den boka før Glassmannen.

Som ein kan sjå av sidetal og speletid er det ei omfattande bok, og for meg var det ein fordel å ha tilgang til både papir- og lydbok. Eg er ofte kritisk til bøker som er så lange, men eg er nøgd med denne. Boka er verken langsam, langtekkeleg eller omstendeleg. Ho er derimot grundig, handlingsrik og perspektivrik. 

Uhyggestemninga er på plass alt frå prologen når me møter to urbex'arar som opplever noko skremmande medan dei er i ferd med å utforska ei forlatt gruve. Kva dette har med hovudhandlinga å gjera får me greie på etter kvart. 

Martin Hill, Leo sin barndomsven, er sjukmeld etter skadane han fekk i samband med forrige sak. Han oppheld seg på eit gods der han skal gjera research og skriva bok om ein eksentrisk gründer, familien hans og firmaet hans. Ganske snart vert det tydeleg at nokon mislikar at Martin oppheld seg på eigedommen. Kva er det som skal haldast skjult? 

Leo Asker blir kontakta av faren "Prepper-Per" som ho ikkje har hatt kontakt med på fleire år. Årsaka til den manglande kontakten fekk me vita i forrige bok. Men no befinn Per seg i ein vanskeleg situasjon og treng hjelp; han er mistenkt for drap fordi det er funne eit lik på eigedommen hans. For å unngå kaos og støy frå den ubereknelege Per, set Leo i gang med eigne undersøkingar.

Handlingstrådane vert knytte saman på ein snedig måte, og det viser seg - ikkje overraskande - at liket som vart funne på Per Asker sin eigedom har ein samanheng med Martin Hill sitt opphald og arbeid på godset. Den offisielle etterforskinga, leia av Leo sin (ufordragelege og inkompetente) sjef (og ekskjæreste), kjem ingen veg - og er i verste fall i ferd med å øydelegga alt.

Ei anna forteljarstemme tilhøyrer Glassmannen. Kven er han? Kva har han opplevd? Kvar held han til? Me får kjennskap til Glassmannen sine tankar og opplevingar, og etter ei tid vert også identiteten hans avslørt. Det heile er ganske så uhyggeleg. 

Forfattaren er ein dyktig forteljar og flink til å bygga opp spenning. Trass i omfanget er det lite utanomsnakk. Korte kapittel, kjappe sceneskift, cliffhangers, interessante og litt sære karakterar og visse skrekkelement, - alt dette er med på å gjera boka til ei drivande og underhaldande leseoppleving. 

Eg ser fram til neste bok i denne serien.

Andre bloggmeiningar: 
Henning bokhylle
Heartart
Lillasjel