22. februar 2015

Samleinnlegg: Vinterlesing - del 2

Ein hugsar mykje meir av det ein les dersom ein skriv bokomtale og/eller noterer ned stikkord og tankar medan ein les. Sjølv om eg jamnleg skriv og publiserer omtalar, klarar eg ikkje å bli heilt i rute: Eg prioriterer lesing framfor skriving, - og i desse skiVM-tider prioriterer eg faktisk også TV'en framfor lesing. Då er oppsamlingsinnlegg tingen.


En hellig allianse av A.J. Kazinski
Gyldendal 2014
534 sider


Ein kan få forfølgelsesvanvidd og angst om ein tek innhaldet i denne fantasifulle danske kriminalromanen inn over seg, men heldigvis: handlinga er lite truverdig.
Boka har eit overraskande, originalt og underhaldande plott, men all paranoiaen gjer lesinga litt slitsam. Det er knapt med pustepausar og rikeleg med konspirasjonsteoriar i denne fartsfylte romanen.
Boka tek utgangspunkt i eit mord i det danske kongehuset og handlar elles om gamle, mystiske og hemmelege institusjonar. Protagonisten Eva Katz framstår som både sterk og svak, handlekraftig og på randen av nervesamanbrudd - alt på ein gong.
Eg tykkjer boka er spennande, godt komponert og velskriven - men avslutninga står ikkje i stil. Den er hinsides og tullete, og med mange uavklarte handlingstrådar. Slutten øydela mykje av leseopplevinga mi. Terningkast 3.


Silkehuset av Anthony Horowitz
Juritzen 2012
318 sider

Silkehuset er ei god gammaldags kriminalforteljing med ein uventa - og grusom - vri. Forfattaren er svært tru mot Sir Arthur Conan Doyle sin stil. Handlinga er lagt til Victoria-tida og eit tåkete og skittent London - eit godt tidsbilete.
Det er sjølvsagt Dr. Watson som har forteljarstemma. "Som vanleg" er han full av beundring over den geniale detektiven og "som vanleg" vert dei to oppsøkte av ein framand person i 221B Baker Street.

Horowitz har brei TV-erfaring; han står m.a. bak figuren og TV-serien om kriminalsjef Foyle. Silkehuset er ein vellukka pastisj over Sherlock Holmes og er godkjend av arvingane etter Sir Arthur, Conan Doyle Estate Ltd. Anbefalast dei som har sans for eit klassisk whodunnit-mysterium med mange handlingstrådar. Terningkast 4.


Med kniv om natten og andre mord
av Richard Herrmann

Lydbokforlaget 2006
Speletid: 2:48

Meir historisk krim - men no frå verkelegheita. Underhaldande og interessant frå ein kunnskapsrik og proff formidlar. Om berømte mordsaker og andre brotsverk - og ymse straffemetodar.
Eitt kapittel handlar om den verste mordaren av dei alle; han som aldri vart tatt: Jack the Ripper. Herrmann fortel også historia om sjølve rettsbygningen; "Rett nr. 1" Old Bailey. Terningkast 4.


Jordmor på jorda av Edvard Hoem
Lydbokforlaget 2010
Speletid 4:13


Ei kjempefin bok! Etter å ha høyrt forfattaren lesa den glimrande Slåttekar i himmelen, måtte eg berre ha meir. Jormor på jorda handlar om Edvard Hoem si tippoldemor Martha Kristine, - ei sterk og målbevisst kvinne. Husmannsdottera gjekk(!) frå Romsdal til Christiania for å skaffa seg den formelle jordmorutdanninga - og tilbake igjen! Ho arbeidde som jordmor i 50 år og tok imot over 1000 barn. Sjølv fekk ho ti barn.
Jordmorboka er meir dokumentarisk enn Slåttekarboka, men er likevel både gripande og personleg. Nydeleg opplesing av forfattaren sjølv. Terningkast 5.


Det vi kan stå for av Geir Lippestad
og Jon Gangdal

Aschehoug 2013
191 sider


Ein grei gjennomgang av rettssaka og enkelte glimt frå Anders Behring Breivik sin bakgrunn, idèane hans og reaksjonane hans - samt Lippestad sine tankar og refleksjonar.

Lippestad er jo elles nesten for god til å vera sann: Han har vore forsvarar for ein av dei verste massemordarane gjennom alle tider - og samstundes vart han respektert og beundra - av dei aller fleste, uansett politisk farge.
Han legg ikkje skjul på at tida som Breivik sin næraste var tøff, - i tillegg hadde Lippestad tunge omsorgsoppgåver og bekymringar på heimebane.
Lippestad er ein dyktig kar; og er ikkje kjedeleg sjølv om han er svært "politisk korrekt." Terningkast 4.



Ekspedisjonen av Monica Kristensen
Forlaget Press 2014
307 sider


Svalbard-krim nummer fem frå Kristensen er lettlest og fortlest og ganske så spennande. Enno ein gong får sysselmanns-betjent Knut Fjeld bryna seg på ei kriminalsak.

Om ein nordpol-ekspedisjon i kjempetrøbbel; deltakarar som vert råka av ulukker, forgiftningar, uver, interne konfliktar - og ekstra nervepirrande: ein svolten isbjørn som luskar i skispora deira. Knut Fjeld får ein stri jobb når han skal prøva å berga ein ekspedisjon som er i full oppløysing.

Dette er ei enkel krimbok frå eit uvant miljø. Som i dei tidlegare bøkene gir forfattaren - som har brei erfaring i polare strøk - svært gode skildringar av kulde, mørke, natur og verforhold.
Terningkast 4.


Dødspakten av Tom Kristensen
Lydbokforlaget 2014
Speletid 9:01
Enno ein Kristensen, denne gongen den drevne og dyktige krimthrillerforfattaren med førenamn Tom. Dødspakten er ei bra bok - urealistisk, men basert på realistiske og aktuelle hendingar. Om den norske innsatsstyrken i Afghanistan. Om hevn og soning, narkotika og smugling. Om pengebegjær. Om den meiningslause "krigen mot terror". Boka er macho, militær, actionfylt, underhaldande og spennande. Hurtige sceneskift og bra tempo. Stødig fortalt og lite kontroversiell. Godt opplest av Ivar Nergaard, som alltid. Terningkast 4.


Bare tiden vil vise og Fedrenes synder
av Jeffrey Archer

Vigmostad & Bjørke 2014
437 og 404 sider
Bind 1 og 2 i Clifton-krøniken

Dette er den typen bøker som er greie å ha ved sidan av anna lesing, som ei avkobling frå tung, mørk eller meir kompleks litteratur.
Her er mykje drama - ein kan kanskje beskriva bøkene som "dameromanar" - men er altså skrivne av ein mann. Ikkje superspennande, men ei grei forteljing og OK som tidtrøyte og underhaldningslesing. Bøkene minner meg om vekeblad-følgjetongar. Det vert fortalt om to familiar frå to ulike samfunnsklassar og me får følgja dei gjennom ei omskifteleg og uroleg tid.
Bøkene er noko omstendelege og repeterande. Forfattaren forklarer og gjentek mykje av innhaldet fordi ein får sjå dei same hendingane frå ulike perspektiv - som delvis overlappar kvarandre.
Hovudperson er Harry Clifton, - som er smart, pen, intelligent, sosial, lojal, tilpasningsdyktig, snill... you name it. Kanskje ikkje så truverdig type - men det har likevel vore interessant og småspennande å følgja denne guten/mannen og opplevingane hans over eit lengre tidsrom.
Handlinga går føre seg frå 1919 - då Harry vart unnfanga - gjennom barndom og ungdomstid - og fram til når Harry i slutten av bok nummer 2 er blitt ein moden og erfaren mann, i 1945.

I bøkene finst "det meste": kjærleik, hat, forviklingar, intrigar, begjær, pengar, kranglar, forsvinningar, løgner, fortiingar, hemmelegheiter. Makt og avmakt, krig og fred.
Heile pakka. Lettlest og lettgløymt. Men ganske underhaldande.
Forfattaren har hatt stor internasjonal suksess med denne "krøniken". Eg gir Bare tiden vil vise terningkast 4 Fedrenes synder terningkast 3. Interessa er dalande, med andre ord - men det er ikkje heilt umuleg at eg kjem til å fortsetja lesinga av denne bokserien på eit seinare tidspunkt.
Den tredje boka (av fem) kjem ut på norsk i nær framtid; tittelen på denne er En godt bevart hemmelighet.

Les også: Vinterlesing del 1

7 kommentarer:

  1. Lurt med et samleinnlegg av og til, når tiden ikke strekker til. Silkehuset har jeg lest og likte den godt. Måtte sjekke opp En hellig allianse for jeg vet at jeg har boken, men har jeg lest den? Ja, excellarket mitt bekjente at jeg ga den en 4`er, boken husker jeg ikke i det hele tatt. Tenker jeg skal bestille meg din eneste 5`er, Edvard Hoem. Har nettopp lest en roman om en jordmor, så hvorfor ikke en til :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jordmor på jorda er kjempefin, trur heilt sikkert du kjem til å lika den.

      Slett
  2. Har ikke lest noen av disse. Startet på den første av Kazinski, men falt av lasset.. Acher har jeg i hylla, men den frister ikke så mye av en eller annen grunn.. Silkehuset har jeg også, og den frister mer.. Fint cover.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Og så Lippestad sin da.. den skal jeg jo lese, en dag..

      Slett
    2. Fint og stemningsfullt omslag på Silkehuset, absolutt.
      Eg likte så godt Den siste gode mann av Kazinski, det er ei krimforteljing utanom det vanlege. Dessverre fann eg ikkje heilt utav det med denne.
      Lippestad si bok kan vera verdt å få med seg, sjølv om ho ikkje er like aktuell lenger.

      Slett
  3. Hei Berit!
    Samleinnlegg og skippertak, lesing foran skriving og vm foran lesing (sjøl om det gikk elendig i dag) ... Jeg kjenner meg igjen!!
    Har lest/ hørt boka til Lippestad, "Dødspakten" og "Jordmor på jorda", og jeg er nok samstemt med deg i de vurderingene du gjør her. OGSÅ ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. I dag gjekk det grusomt dårleg i Falun, ja. Eg var "heldigvis" på jobb, så eg "slapp" å følgja med direkte.
      Eg er og har alltid vore eit skippertakmenneske, - og det lever eg godt med. Fint at det finst fleire av oss :-)

      Slett