29. desember 2017

Årsoppsummering og statistikk 2017

Det er tid for gjennomgang og oppsummering av bokåret 2017, og før eg går gjennom lesemål for dette året og planlegg for neste år må eg sjå på statistikken for i år.

Før me skriv 2018 kjem eg til å ha fullført lesinga av 104 bøker. Dette er 2 færre enn i 2016 og 6 færre enn årets målsetjing på 110.

Når eg samanliknar tal frå 2016 og 2017 ser eg at lesemønsteret mitt er omlag uendra. Eg har lest fleire krimbøker (+10) enn i fjor og færre andre romanar (-10). Talet på sakprosa er omlag det same.
Eg har fortsatt ein svært skeiv fordeling når det gjeld kjønn på forfattarar. Eg er meir bevisst på dette no, men eg les likevel mange fleire bøker av menn enn kvinner. Dette har vel samanheng med den "maskuline" lesesmaken min.

Årets beste leseopplevingar: 


Desse fekk terningkast 6 - og dei kan vanskeleg rangerast, ulike som dei er:
  • Vera Henriksen sine middelaldrerromanar med handling frå Lom - del 1 og del 2
  • C.J. Sansom si førebels siste i den historiske kriminalserien om Matthew Shardlake - Klagesang
  • Den fyrste boka i Arne Dahl sin nye krimserie - Utmarker
  • Avsluttande del av Edvard Hoem sin familiekrønike - Liv andre har levd

Andre gode bøker eg las i 2017 er sterke femmarar som:


Her er leseåret 2017 i tal:


Sjanger

- 59 krim-, thriller- og spenningsromanar
- 19 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar
- 22 sakprosa,
- av desse 8 biografiar
- 3 novellesamlingar
- 1 diktsamling

Format
- 34 papirbøker
- 30 ebøker
- 40 lydbøker

Alder
- 47 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2016
- 49 i 2017,
- av dei 31 norske
- Eg las berre 8 bøker utgitt før 2000.

Kjelder
- 69 av bøkene eg las var lånebøker; lånt privat, bibliotek og eBokBib
- 13 bøker via Storytel-abonnement
- 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar
- 9 har eg kjøpt sjølv

Forfattarar
Veldig variert dette året og 37 "nye" forfattarar. Det er eit tal eg er særs nøgd med.
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2017 var
- Vera Henriksen: 3 store verk, tilsaman 7 bøker
- Fred Vargas: 3
- Richard Herrmann: 3
- Åsne Seierstad: 2
- C.J. Sansom: 2
- Ann Cleeves: 2
- Elles 1 av kvar

Kjønn
- 74 bøker skrivne av menn
- 31 av kvinner
(1 bok har både mannlege og kvinnelege forfattarar)

Terningkast
- Terningkast 6: 5 bøker
- Terningkast 5: 31 bøker
- Terningkast 4: 47
- Terningkast 3: 16
- Terningkast 2: 4
- Terningkast 1: 1

Nasjonalitet
- 64 bøker skrivne av norske forfattarar
- 13 av britiske forfattarar
- 10 svenske
- 5 franske
- 4 amerikanske (dvs. frå USA)
- 3 danske
- 2 islandske
- 1 afghansk-amerikansk
- 1 sveitsisk
- 1 kanadisk

Elles:
- 6 av bøkene eg las var på over 600 sider
- Alle var på norsk
- Eg avbraut lesinga av 1 bok

Bloggen
- 86 blogginnlegg (17 fleire enn i fjor)
- 45 bokomtalar (11 fleire enn i fjor)
- 12 samleomtalar
- Mest leste blogginnlegg: Omtalen av Max, Mischa og Tetoffensiven

Eg har skrive om nesten alle bøkene eg las, omlag halvparten av dei i samleinnlegg. Dei desemberbøkene eg ikkje har omtalt enno skal eg skriva om på nyåret. Trur eg. Så då gjenstår berre tre uomtalte bøker - som får ein "mikrosamleomtale" nedanfor.

Oppsamlingsheat 2017


Catherine Blaavinge Bjørnevog - Um sakne springe blome
Norsk lyrikk, kortlista til bokbloggerprisen 2016 og framsnakka til dei grader av enkelte bokbloggarar. Dette er ei bok eg slett ikkje burde lest, for ho gav meg absolutt ingenting. Forfattaren nyttar sitt eige ubegripelege språk og for meg var dikta berre irriterande og uforståelege. Terningkast 1.

Knut Nærum (Red.) - Sommerkrim 2017
Ei samling med nyskrivne krimnoveller. Varierande kvalitet, men stort sett bra. Her bidreg forfattarar som Chris Tvedt, Monika Kristensen, Torkil Damhaug, Marit Reiersgård og Hans Olav Lahlum. Terningkast 4.

Khaled Hosseini - Og fjellene ga gjenlyd
Eg vart veldig betatt av Tusen strålende soler og Drageløperen frå same forfattar og hadde difor skyhøge forventningar. Dette er også ei svært bra bok og ei lærerik og fascinerande forteljing, men ho gjorde ikkje fullt så sterkt inntrykk som dei foregåande. Terningkast 4.


Ynskjer alle ei fortsatt god romjul og eit godt nytt leseår i 2018!

26. desember 2017

Bokomtale: Liv andre har levd av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13:01
Opplesar: Edvard Hoem
Kjelde: Kjøpt lydfil


Dette vert truleg årets siste bokomtale på denne bloggen - og det er hyggeleg då å kunna avslutta bokomtaleåret med det som for meg vart årets beste norske roman.

Liv andre har levd må også seiast å vera ei verdig avslutning av bokserien som starta med Slåttekar frå himmelen og heldt fram med Bror din på prærien og Land ingen har sett.
Samstundes har forfattaren fullført det han starta på med Heimlandet. Barndom som handla om hans eiga oppvekst og Mors og fars historie som omhandla forfattaren sine foreldre. Eg har også lyst til å nemna den vesle boka Jordmor på jorda som på ein måte er ein prolog til "Slåttekar-kvartetten". Den handlar om Knut Nesje (slåttekaren/oldefaren) si mor og dermed forfattaren si tippoldemor.

I desse "Hvem tror du at du er-tider" er det mange som har fatta interesse for slektsgransking og familiehistorie. Hoem-slekta er så heldig at dei har ein dyktig forfattar mellom seg - ein som kan gi liv og sjel til forfedrane og formødrene - og ikkje berre tørre dokument, namn og årstal. Dei fleste av oss nordmenn har vel ein del fjerne slektningar i Amerika. Slik er det også med meg, men eg har ærleg talt ikkje noko interesse i å ha/ta kontakt med dei. Men takka vere Edvard Hoem sine skildringar av Eilert sitt liv over there har eg tenkt mykje på dei i slekta mi som utvandra den gongen for mange år sidan. Var det like strevsamt og vanskeleg for dei? Vart dei jamnleg råka av tungsinn og melankoli? Ga dei etter kvart slepp på det norske og tilpassa seg det nye samfunnet dei var blitt ein del av? Eg trur ein kan svara ja på dei spørsmåla.

Forteljinga om Knut Nesje og etterkommarane hans er såleis ein familiekrønike som er allmenngyldig og gjenkjenneleg. Her ligg noko av styrken i desse bøkene: Hoem fortel om sin eigen familie samstundes som han fortel om "alle andre". Alle finn noko dei kjenner att eller har høyrt om i det han skriv. Og som forlaget formulerer det i sin presentasjon av boka: "Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?" Dette er tankar me alle kan reflektera over.

Hovudpersonane er framleis brørne Eilert og Anton Edvard, to av sønene til slåttekaren. Anton Edvard er han som mot sin vilje måtte flytta heimefrå 7 år gammal og som var forfattaren sin bestefar. Liv andre har levd startar med at Eilert vitjar gamlelandet. Han er blitt enkemann og er tynga av sorg og sakn. Årstalet er 1927 og det har gått 34 år sidan han utvandra. Foreldra, slåttekaren Knut og kona Serianna, har også gått bort, og gjensynet med søsken og andre slektningar fyller Eilert med blanda kjensler. Nevøen Lars Hoem, Anton Edvard sin 16 år gamle son, vert med Eilert tilbake til Canada. Ein forstår at alt ikkje er som det skal vera med Lars, han er både uroleg og tungsindig. Foreldra håpar at reisa skal gjera han godt, men slik skal det ikkje gå. Lars sin lagnad er noko av det som gjer sterkast inntrykk i denne boka.

Livet på Albertaprærien er på ingen måte nokon dans på roser. Det er økonomiske nedgangstider og Eilert har åleineansvar for åtte born, mellom dei ei dotter som har downs. Det er ein hard kamp for å overleva som farmar sidan han får vanskar med å betala inn gjelda si i tillegg til skattar og avgifter. Og enno verre skal det bli. Utover på 1930-talet vert regionen stadig utsett for øydeleggjande naturtilhøve og avlingssvikt. Det handlar om tørke, kulde, stormar og grashoppesvermar - og dermed lite utkomme. Men Eilert står oppreist. Han MÅ stå oppreist og livet MÅ gå vidare. Han skriv lange utgreiande brev til departementet og finn trøyst i Bibelen og kristent arbeid - og dessutan finn han kjærleiken på nytt.

Som i dei foregåande bøkene vekslar det fint mellom Eilert og familien sitt liv i Canada og det som Anton Edvard, Beret Anna og deira etterkommarar opplever. Hoem fortel om korleis konjunkturar, krig og storpolitikk rundt omkring i verda verkar inn på kvardagslivet til folka "våre". Etter kvart vert borna vaksne og fleire av dei stiftar eigne familiar - slik at det vert ganske folksamt i denne boka til slutt. Enkelte får me bli godt kjende med og andre vert nemnde ganske kort. Slik må det berre bli; forfattaren kan ikkje gå like djupt inn i alle hendingar og livshistoriar. Me får fleire glimt av Edvard Hoem sjølv som eit lite barn, og dermed er då ringen slutta; noko av handlinga her overlappar romanen Heimlandet. Barndom.

Boka er godt komponert og har eit flytande og enkelt språk. Det er lite utbroderingar, men vert av og til vel pompøst. For ein forfattar av Edvard Hoem sitt kaliber er det akseptabelt, tenkjer eg. Dei siste kapitla i denne boka er meir refererande og oppramsande, men det vert aldri likesælt eller lettvint. Liv andre har levd har dessutan tidvis meir dokumentarpreg enn dei par fyrste bøkene. Det er naturleg; me befinn oss nærare vår eiga tid og dermed lettare tilgang til dokumentasjon. For Slåttekar i himmelen var det annleis; Det fantest svært lite skriftlege kjelder som omhandla Knut Nesje, og oldebarnet måtte difor "dikta han fram", som han seier. Enkelte familehistoriar og -hendingar har sikkert blitt fortalt rundt kjøkkenbordet i barndomsheimen, men ikkje alt kunne snakkast om; det vart t.d. truleg aldri fortalt om onkelen Lars sin alvorlege psykiske sjukdom.

Forfattaren må ha lagt ned mykje arbeid med research før han tok fatt på skrivinga av denne serien. Han har reist, snakka med folk, studert kyrkjebøker og gravstader, dokument og brev. Han har sett seg inn i tidlegare tiders jordbruksreidskapar og arbeidsmetodar, matkultur, skikkar og andre tradisjonar, samt det som no i dag heiter kommunikasjonsmåtar og infrastruktur. Edvard Hoem er ein strålande forteljar og han har ei stødig hand over det omfattande persongalleriet. Viktigast av alt er at han handsamar absolutt alle med forståing og respekt.

Dette er røyndomslitteratur av beste slag og eg anbefalar desse bøkene så varmt eg kan. Ved å velja lydbok kan ein lytta til Edvard Hoem si behagelege stemme og høyra boka slik ho er meint å bli lesen.
Liv andre har levd er lærerik og stemningsfull, rørande kvardagsleg, men også dramatisk og høgtideleg. Eg tykkjer det blir vel mykje bibelsitat og salmesitat innimellom, men skjønnar også at det må vera slik. For denne familien har kristendommen vore særs viktig - og trua må ha vore sjølve bærebjelken i livet til både Eilert og Anton Edvard. At Eilert mot slutten av livet tok til å tvila på Gud må ha vore vondt for han. Men etter det eg kan forstå fann han til slutt fred med Vårherre.

Eilert vart ein gammal mann og var heime i Noreg på vitjing for siste gong på slutten av 1950-talet, då forfattaren var gutunge. Grandonkelen gjorde inntrykk på unge Hoem då han og søskena hans fekk kvar sin tikroneseddel, ei heilt ufatteleg gåve den gongen.

Andre bloggmeiningar: Førebels berre Kleppanrova og Rose-Marie det eg kan sjå, men eg vonar at riktig mange, både bokbloggarar og andre, set opp Liv andre har levd på leseplanen sin for det kommande året. Eg vil tru at boka har lege under mange juletre i år.

22. desember 2017

GOD JUL

Eg les Kjell Aukrust sine julehistoriar - og er omsider kommen i julestemning. Lydboka Vinter og jul med Kjell Aukrust er samansett av tekstar frå 'Je og'n Solan', 'Ludvigs jul' og 'Gurin med reverompa'. Opplesar er Toralv Maurstad, han som var Ludvig si stemme i Flåklypa-filmen.

I Aukrust si verd er det godt å vera: Her er enkle gleder, hjertevarme og lun humor. Her er nostalgi utan sentimentalitet. Her er Solan Gundersen med friske innfall og ståpåvilje og Ludvig med melankoli og undring. Her er Gurin og her er Simen, Bonden og Bror min.

I boka finn ein den vesle historia Adventslys:
En kveld vi brente adventslys med en ørliten "Løiten" attåt, kom Solan rent i stemning. Han satt fóra opp med puter og nådde glaset over bordkanten. 
- Sjuogtredve mil nordover, litt øst og oppover, akkurat der månen går opp i Bellingmoskaret,- akkurat der, så Solan for seg ei lita julefortelling, bare han knepte att aua: 
- Kveldstill' og nedsnødd gard, blafrende gardslampe med snøfjon i lyskjegla, og svart katte på kalde poter mot gangdøra og ovnskroken - 
Solan ruget på en ting tel. 
- Det er nå ingenting i verden som arbeider så stille som et talj-lys lell, sa'n. 
Han var inne på noe der. Holdt vi pusten begge to, sto flammen urørlig og rett til værs. Men ellers var den vár for andedrag og dørtrekk... 
Vi var begge enige om det.



Med dette ynskjer eg alle blogglesarar, bokormar og lesehestar ei riktig god jul!

15. desember 2017

Biolesesirkel: Stein Østbø om Ronni Le Tekrø

Då kategorien "hårete" vart lansert som kategori i Moshonista sin biolesesirkel, var min fyrste tanke å lesa/skriva om ein av desse gamle, hårete og skjeggete polarfararane. Eg har nemleg hatt stor glede av å lesa om polarhistorie i samband med biosirkelen. No fann eg imidlertid ingen polarbio'ar som kunne høva og eg måtte tenkja nytt - og hamna såleis innan eit anna tema som eg tykkjer er interessant; musikk.

Nærare bestemt puddelrock - eller hair metal, beslekta med både powerpopglam-metal, heavy metal og glamrock. Puddelrocken var særleg populær på 1980-talet, då moten for både menn og kvinner var masse, høgt, krøllete og gjerne tupert hår. Me som var unge den gongen kan hugsa tilbake til den tida der ein jamnleg/ofte tok permanent og gjerne brukte opp ein heil boks hårspray når ein skulle på fest.. I dag ser slike hårsveisar heilt idiotisk/harry ut, men den gongen var det skikkeleg stilig!

Puddelrock er melodiøs rock, ofte med fengande refreng og røffe gitarriff. Dei smaklause videoane ein laga på den tida er heldisvis utdaterte på alle måtar, men er ein del av "rockekulturen" og tidsbiletet. Eg elskar denne musikken og blir nostalgisk og i godt humør når eg høyrer på 80-tals hits frå band som er typiske innan sjangeren: Bon Jovi, Def Leppard, Whitesnake, Cinderella, Dokken, Skid Row og Mötley Crüe - samt svenske Europe og norske Stage Dolls og TNT.

Og - no nærmar eg meg poenget her; i samband med biorunden har eg lest om TNT sin frontfigur og gitarist Ronnie Le Tekrø. Eg fann boka på Storytel og ho er ikkje spesielt ny; ho vart skriven i 2007 og kom ut på lyd i 2016. Forfattaren Stein Østbø er mest kjend som musikkanmeldar i VG. Han har også skrive ei bok om Bruce Springsteen og ei om Elias Akselsen.


Hekta. Ronni Le Tekrø - Et liv i rock
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:03

Opplesar Bjørn Eivind Aasland
Lydbok Storytel

Rolf Ågrim Tekrø heiter han egentleg, og dette er historia om vegen frå guterommet til internasjonalt kjende konsertscener. Det er også historia om TNT, Noreg sitt største tungrockband gjennom tidene. Og det er ei stadfesting av at mytene om sex, drugs & rock'n'roll har ein del sanning i seg. Eg tykkjer bakgrunnsstoffet er fascinerande og at Ronni Le Tekrø er ein sympatisk kar og ein fantastisk gitarist, men denne boka er ikkje særleg god.

Østbø hoppar att og fram i tid og vil gjerne fortelja alt på ein gong. Eg tykkjer det er usystematisk og forvirrande at det verken vert fortalt kronologisk eller tematisk. Boka inneheld gjentakingar og oppramsingar, noko som gjer lesinga/lyttinga treg og kjedeleg. Dessutan er det lite nytt. Både konfliktane med Tony Harnell, samarbeidet med Terje Rypdal og Tekrø sin eigen hasjbruk - alt dette er kjent frå tidlegare. At han har fem barn med tre ulike kvinner visste eg ikkje frå før, men det er ærleg talt heller ikkje så interessant.

Å lesa om barndommen og oppveksten hans er derimot litt interessant. Ronni var eit barn som gjerne vart hekta på ting, og då han fekk gitar som 12-åring sat han inne og øvde, øvde og øvde. Han var "fødd med eit rockeimage" og hadde eit stort talent - og berre 14 år gammal starta han eige band. Han vart oppdaga av Morten "Diesel" Dahl og Dag Ingebriktsen i samband med eit nytt rockeprosjekt i 1982 - og resten er historie, som det heiter.

Dersom du vil lesa om TNT og Ronni Le Tekrø - bruk heller Google og Youtube - då finn du det meste, både gammalt og nyare stoff. Du finn t.d. bilete som tyder på at Ronni er like langhåra den dag i dag. Og i motsetnad til dei fleste andre mannfolk på 50+, kler han å vera såpass hårete. I alle fall; denne boka kan du glatt hoppa over.  Terningkast 2.

Hårete ja! Coveret på det mest kjende TNT-albumet; Tell no tales frå 1987.
Plata fekk Spellemannprisen og inneheld m.a. superhiten 10000 Lovers (in one).
Frå venstre: Morten "Diesel" Dahl, Tony Harnell, Ronnie Le Tekrø og Morty "Black" Skaget.

12. desember 2017

Bokomtale: Nøkken av Nathan Hill

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 23:48
Opplesar: Kim Haugen

Då eg nyleg avslutta lyttinga av Nøkken var eg fyrst og fremst nøgd med å endeleg vera ferdig med ein slik mastodont, men eg har hatt ei på alle måtar stor leseoppleving.

Eg innrømmer at eg var skeptisk i utgangspunktet; det er eg ofte til bøker som vert hypa slik som denne vart då ho kom ut. Eg var også skeptisk/negativ til lengden; papirboka har 686 sider og lydboka varer i nesten 24 timar. For å vera sikker på at eg ikkje "kasta vekk tid" las eg ein del om boka på førehand. Kunne Nøkken passa ein lesar som meg? Etter det eg las av omtalar fann eg ut at eg ville gi boka ein sjanse - og det er eg glad for. Etter mi meining er ho er både morosam, tankevekkjande, satirisk og rørande.

Sentralt i handlinga er Samuel Andresen-Anderson (sic). Han er i tredve-åra, professor i litteratur, mislykka forfattar og lever eit heller meiningslaust liv nesten utan sosial omgang. Han hatar jobben, foraktar studentane sine og koblar av med dataspel. Mor hans, Faye, forlot han og faren då Samuel var barn og dette har han aldri fått nokon forklaring på. Han er sterkt prega av dette som han ser på dette som eit svik.

Det skal gå nesten tjue år før han høyrer noko om mor si igjen. Då havnar ho plutseleg i alle kanalar fordi ho har kasta småstein på den kommande (Donald Trump-liknande) republikanske presidentkandidaten. Saka vekkjer stor merksemd og Faye vert kalla "pensjonistterroristen" og det vert hevda at ho har ei fortid som yrkesdemonstrant og prostituert. Samstundes vert Samuel sett under press frå forleggaren sin. Han har aldri levert inn manus til ein roman som han har fått forskotsbetalt. I dette høvet får Samuel det for seg at han skal skriva ei bok om Faye sitt liv og bakgrunn. Han kan nemleg ikkje kjenna igjen det mediaskapte biletet av mora - og bestemmer seg for å grava djupt i familiehistoria for å finna fram til sanninga. Noko av forklaringa på mora sine handlingar er å finna tilbake tid; i 1968 då Faye var ein del av det radikale studentmiljøet i Chicago.

Dette er noko av bakgrunnen for denne forteljinga - men boka har mange handlingstrådar. Ein får kjennskap til politiske utfordringar og samfunnsmessige endringar, ein får barne- og ungdomsskildringar, mellommenneskelege relasjonar, generasjonsmotsetningar, vittige hendingar og originale karakterar. Her er beisk humor, sår lengsel og varm nostalgi. Her kan ein lesa om vonde barndomsopplevingar, pinlege situasjonar og overraskande vendingar. Her er store tankar, umulege draumar, ung kjærleik og brotne lovnader. Ein finn ganske tydeleg media- og samfunnskritikk i boka; forfattaren set m.a. søkelys på dagens nyhendesamfunn, det amerikanske utdanningssystemet og USA sin involvering i krigar og militære aksjonar.

Nøkken er naturlegvis altfor lang, men eg likte boka likevel. Forfattaren skal ha brukt ti år på skrivinga, og han har ikkje brukt tida på å skjera vekk stoff, for å sei det slik. Forteljinga er på ingen måte effektiv og har mange lag, sidespor og digresjonar. Det kan opplevast som irriterande at det går så utruleg lang tid før ein kjem fram til "løysinga", men på den andre sida er det alle desse sidespranga og krumspringa som gjer boka særleg fengande. Me får t.d. høyra om Samuel sin bestefar som kom frå Nord-Noreg. I denne settingen vert det norske svært så eksotisk og spesielt - og her er også forklaringa på Samuel sitt uvanlege dobbelt-etternamn.

Nøkken er ein roman der det meste blir sett på med skråblikk. Boka er fyrst og fremst underhaldande, men bak alt det tragikomiske og absurde finn ein mykje alvor. Det er svært detaljrikt, handlingsrikt og ordrikt. Handlingane går i ring, hoppar frå det eine tidsplanet til det andre og vert sett på frå ulike perspektiv.

Særleg i starten var det uklart kva som er meininga med alle bihistoriane; forfattaren berre pøser på med den eine absurde historia etter den andre og presenterer den eine sprø karakteren etter den andre. Etter kvart vert biletet klårare og dei ulike historiane og forteljarstemmene vert fletta saman slik at det heile vert logisk og forståeleg for lesaren.

Eg anbefalar lydboka. Kim Haugen gjer ein formidabel innsats som formidlar av alle dei meir eller mindre dramatiske hendingane. Han får fram humoren og satiren på ein overbevisande måte.

Andre bloggmeiningar:
Den andre Berit, Rose-Marie, Tine sin blogg, Kleppanrova

6. desember 2017

Førjulslesing: Britisk krim

Tre ulike kriminalromanar med handling frå tre forskjellige stader i Storbrittania. Det dei har felles er stemningsfulle skildringar av landskap, natur og miljø samt at interessante historiske fakta er lagt inn som er ein del av handlinga. I desse tre bøkene er me langt frå det urbane og støyande storbymiljøet.


Ildbarnet av S.K. Tremayne
Lydbokforlaget 2017
Speletid 10:18, lånt på biblioteket

Innleiingskapittelet i denne boka minner mest om noko som Victoria Holt kunne ha skrive då ho var aktiv. Eg las massevis av Holt-bøker i ungdommen, men har forlengst "vokst frå" slik litteratur - så fyrsteinntrykket av Ildbarnet var.. sånn passe.
Her møter ein Rachel, ei ung kvinne som nettopp har gifta seg med den rike enkemannen David etter kort tids bekjentskap. David har eit digert gammalt hus, eit vakkert men litt merkeleg barn og ei gammal skrullete mor. Han har også eit travelt og aktivt yrkesliv i London medan Rachel er stuck på herregården utan å ha noko fornuftig å ta seg til.

Eg likar ikkje det dameromanaktige og det overnaturlege i denne boka, men overraskande nok går forteljinga seg til; det er ein stigande spenningskurve og det vert ganske så intenst mot slutten. Etter ei tid oppdagar Rachel merkelege, mystiske og skremmande ting - og mykje av dette har å gjera med at David si tidlegare kone døydde under uklare omstendigheiter. Ho skal ha falle ned i ei gruvesjakt, men kroppen hennar vart aldri funnen. Stesonen Jamie er "synsk" - eller er i ferd med å bli alvorleg psykisk sjuk - og ein byrjar etter kvart å lura på kva David held skjult for Rachel. Det viser seg at også Rachel har grunnar til å halda visse ting frå sin bakgrunn hemmeleg.

Det eg likar best med boka er sjølve bakgrunnskulissane; grevskapet Cornwall med sitt særeigne landskap og den korniske kulturen med sine eigne tradisjonar. I dette distriktet finst rike naturressursar og massevis av gamle gruvegangar, undersjøiske gruvesjakter, samt skumle ruinar og mystiske herregardar. Utvinning av tinn og kopar byrja i Cornwall alt i forhistorisk tid og gruvedrift er såleis ein vesentleg del av historia i området. I forordet gjer forfattaren greie for litt av den korniske bergverkshistoria - og det er veldig interessant å lesa om.

Ildbarnet er ikkje nokon ekstraordinær thriller, men er grei nok om ein klarar å sjå vekk frå logiske bristar og dei deler av handlinga som er irriterande og usannsynlege. Terningkast 4-.


Blått lyn av Ann Cleeves
Vigmostad & Bjørke 2011
320 sider, lånt på biblioteket

Bok nummer fire i Shetlandserien har handling frå den fascinerande øya Fair Isle. Øya høyrer til Skottland og ligg midt mellom Orknøyane og Shetland. Fair Isle og er også heimstaden til Jimmy Perez, krimhelten i denne serien. I Blått lyn tek han med seg kjæresten Fran til øya slik at ho kan få helsa på foreldra hans og dessutan få oppleva det unike landskapet der.

Besøket på øya vert ikkje berre familiehygge då det skjer eit mord på den lokale fuglestasjonen. Talet på mistenkte er svært begrensa, men det vert likevel utfordrande for Perez å etterforska saka. Det skuldast isolasjon pga. vind og uver og at folk ikkje fortel det dei veit. Etter kvart skjønnar Perez at til og med hans eigen far held tilbake fakta som har betydning for etterforskinga.

Eg likar denne serien, spesielt likar eg skildringa av den spesielle naturen og omgjevnadene. Øya Fair Isle har sine særeigne kulturtradisjonar, ein særprega natur, eit rikt fugleliv og ei interessant historie - og alt det vert fletta elegant inn i boka. Forteljinga er noko saktegåande, men Cleeves skriv godt. Avslutninga av Blått lyn er overraskande - ja, faktisk ganske sjokkerande - og eg veit ikkje om eg likar akkurat det. Truleg har forfattaren ei meining med å gjera det så brutalt. Eg trudde (feilaktig) at dette var siste og avsluttande del av Shetlandserien, men det finst enno to bøker. Heldigvis. Terningkast 4+.



Svarthuset av Peter May
Goliat 2017
436 sider, kjøpt pocket

Me skal halda oss på dei skotske øyane; Svarthuset har handling frå Isle of Lewis i Ytre Hebridene. Dette er også ein stad med rike tradisjonar og eldgamle kulturminner - og me befinn oss verkeleg i utkanten av storsamfunnet her. Men samanlikna med bittelille Fair Isle (i Ann Cleeves sin roman) er Lewis ei kjempeøy.

Dette er fyrste bok i ein trilogi - og la det vera sagt med ein gong; dette lovar bra. Forteljinga er stemningsfull og tok tak i meg umiddelbart; protagonisten er sympatisk, mordetterforskinga er interessant og handlinga er fengande. Miljøet er spesielt og karakterane er truverdige og ekte.

Handlinga i Svarthuset går føre seg på fleire tidsplan og boka er like mykje ei oppvekstskildring som ein kriminalroman. Det handlar om at etterforskaren Fin Macleod vert beordra til Lewis i samband med eit bestialsk mord. Drapet ser ut til å ha same modus operandi som ei tidlegare drapssak og Fin må finna ut om dette stemmer. Fin er sjølv oppvaksen på Lewis og gjensyn med stader og personar frå fortida gjer at etterforskinga også vert ei reise tilbake til den vanskelege barne- og ungdomstida hans. Fin er i djup sorg etter å ha blitt råka av ein stor tragedie, og me får gradvis kjennskap til at han har opplevd litt av kvart tidlegare i livet óg. Ein forstår at alle negative opplevingar, den strenge og mørke religiøse oppdragelsen, den gæliske kulturarven samt det ville og vakre landskapet har prega livet hans. Parallelt med ei krevjande etterforsking må Fin ta stilling til kor han vil vidare i livet sitt.

Sentralt i handlinga er ein heilt spesiell og eldgammal jakttradisjon på Hebridene; fangst av havsuler. På ei klippeøy langt ute i havet har ein sidan 1500-talet drive med gugajakt (guga er havsule på gælisk). Denne jakta har fyrst og fremst vore for matauken sin del, men har også vore ein slags manndomsprøve. May skildrar denne tradisjonen på ein svært levande måte.

Svarthuset er ein velskriven og mollstemt kriminalroman som omsider har fått ei viss merksemd også her i landet. Eg ser verkeleg fram til å lesa dei neste to bøkene. Terningkast 5.



2. desember 2017

Bokomtale: Lasaruseffekten av Tom Egeland

Aschehoug 2017
548 sider

Papirbok lånt privat

Tom Egeland er den fremste me har her i landet innan det som kan kallast kodekrim. Bøkene om Bjørn Beltø vert ofte samanlikna med Dan Brown sine spenningsromanar om Robert Langdon, og det er forståeleg. Tematikken er ofte lik og dei les nok gjerne dei same bøkene og brukar ofte dei same kjeldene. Det var spesielt tydeleg med DaVinci-koden og Sirkelens ende der handlinga baserer seg på nøyaktig dei same teoriane og hypotesane. Men medan DaVinci-koden er ei heseblesande og sprudlande spenningsforteljing er Sirkelens ende lågmælt og saktegåande. Dei påfølgjande bøkene om Bjørn Beltø har eit høgare tempo.

Som Robert Langdon er Bjørn Beltø skarpare enn dei fleste og får stadig nye oppdrag når det gjeld å finna gamle gjenstandar og mystiske dokument. Medan Langdon er ein superheltfigur; ein slags krysning av James Bond, Indiana Jones og MacGyver, brukar Beltø mest sine små grå - samt flaks - når han skal løysa innfløkte saker. Men han glimtar til med litt actiontakter innimellom.

Bjørn Beltø sitt fremste kjenneteikn er at han er bleik - bokstaveleg talt. Han er albino, noko som gjer det vanskeleg for han å stikka seg vekk. Dernest er han klossete og naiv og nokså ironisk. Han er ein nerdete og lettare nevrotisk arkeolog med sans for kodeknekking, oldtidshistorie og gamle manuskript. Slett ingen tradisjonell superhelt - men ein svært sjarmerande krimhelt.

I denne sjuande boka i serien får han i oppdrag å finna De dødes bok; eit eldgammalt manuskript av babylonsk og egyptisk opphav. Oppdragsgjevaren er villig til å betala godt for opplysningar om denne boka. Han er ikkje er den einaste som er ute etter manuskriptet - og det viser seg ganske snart at enkelte gjer kva som helst for å hindra at De dødes bok vert funnen. Etter kvart vert det heile ganske så internasjonalt; Bjørn Beltø reiser fram og tilbake mellom Europa og USA og kjem borti både Big Pharma, amerikansk etterretningsteneste, hemmelege jødiske arkiv og skumle katolske brorskap. Her er altså mykje snadder for einkvar konspirasjonsteoretikar.

Tittelen Lasaruseffekten viser til bibelforteljinga om då Jesus vekte opp Lasarus frå dei døde. I denne boka handlar det ikkje akkurat om gjenoppliving, men om sjelevandring. Det vert vist til at forsking skal ha vist at kroppen til eit menneske vert bittelitt lettare etter døden, noko som kan forklarast med at sjelen forlet kroppen i det øyeblikket ein døyr. (Dette er også tema i Søvnen og døden av A.J. Kazinski) 
Kvar vert i såfall denne sjelen av? Svevande avgarde i det uendelege - eller kanskje den finn seg ein ny kropp? Fleire religionar og somme alternativarar trur jo faktisk på reinkarnasjon - og i denne boka vert det fortalt om medisinske forskarar som er i ferd med å gjera eksperiment som gjeld akkurat dette.

Boka er godt komponert med tanke på spenningsoppbygging og driv; det virkar som om Egeland har lært av Dan Brown at mange korte kapittel og cliffhangers er effektfullt.
Men - det er eit men.
Det er for mange og lange innslag av faktaopplysningar og informasjon. Eg føler at alle desse "forelesningane" går ut over framdrifta i forteljinga. Sidan det ikkje er så enkelt for ein forfattar å kutta ut stoff som ein har jobba hardt for å få tak i, burde kanskje ein redaktør ha sett ei grense for kva som er relevant å ta med i ei bok som dette?

Tidvis er Lasaruseffekten både interessant, fornøyeleg og underhaldande. Men sidan eg verken trur på noko gudommeleg eller på at sjelen lever vidare etter at me døyr, tykkjer eg mykje av handlingane i Lasaruseffekten er vel fantasifulle og nokså underlege - så eg datt litt av lasset undervegs. Eg er heller ikkje særleg begeistra for den uklare avslutninga. Det kan ikkje bli toppkarakter på Egeland og Beltø denne gongen.

Det må nemnast at den fysiske boka er uvanleg pen. Omslaget er kunstferdig og forseggjort, boka har tydelege avsnitt, fine illustrasjonar og det er brukt forskjellige fontar på ulike tekstar og forteljarstemmer. Det er ikkje så ofte ein kriminalroman vert så påkosta som denne må ha blitt. Så: Då er det litt dumt at det finst korrekturfeil. Eg tenkjer dette er heilt feil bruk av ressursar; forlaget burde ha spara på bokdesignutgiftene og heller lagt meir arbeid i korrekturlesing.