29. mars 2017

Syriabøker

Konfliktane i Syria har innverknad på vårt eige land, på ulike måtar. Etter at eg las To søstre kjende eg at eg hadde behov for å lesa meir om ulike tema som den boka tek opp: om framandkrigarar og jihad, om islam, om Syria, om opprøret mot Assad, om IS og andre islamistgrupper, om kulturhistoriske samanhengar og om storpolitiske linjer. Andre aktuelle tema som flyktningkrise og flyktninghets heng også saman med dette.

Ei av dei største utfordringane i verda akkurat no er menneske på flukt frå krig, vald og fattigdom. Det finst inga enkel løysing, men eg tykkjer det er rimeleg klart at omverda må hjelpa til på ulike måtar. Dette er ikkje "snillisme" eller "godhetstyranni" - men vår simple plikt som medmenneske. Eller nestekjærleik, som det vel heiter i Bibelen.
Ein ser i enkelte samanhengar at islamkritikk går over i muslimhets og rasisme. Me har ein kristenkonservativ innvandrings- og integreringsminister som smiler breidt medan ho gir ordre om ein stadig strengare asylpolitikk. På Facebook får ho gjerne hundrevis av likes og hyllingskommentarar på sine innvandringsfiendtlege utspel. Det finst også Facebook-grupper der medlemene fyrer kvarandre opp og sprer om seg med drapstruslar, hets og hat.

Det er ikkje bra. Eg vert rett og slett dårleg av å lesa slikt. Det virkar som om det har blitt så mykje framandfrykt - og det skremmer meg. Det er skremmande fordi frykt ofte fører til hat. Det skremmer meg at folk som Donald Trump, Geert Wilders, Marine Le Pen og Sylvi Listhaug vinn fram med sine framandfiendtlege haldningar og fordummande politikk.

Kva er det som skjer? Kvar er det blitt av empatien? Kvar er det blitt av solidariteten med menneske som har flykta frå bomber, tortur og krig? Rasisme, løgner og stigmatisering av store folkegrupper er forkasteleg!

Det stemmer ikkje at flyktningane er unge skjeggete menn som kjem fløymande over grensene til Europa for å steina, halshogga, valdta og innføra sharialover. Flyktningar frå Syria kjem ikkje hit for å spre terror. Det er terror dei flyktar frå.

Det handlar om enkeltmenneske. For å forstå kva som skjer må ein prøva å setja seg inn i enkeltpersonar sin situasjon. Difor les eg bøker som handlar om menneske. Men eg les også bøker som gjer greie for historia, forhistoria og det internasjonale samfunnet sine aksjonar og reaksjonar. Eg les fordi eg ynskjer å forstå, fordi eg ynskjer å bli klokare. Eg er lei av urimelege påstandar og halvsanningar frå folk som tykkjer at islam og muslimar er rota til alt ondt. Eg les for å kunna møta muslimhets og rasisme med argument og fakta. Og eg tykkjer det er fint å lesa skjønnlitterære framstillingar av dei same problemstillingane som dokumentarbøkene fortel om.

(Dette vart ei lang innleiing. Som de skjønnar er dette noko som engasjerer og opprører meg.)


Flukten fra Syria av Linn Kongsli Hillestad
Gyldendal 2016
295 sider, lånt ebok eBokBib

Undertittelen er et land i ruiner. To presidenter. Tre familiers skjebner og boka fortel historia om tre unge syriske flyktningar som i dag er busette i Trondheim.

Parallellt med at forfattaren gir eit portrett av dei tre, trekker ho opp dei historiske linjene og bakgrunnen for konflikten i Syria.
Den arabiske våren i 2011 gjorde at syrarane augna eit håp om ei betre framtid. Men - det som starta med eit høgst forståeleg opprør mot det brutale Assad-regimet, skulle etter kvart føra til noko enno verre.
Terrororganisasjonen IS spreidde skrekk og frykt medan dei kontrollerte fleire og fleire område i landet. Uroa eskalerte, kampane vart hardare, brutaliteten større og livet i Syria vart uuthaldeleg for desse tre unge menneska.

Eg tykkjer Flukten fra Syria er ei god og viktig bok. Ho er skriven i eit lettfatteleg språk og i ein nøktern stil. Ho er ikkje så fengande som To søstre, men stilmessig har dei to bøkene mykje til felles. Ein kan sei at dei to bøkene utfyller kvarandre. Medan Hillestad i denne boka har mest fokus på dei som flykta frå krig og terror, handlar Seierstad si bok mest om dei som søkjer til Syria, for å kjempa for den Islamske Staten.



Dette livet eller det neste av Demian Vitanza
Aschehoug 2017
342 sider, lånt ebok eBokBib

Ei bok som gjorde sterkt inntrykk, særleg fordi ho går så nær inn på enkeltmenneske. Dette er ein dokumentarroman med ei tydeleg, direkte og truverdig stemme. Forteljaren er norskpakistanske "Tariq" som i dag sonar ei fengselsstraff for medverknad til terror og deltaking i aksjonar for IS og Nusrafronten. Boka er såleis eit einsidig partsinnlegg frå ein muleg terrorist - noko som tidvis gjer lesinga ubehageleg.

Det vert fortalt om oppveksten i Østfold, om ein familie som følte seg utanfor det norske samfunnet, om ungdomstid prega av rus og kriminalitet, om lengsel etter ei meining med livet - som han opplevde at han fann i religionen. Stadig strengare religiøsitet og radikalisering saman med sterke inntrykk frå media om det pågåande opprøret i Syria - samt barnsleg eventyrlyst - gjorde at Tariq og ein kamerat reiste avgarde. Sjølv hevdar Tariq at han reiste til Syria fyrst og fremst for å driva humanitært arbeid, men eg sit att med ei kjensle av at han ikkje fortel alt om si eiga rolle og eigne handlingar som jihadist.

Forfattaren har samtala med hovudpersonen i fengselet, og boka - romanen - har form som eit intervju der me berre ser svara, og ikkje spørsmåla. Lesaren må difor tenkja seg til kva som vert sagt mellom linjene, på ein måte. Det er svært spesielt, og eg mislikte akkurat dette forteljargrepet i starten av boka. Etter kvart vart eg vant til det - og konklusjonen min etter at eg har lest ut boka er at det er verknadsfullt og dyktig utført.
Denne boka skal eg ta med meg i vurderinga for nominering til neste års Bokbloggerpris.


Syria - En stor krig i en liten verden av Cecilie Hellestveit
Lydbokforlaget 2017 
Speletid 12:47, lest av forfattaren

Informativt, oversiktleg og lærerikt om bakgrunnen for og utviklinga av borgarkrigen i Syria. Forfattaren er statsvitar, jurist og Midtausten-ekspert - og eg er verkeleg imponert over kunnskapsnivået og formidlingsevna hennar.

Boka er delt i to: Syria i verden og Verden i Syria. Krigen i Syria er uhyre komplisert, så det er ikkje berre-berre å forklara det slik at folk forstår. Hellestveit gjer i denne boka greie for det storpolitiske spelet, det historiske bakteppet og viser konfliktlinjene i det som er ein ideologisk, religiøs og politisk krig.

I boka drøftar Hellestveit den rolla sosiale media har og har hatt i høve krigen og forklarar kvifor "den arabiske våren" fekk andre følgjer i Syria samanlikna med Libya, Tunisia og Egypt. Ho peikar på dei mange aktørane utanfrå, nokre av dei støttar ulike opprørsgrupper og terrorgrupper og andre støttar Assad-regimet og regjeringsstyrkane. Vidare er naboland og fleire andre land i regionen samt FN, EU og NATO involverte - på avstand og i ulik grad. Det problematiske forholdet til Israel, problemet med kurdarar og palestinarar og konfliktane mellom sjia og sunni er andre element i det som føregår. Ulike land har inngått avtalar og alliansar seg imellom på tvers av tidlegare avtalar, planar og konvensjonar. Dei skjøre alliansane og terrorbalansen mellom ulike statar er blitt endra slik at det heile har blitt enno meir komplisert. Klimatiske forhold, befolkningsvekst og tilgang til vatn og naturressursar er også ein del av biletet. At det internasjonale samfunnet, som t.d. FNs Tryggingsråd, aldri synte handlekraft medan konflikten var i oppstartsfasen står for meg som ein stor tragedie.

Mangel på samordning mellom motstandsgruppene er ei av forklaringane på at krigen er blitt så langvarig. Framandkrigarane har ikkje berre slutta seg til IS, men også til andre ulike opprørsgrupper. Syria er i det heile eit gigantisk lappeteppe når det gjeld religion, kultur og etnisitet. I dag er store deler av landet øydelagt, omlag 400.000 menneske har mista livet, sivilbefolkningen lir og flyktningstraumen har ingen ende. Og Bashar al-Assad, 2. generasjons diktator i Syria, er framleis president. Kva som skjer framover er ikkje lett å sei. Vegen til forhandlingsbordet er lang og vanskeleg i og med at vetomaktene i Tryggingsrådet støttar kvar si side i den pågåande krigen. Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen og FN-rådgjevar for Syria, er ikkje spesielt optimistisk. Det er ikkje Cecilie Hellestveit heller, men ho skisserer avslutningsvis i boka si nokre teoriar og tankar om løysingar.

Hellestveit har eit sakleg og "kjøleg" perspektiv på borgarkrigen i Syria. Ho fortel i liten grad om menneskelege lidingar og enkeltpersonar sine forteljingar; ho ser meir på dei store bileta og dei lange linjene. Men å få det heile presentert på ein slik usentimental måte gir faktisk like stort inntrykk. Lydboka fungerte fint for meg. Hellestveit les boka sjølv, i passe tempo og med tydeleg diksjon.
At boka etter kvart tok til å kjeda meg skuldast vel helst at eg ikkje klarde å halda konsentrasjonen oppe. Det er nemleg vel detaljert - og dessutan repeterande, og ein blir litt "mett" når ein får fakta gnidd inn på den måten. Likevel - dette er ein klar kandidat til Bokbloggerprisen 2017 - open klasse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar