10. april 2014

Repost: Klassiske påskekrimtips

Ikkje fordi eg er doven, men fordi eg har det litt travelt for tida. Dette er ein repost frå den gamle bloggen. Fjorårets påskekrim-bloggpost er like aktuell i år.

- - - - - - - - - -

For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.
Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).
Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarnMord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 
John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 
Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth Georgebøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.
Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 
Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.
Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!

1 kommentar:

  1. Mange fine tips her! Jeg skal i hvert fall lese Sherlock Holmes i påsken :)

    SvarSlett