2. april 2016

Påskelesing

Tradisjonen tru vart det ein del krimlesing i påsken. Eg har dessutan kosa meg med litt polarhistorie.


Isens menn av Geir Hasle
Vega forlag 2008
174 sider, biblioteklånt papirbok

Boka har undertittel "under fremmed flagg" - og er ei lita perle for oss som er interesserte i polarhistorie. Ho er rikt illustrert, med gode og forklarande bildetekstar. På framsidefotoet ser me ishavsskuta Terra Nova, ekspedisjonsskipet til Robert F. Scott. Mellom deltakarane i Scotts fatale tur til Antarktis var nordmannen Tryggve Gran, den gongen berre 23 år gammal. Gran var med som skiinstruktør etter anbefalingar frå Fritjof Nansen. Han var også med i den patruljen som fann Scott og dei andre ihelfrosne etter at dei hadde tapt kappløpet til Sydpolen for Roald Amundsen.
Dette er berre ei av fleire interessante historiar i denne boka der fokus er lagt til dei meir anonyme polarheltane og dei heller ukjende ekspedisjonane. Her er historiar frå Arktis og Antarktis og andre polare strøk. Somme er vellukka og banebrytande, andre er tragiske og meiningslause - med andre ord; fascinerande lesing. Terningkast 4+.


De dødes tjern av Bernhard Borge (André Bjerke)
Aschehoug 1998
195 sider, lånt ebok bokhylla.no

Ein velkjend norsk krimklassikar som eg har lest fleire gonger tidlegare. Dessverre vart leseopplevinga denne gongen berre sånn passe. I motsetning til tidlegare klarde eg ikkje no å ta til meg den skumle stemninga.
Det er over 70 år sidan boka kom ut fyrste gong - og det ber både handlinga, dialogane, personkarakteristikkane og miljøskildringane preg av, naturleg nok. Men Bjerke var ein ordkunstnar og ein svært elegant forfattar språkleg sett.

Denne forteljinga er ein blanding av eit kriminalmysterium, noko psykoanalyse og litt spøkelsehistorie. Det er spesielt det siste som gjer at eg ikkje finn historia spennande eller nifs - no lenger. Eg er vel blitt for kynisk og skeptisk med åra.
Eg tykkjer som regel at bøker vert dårlegare i filmversjon, men for ein gongs skuld vil eg i dette tilfellet heller anbefala filmen eller høyrespelet enn boka. Terningkast 4.


En femte årstid av Torkil Damhaug
Cappelen Damm 2016
573 sider, 
lånt ebok eBokBib

Som for så mange andre vart En femte årstid høgdepunktet i påskekrimlesinga for meg i år. Det er nesten ingen andre som kan skriva like djupe, sterke og overraskande spenningsromanar som Damhaug. Årets fyrste norske vart ei svært positiv leseoppleving!

Handlinga er lagt til ei fiktiv bygd på Romerike, der ein gammal nedlagd fabrikk dannar bakgrunnshistorie og er ei effektfull kulisse i forteljinga. Persongalleriet er rikt og alle som ein - spesielt alle ungdommane - er framstilte på ein gjenkjenneleg og truverdig måte. Det handlar elles mykje om familiar i boka; dysfunksjonelle familiar, tilsynelatande velfungerande familiar, oppløyste familiar, dine barn, mine barn, andre sine barn. Om kor skremmande langt enkelte foreldre er villige til å gå for å beskytta sine eigne barn.
Boka har alt fått mange positive omtalar, og dei kan eg berre streka under på. Ho er tjukk og god og egnar seg godt som selskap i ein godstol. Terningkast 5+.


Dødens elv av Frits de Bourg
Vigmostad & Bjørke 2015
348 sider, biblioteklånt papirbok

Denne boka valde eg vekk då ho kom ut i fjor, litt på grunn av det ekle omslaget - men mest på grunn av den overpositive blurb'en til "bokinspiratoren"..
Dødens elv vart Rivertonpris-nominert ombestemde eg meg og plukka fram boka likevel. Eg pleier alltid å lesa alle dei nominerte til denne prisen.
Om nomineringa er fortent? Til det vil eg svara eit klart tja.

De Bourg skriv med snert, humor og alvor. Sjølve krimforteljinga (mistenkeleg sjølvmord og forsvunne ungjenter) er ordinær, og krimhelten (journalist med rusproblem) er gjenkjennbar, - men miljøet er spesielt: Handlinga er lagt til Drammensområdet ca. 1955 - og "Dødens elv" er såleis Drammenselva. Boka gir fine tidsbilete og er grei, lettlest og fortlest. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan komma til å lesa fleire bøker av denne forfattaren. Terningkast 4.


Ikke bestått av Hjorth & Rosenfeldt
Lydbokforlaget 2016
Speletid 10:36, lytteeksemplar


Så over til svensk seriekrim og ein ny seriemordar i forteljinga om Sebastian Bergman og dei andre i Rikskrim. Eg har vore stor fan av denne serien heile tida - men eg tykkjer at forfattarane går litt på "tomgang" denne gongen. For alle del: Bok nummer 5 er underhaldande, smart, spennande, velkomponert - og avsluttar med ein cliffhanger, så neste bok må naturlegvis også lesast - men altså: Eg tek til å bli litt "mett" og lei av alle dei private forviklingane til hovudpersonane. Kvifor kan det ikkje skje noko positivt i liva deira?
Det er lydboka og opplesar Ivar Nergaard som gjer at Ikke bestått (likevel) vart ei god leseoppleving. Terningkast 4+.

6 kommentarer:

  1. Skjønner hva du mener når du sier Ikke bestått "går litt på tomgang". Jeg ble imponert av det kløktig utpønskede plottet, men de private historiene i denne krimserien er jo altoverskyggende. Sebastian Bergman har blitt litt pinglete, jeg syntes nesten synd på ham til tider, og sånn har det ikke vært før. De la allikevel ut nok fristelser til at jeg gleder meg veldig til neste bok.
    Ellers fristet du med Damhaug, 5+ er en virkelig god score fra deg, så den må jeg lese. Ønsker deg en fin lesemåned i april!

    SvarSlett
    Svar
    1. Damhaug anbefalast. Bøkene hans er litt annleis og meir utfordrande enn ordinære krimromanar.

      Slett
  2. Liker t Damhaug får så gode kritikker for den nye boka si her og der.. Han har jo fått det før også, men kommer litt i skyggen av de andre mer etablerte bestselgerne har jeg inntrykk av. Selv om han lever av skriving og å holde kurs, så det er ikke noe synd på ham egentlig..

    De Bourg lånte jeg på bib ift Rivertonnominering, men leverte den tilbake.. Likte den første boka hans tålelig bra.

    SvarSlett
    Svar
    1. Damhaug har sikkert til "salt på grauten", men eg er enig; han er ein undervurdert og litt for lite kjent forfattar. Men han fekk Rivertonprisen for Ildmannen.

      Slett
  3. Her var det noe jeg har lest og noe jeg ikke har lest :-) Jeg liker godt De dødes tjern, det er en bok som kan leses om igjen. Den femte årstid står på leselisten min og jeg håpte jeg fikk tid til den snart. Men Ikke bestått skal leses først, for den har jeg gledet meg til. Dødens elv lurer jeg på om ikke skjuler seg et sted den og :-)
    Jeg leser mye krim, og det er godt å se hva andre leser og liker så jeg kan få noen tips.

    SvarSlett
    Svar
    1. Fint å kunna bidra med tips!

      Slett