2. juni 2013

Smakebit på søndag: Flink pike

Denne helga har det vore mykje reising og lite lesing. Men det er klart; ein har då alltid med seg noko lesestoff. Novellesamlinga Sommerperler ligg i veska fortsatt, og vert bladd og lest litt i når det passar seg slik. I tillegg er digispelaren eller mp3-spelaren med meg overalt.

På tampen av helga vert det tid til ein titt inn hos Mari og bloggen Flukten fra virkeligheten. Her får ein smakebitar frå mange ulike bøker og bokbloggar. Mitt bidrag denne søndagen vert ein ørliten smakebit frå lydboka eg lyttar til akkurat no: Flink pike av Gillian Flynn.

Eg tykte boka starta veldig tregt, men etter kvart tok spenninga seg opp. Det er bra, for lydboka varer i nesten 18 timar. Opplesarane Helge Winter-Larsen og Bodil Vidnes Kopperud gjer begge ein god jobb når dei "spelar" stemmene til hovudpersonane Nick og Amy. Det er effektfullt at lydboka har to opplesarar, sidan det er to så ulike forteljarstemmer i boka.

Det er femårs bryllaupsdag for ekteparet og Nick vaknar opp:
Alle saker har to sider. I denne boka skifter perspektivet i annakvart kapittel. Nick sitt perspektiv i notid, Amy i fortid, i form av dagboknotat. Gradvis vert det avslørt for lesaren at det som i byrjinga ser ut til å vera eit perfekt par og eit godt ekteskap, er noko ganske anna..

Eg har fått stor sans for forfattaren Gillian Flynn. Tidlegare har eg lest Mørke rom, - ei svært bra og sterk bok. Åpne sår, som er debutboka til forfattaren, skal lesast ved eit seinare høve. 

8 kommentarer:

  1. Jeg er så spent på hva du synes til slutt. Leser forresten at Liv Gade skriver et fint innlegg bok nr 2 i serien til Nesser om Barbarotti. Nå har jeg skrevet en Orange Post It foran "nesen" om lese den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er spent sjølv òg.
      Lukke til med Barbarotti!

      Slett
  2. Godt at spenningen tar seg opp! Jeg har nemlig denne boken på leselisten og har hørt mye positivt om den :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg følte at denne måtte lesast, sidan "alle" andre har lest boka. Inntrykket så langt er at boka er bra og godt skriven, men at ho manglar ein del på framdrift.

      Slett
  3. Jeg har kost meg med alle bøkene hennes, et god nytt bekjentskap :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gillian Flynn kan verkeleg skriva, og ho har eit særeige og røft språk. Tykkjer kanskje at denne er noko oppskrytt? Mykje kjem an på korleis slutten av boka er, - er ikkje ferdig enno.

      Slett
  4. Ja spenningen tar seg opp, heldigvis... men 18 timer på lydbok? Ja, det hadde jeg ikke orket, tror jeg.. men det er meg. Mørle rom var mye bedre synes jeg..:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har brukt unormalt lang tid på denne. Då eg lytta til fyrste tredjedelen "datt eg av lasset" fleire gonger, - det skjedde for lite, og eg mista konsentrasjonen. Tek seg noko opp utover reint spenningsmessig. I skrivande stund har eg att 3 timar med lytting.
      Eg òg likte Mørke rom mykje betre; der er dramatikken til stades frå fyrste stund.

      Slett