24. januar 2015

Bokomtale: Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 9:27

Opplesar: Edvard Hoem

Eg har ikkje lest noko av Hoem sidan eg las Kjærleikens ferjereiser ein gong på 70-talet, - så ein kan godt sei at det var på tide å henta fram att denne produktive og populære forfattaren. Eg hadde egentleg ingen planar om lesa fjorårets Slåttekar i himmelen heller - men eg la merke til at boka fekk mange godord - både frå proffe anmeldarar og vanlege lesarar. Når så lydbokversjonen var ledig på biblioteket, slo eg til.
Det er forfattaren sjølv som les lydboka, og det gjer han på ein upåklageleg måte. Edvard Hoem si stemme, dialekt og tonefall liknar svært på Oddgeir Bruaset si røyst, så eg har hatt ei slags absurd "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu- oppleving" medan eg har lytta til denne boka.

Slåttekar i himmelen er ein roman, men forfattaren har teke utgangspunkt i verkelege hendingar og verkelege personar. Hoem har skrive forteljinga rundt sin eigen oldefar, Knut Hanssen Nesje. Men som forfattaren sjølv seier i innleiinga;
«Sjølv om eg kjenner dei viktige årstala i livet hans og har enkelte vitnemål om korleis Nesje levde, var det ikkje nok da eg skulle skrive om han. Eg måtte dikte han fram, av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar meg i håret og regnet som fall på markene og menneska, i hans tid og i mi»
At forfattaren har brukt forteljingar frå si eiga oppvekst og si eiga slekt si historie på denne måten har gjort boka nær, ekte og stemningsfull. Boka gir eit levande bilete av samfunnet på slutten av 1800-talet, då Noreg var eit fattig utkantland og mange ikkje såg annan veg ut av armoda enn å utvandra til Amerika. Sentralt i historia er altså oldefaren Knut - eller Nesje som han vart kalla - og Gjertine, svigerinna hans. Nesje vart verande; han streva livet ut på det bygsla jordstykket i Molde-traktene - men dei fleste borna hans reiste til USA. Det same gjorde den fascinerande skikkelsen Gjertine.

Eg likte boka svært godt. Spesielt sette eg pris på skildringane av det jordnære og trauste; nærleiken til jorda, fjellet og fjorden. Vidare vert ein kjend med korleis overfarten kunne vera og korleis naturen og forholda på prærien i USA på 1880-talet var. Hoem skildrar kvardagslivet, arbeidet og dei vonde avskjedane. For livet handla jo mykje om slit, strev og sakn den gongen, men i boka vert det også fortalt om framtidstru, eventyrlyst og kvardagsgleder.

Språket passar til handlinga i boka, - det er beint fram, utan noko jåleri. Hoem skriv om livet, rett og slett. Det er på mange måtar ei enkel historie - ei forteljing om dei nære ting som ein kan kjenna seg att i, fortalt på ein lågmælt og litt langsam måte. Likevel - eller kanskje nettopp difor - er historia interessant og sterk.
Hoem sa i eit intervju med Dagsavisen at han har meir stoff og at det kanskje kjem eit bind 2. Eg håpar det kjem meir; eg har verkeleg lyst til å lesa meir om desse personane ein vert så godt kjend med i Slåttekar i himmelen.

4 kommentarer:

  1. Så kjekt å høre at den falt i smak også hos deg. Denne boken tok meg med storm. Hadde ikke noe forhold til forfatteren, men hadde puttet ham i bås med de gode gamle. Skal si han kan skrive, jeg slukte boken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, han er ein god forteljar - og ein dyktig opplesar til sine eigne bøker. Høyrer no på 'Jordmor på jorda' av og med Hoem.

      Slett
  2. Dette var som om jeg hadde skrevet det sjøl- til og med det om at lydboka plutselig var ledig på biblioteket! Har ikke kommet så langt at jeg har skrevet om den enda, men det kommer nok en vakker dag;o)
    Flottomtale av ei flott bok!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Artig at me har hatt den same leseopplevinga - samtidig!

      Slett