6. oktober 2013

Bokomtale: Hulemannen av Jørn Lier Horst

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Ivar Nergaard
Speletid: 8 t 42 min


Eg veit at Jørn Lier Horst og William Wisting har mange lesarar og tilhengarar her i landet. Sjølv har eg ikkje heilt god kjemi med Wisting. Eg tykkjer etterforskaren i Horst sine krimbøker er altfor vanleg og traust. Nesten Sejer-kjedeleg. Eg har nok meir sans for dei meir rufsete krimheltane, som Varg Veum, Harry Hole og Stingo. At forfattaren vart tildelt Rivertonprisen for den forrige boka, Jakthundene, kan eg heller ikkje forstå. Eg tykte det var ei grei krimbok, men ikkje meir.

Over til årets bok, Hulemannen:
Ein eldre mann i nabolaget til Wisting vert funnen død i lenestolen framfor TV'en som framleis står på. Truleg har mannen vore død i fleire månader og ingenting tyder på noko kriminelt. Wisting si dotter, VG-journalisten Line, fattar interesse for mannen som ingen la merke til då han var i live og som ingen saknar når han er død. Ho startar arbeidet med ein artikkel om saka og flyttar heim til faren for ei tid.
Kort tid etter vert det funne eit nytt lik i nærleiken. Også denne personen har lege død lenge og er vanskeleg å identifisera. Men politiet finn ein lapp ved den døde og gransking syner at den har fingeravtrykk frå ein amerikansk seriemordar etterlyst av FBI. Vesle Stavern vert brått midtpunkt for internasjonalt politi og presse.

Utgangspunktet i historia er altså snedig og fantasifull, men eg tykkjer ikkje Horst gjer nok ut av krimforteljinga. Mønsteret kjenner me att frå tidlegare Wisting-bøker: Pappa Wisting som etterforskar eit brotsverk og nysgjerrig journalistdotter som nærmar seg den same saka frå eit anna utgangspunkt. Det vert farleg for dotter, pappa'n reddar henne.

Hulemannen er lettlest, har eit bedageleg tempo og er godt komponert. Men ikkje ein einaste gong følte eg at pulsen steig medan eg las denne boka. Det er rett nok tilløp til litt spenning på slutten, men på langt nær nok. For eg er kresen og vil gjerne ha litt ekstra når eg les krim, i alle fall ei krimbok frå ein så kjend og anerkjend forfattar som Jørn Lier Horst. Han er uhyre dyktig og har levert ei solid krimhistorie som heng saman, full av etterforskingsdetaljar og autensitet. Men eg vert ikkje sjokkert av og er ikkje interessert i detaljerte skildringar av rotne og oppløyste lik, eg vil heller bli utfordra reint litterært. Eg ønskjer meg eit meir innvikla plott og ein meir spennande forteljarmåte.

Forfattaren har lagt inn ei lita helsing til kollega Thomas Enger og skildrar ein biperson - ein ekspertkommentator - som er mistenkeleg lik Leif GW Persson. Slike detaljar berekna for den røynde krimlesar kan eg lika. Elles er boka utan dei store overraskingane og eg vart ikkje særleg imponert over Hulemannen. I utgangspunktet tykkjer eg at terningkast 3 passar til ei slik middels krimbok, men opplesar av lydboka, Ivar Nergaard, syter for ei såpass bra leseoppleving at eg endar opp med ein svak 4'ar her.

7 kommentarer:

  1. Humm... akkurat den boka kjøpte jeg lydfilen til igår og skal starte på (til strykeprosjektet mitt) imorgen. Betyr en svak 4'er fra deg at den er bedre eller dårligere enn Jakthundene? Jeg likte nemlig veldig godt Jakthundene, så det kunne vært interessant med en sammenlikning :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette vert "smak og behag" sjølvsagt, men eg tykte det var meir tempo i Jakthundene i alle fall. Kanskje Hulemannen passar for deg?
      Kombinasjonen lydbok og strykeprosjekt er forresten genialt ;-)

      Slett
  2. Jeg er enig med deg at mønsteret i bøkene hans er temmelig opplagt. Dette har vi lest før. Den fikk en firer også av meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp. Eg ønskjer meg noko heilt nytt og overraskande i neste bok. Men Horst har vel funne "suksessmønsteret" - så eg tvilar på om det kjem.

      Slett
    2. Faren med suksessmønstre er at de vare kun SÅ lenge. Selv syns jeg Dan Brown tråkket godt uti det med Inferno. Jeg håper JLH ser faren... Når det er sagt så har jeg kun hørt 15 minutter, så jeg skal definitivt ikke uttale hva jeg mener ennå :o)

      Slett
  3. Jeg likte boka jeg, solid, ikke så heseblesende men det er ok, syns den var veldig spennende på slutten da.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei fleste likar boka, har eg sett, - så eg føler meg både slem og sær når eg er såpass kritisk...

      Slett